🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til endring av lov om forbud mot hold av pelsdyr

Rogaland Pelsdyrlag

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Landbruks- og matdepartementet

Høringssvar til forslag til endring i lov 21. juni 2019 nr. 63 om forbud mot hold av pelsdyr

Vi i Rogaland pelsdyrlag ønskjer med dette å gi eit høyringssvar på ekspropriasjon til pelsdyrbøndene.

Rogaland pelsdyralslag er landets største lag og har stått for ca. 70 prosent av all minkproduksjon i landet. I 2018 var det 96 medlem. All hovudsak av produksjonen i Rogaland er mink, men det er også nokre få reveprodusentar. I Rogaland har vi eit eige fôrlag i Sirevåg som har forsynt bøndene med fôr. Totalt volum som gjekk ut frå Sirevåg var årleg mellom 25 000 og 28 000 tonn. Fôrlaget er eigd av bøndene og sysselsette ca. 20 personar. Fôraget sto for ei vesentleg verdiauking for biprodukt frå slakteriet og fiskeindustrien i området.

I 3 år har norske pelsdyrbønder gått i uvisse og ikkje visst kva økonomiske framtid dei vert sittande igjen med når Staten forbyr vår lovlege næring.

Sidan tidleg januar 2018 har vi kome med eksempel på konsekvensar på kva staten sitt tilbod om kompensasjon vil bety for norske pelsdyrbønder. Men staten har ikkje teke det innover seg og sørga for at norske pelsdyrbønder kjem skadelause frå forbodet. Staten har prøvd mange gonger å leggje fram forslag, men vi har gong på gong påpeikt at forslaga vil gi store, urimelege utslag. Rogaland er landets største pelsdyrfylke, med fleire aktive oppdrettarar enn noko anna fylke. Mange av våre bønder har allereie avvikla verksemda. Dei har gjort seg viktige erfaringar med dagens kompensasjonsordning, og som vi krev blir teke omsyn til når ny lov skal utformast:

Pelsdyrbønder som av tilfeldige årsaker ikkje hadde dyr den 15. januar 2018 fell fullstendig, og heilt urimeleg, utanfor ordninga .

I Rogaland er det eksempel på bønder med nye pelsdyranlegg som har blitt driven av forpaktar av garden, men som slutta av hausten 2017 og dermed sto pelsdyrgarden tom i januar 2018. Anlegget var bygd opp for å gi garden tilstrekkeleg økonomisk grunnlag for fulltidsjobb, men forpaktaren av garden avslutta minkproduksjonen så denne pelsdyrgarden fell heilt ut av ordninga.

Vi har også bønder som etter lovnaden om bærekraftig utvikling avliva alle avlsdyra sine og som ville lære meir om avl og optimalisere drifta si. Dei gjekk då inn samarbeid med ein god kollega for å lære minkproduksjon godt og dreiv då etter planen med det ein kallar Sommarfarm. Det går ut på at farmen sto tom på vinteren og dyra kom tilbake i april til kvalping. Det førte då til at farmen sto tom på telletidspunktet, men var full i april-mai og vidare av året. Dei er då følgeleg ikkje rettkomen kompensasjon sidan farmen var tom når dei hospiterte hos ein kollega for å auke kunnskapen om pelsdyr.

Bønder som i utgangspunktet har like takstverdiar kan få heilt ulik kompensasjon på grunn av tilfeldige forskjellar i dyretal i 2017, som dannar grunnlaget for kompensasjon.

Det er eksempel på at ein gard har redusert tal dyr per bur for dermed gi dyra betre plass enn det lovverket krev. Dei vil slik som lovverket ligg i dag bli taparen økonomisk i forhold til den bonden som følger lova.

Det er også bønder som har på det tilfeldig valde året hatt lite dyr på telletidspunktet fordi dei venta på å få nye avlsdyr levert frå Danmark for å tilføre garden nytt blod. Dyra kjem då inn ferdig drektige og klar til kvaping, ca. 20. april noko som då betyr at dei ikkje blir med i teljinga i januar.

