Høyringssvar frå Olav Haugen
Haugen Pelsdyrgard i Lærdal har siden starten av 50-talet vore levebrødet til tre generasjonar.
Då me fekk staten si støtte til å fortsette drifta i 2017 bestemde me oss for å auke produksjonen til maksimum kapasitet på anlegget. Det var her me skulle hente levebrødet vårt i framtida, og anlegget skulle være rusta for at den fjerde generasjonen ein dag skulle kunne drive pelsdyroppdrett.
I januar 2018 sparka regjeringa føtene under familien, og me sto då på bar bakke. Regjeringa har sidan då kome med forskjellige komiske forslag til oppgjør, som ikkje har vore i nærleiken av det ein kan kalle anstendig.
Det einaste rette er ein erstatning beregna på samme måten som om staten skulle ekspropriere minkfarmen. Staten sette verdien på vår eigendom til kr 0. Ein takst gjort i 2019 viste at teknisk verdi var 14,5 millionar kr.
Erstatninga skal være friteken skatt, då desse pengane alt er betalt skatt på.
Dei oppdrettarane som hadde brot i drifta av diverse årsaker (td.sjukdom,utdanning osv.) skal og vera berettiga erstatning på lik linje med andre som hadde godkjende anlegg i januar 2018. Det må og takast høgde for alternative driftsformer.