Eigarar av anlegg som er leigd ut til andre er ikkje tilgodesett med ei einaste krone, til tross for at det nettopp er desse bøndene som har betalt anlegga.

Paragraf 3. Grunnvilkår for rett til kompensasjon står følgjande: Kompensasjon etter denne forskrifta ytes til pelsdyroppdrettarar som halde pelsdyr for pelsdyrproduksjon 15. januar 2018. Det vil seie at ein må fysisk ha hatt pelsdyr for å kunne søke om kompensasjon. Noko det berre er leigetakar som har og ikkje utleigar av anlegget, det gjer at all kompensasjon fell på leigetakar og eigar/byggar av anlegget ikkje får noko økonomisk kompensasjon.

Bønder som har søkt og fått tildelt midlar etter den gamle ordninga har fått liva sine på hold og vert påført store tap fordi ventetida er vorte så lang. Mange ser seg nøydd å bruke midla de har fått for å betale for livsopphold og faste kostnader i påvente av den nye ordninga.

Det er fleire eksempel der pelsdyrbønder har avvikla dyreholdet og har konkrete planer for ny drift på garden, men sidan nyetableringa skal skje der pelsdyrhusa står og det er ikkje moglegheit for å rive anlegget før endeleg takst og økonomisk kompensasjon er klar, kjem dei ikkje i gang med omstilling til ny drift. Dei har nå venta i 2 år på å få oversikt på korleis økonomien på bruket vil bli når den endelege ordninga er klar slik at dei kan gå i gang. Det tærer både på psyken og økonomien å stå i ein slik situasjon.

Bønder som har klare omstillingsplanar, får ikkje tak i omstillingsmidlar fordi vilkåra er så snevre.

Det er bønder som har gode planar for å starte opp som ein liten entreprenør og drive med graving og snørydding. Nokre vil i gang med bier og birøkt. Andre vil dyrke opp meir jord for å auke delen dyrka jord på bruket slik at dei kan ha fleire dyr og dermed dekke opp noko av inntektsbortfallet frå pelsdyra. Felles for alle er at dei fell utanfor ordninga med omstillingsmidlar.

Skattespørsmålet framstår som fullstendig uavklart, og står i vegen for omstilling.

Felles for alle rørte pelsdyrbønder er at Skattespørsmålet står heilt uavklart og det kan i verste fall slik det er i dag bety skattelegging opp mot 48% hos enkelte bønder, eit eksempel som er rekna ut av regnskapsførar hos ein rørt oppdrettar. Pelsdyrgarden har ein taksert verdi på 8,4 millionar og har ein bokført verdi på 860000 kr. Det gir ein gevinst på 7,5 millionar og blir belasta med 3,2 millionar i Skatt. Bonden sitter då igjen med ein «gevinst» på 4,3 millionar kr og det betyr at vedkomande ikkje sit igjen med pengar når lån og forpliktingar er gjort opp. Stortinget sa at bøndene skulle haldast skadelause, noko dei ikkje gjer no.

Det er stor uvisse om riving og opprydding

Signal frå Statsforvaltaren skapar stor uvisse om bøndene får dekka riving og rydding av anlegga sine. Særleg i døme der bonden ikkje nytta anlegget fullt ut den 15. januar 2018. Bønder har fått beskjed om at staten berre dekker riving og rydding av del delen av anlegget som var i bruk 15. januar 2018. Dette fremstår som grovt urimelig.

Omstillingsmidlane for 2021 var brukt opp allereie 14. januar 2021.

Fleire bønder har fått beskjed om at dei ikkje vil få midler til omstilling i 2021, til tross for at dei oppfyller alle krav og har planane for omstilling klare.

Erfaringane ovanfor viser til fulle kor lite gjennomtenkt den eksisterande ordninga er. Sjølv om Regjeringa kun har sendt sjølve utmålinga på høyring, krev Rogaland Pelsdyralslag at heie lova blir omskreven og omgjort på eit vis som reflekterer dei faktiske høve i næringa, og som rettar opp dei grove døma som er vist til ovanfor. Bak kvert døme ligg det stor personleg fortvilelse og ein grusom oppleving av makteslause.

I den nye lova er dette dei aller viktigaste sakane for oss:

1. Riktige berekningar må leggast til grunn.

Det må være eit reelt val mellom bruksverdi og attkjøpsverdi – og begge må reknast ut riktig. For å sikre rask prosess, og for å unngå endelause juridiske og politiske omkampar, er det avgjerande at det vert gitt detaljerte føringar for utmålinga.

Heile verksemda til pelsdyrbøndene må inkluderast. Fleire har pelsdyrverksemda og verdiane sine delt mellom fleire føretak, og samtlege verdiar som går tapt må dekkast av ordninga. Ved verdsetting av anlegga, må alle hus og installasjonar som er nytta i pelsdyrverksemda inkluderast.

A. Om berekning av bruksverdi :

Stortinget ga i februar klare føringar for korleis bruksverdi skal utreknast, gjennom ein avtale mellom regjeringspartia og FrP.

Riktige berekningar av bruksverdi i denne saka vil inkludere:

- Bruksverdi basert på riktige og reelle kalkylar fra næringa for skinnprisar, arbeidsforbruk og fôrprisar mv.

- Stortingets føringar frå februar om berekning av bruksverdi må vidareførast. Dette inkluderer mellom anna ein vidareføring av fire prosent kapitaliseringsrente og at trendprisar fram til 2018 (Jeløyaplattformen) vert lagt til grunne for berekningane.

- Bruksverdi basert på anlegga si kapasitet, ikkje på eit tilfeldig valt dyretal. Bruksverdien må følge prinsippa definert i Ekspropriasjonserstatningslova §6, der den objektive bruksverdien vert berekna på bakgrunn av pårekneleg utnytting av anlegget.

- For mindre og mellomstore pelsdyrgardar må det tas omsyn til den effekten produsenten får ut av en kombinasjon av fleire produksjonar og yrker. Årstidsvariasjonar i pelsdyrhaldet gjer denne produksjonen interessant i så måte.

B. Om berekning av attkjøpsverdi :

Attkjøpssverdi (evt. salsverdi) er basert best på taksering. Prinsippa for takst må følge retningslinjene frå rundskriv M-3/2002 frå landbruksdepartementet ved konsesjonsbehandling.

Sitat frå rundskriv M-3/2002:

«Nedskrevet gjenanskaffelsesverdi på en bygning svarer til antatt nyanleggskostnad i dag for en tilsvarende bygning, korrigert for alder, størrelse, slitasje, vedlikehold og egnethet etter dagens normer og krav. Korrigeringen av nyanleggskostnaden bestemmes etter en konkret vurdering av vedkommende bygning.»

Uavhengig av kva verdsettingsmetode som vert lagt til grunn, må det sikrast ein prosess som gir både leigetakar og utleigar av pelsdyranlegg rettigheiter i kompensasjonsordninga.

Ei lovfesting av desse prinsippa gir ein raskare og meir rettferdig prosess for stadfesting av riktig kompensasjon til kvar enkelt pelsdyrbonde. Utan slike føringar, vil det vere opp til skjønnsretten å fastsette prinsippa individuelt, noko som vil medføre betydeleg prosessrisiko og ein betydeleg fare for mange urimelege utslag.

2. Alle pelsdyrbønder må inkluderast

Gjeldande forskrift har eit ufråvikeleg krav om at mottakar av kompensasjon skal ha halde pelsdyr den 15. januar 2018. Vilkåret er grovt urimeleg, og fører til at enkelte bønder vil hamne i ei livslang økonomisk krise. Bønder som av ulike årsaker hadde midlertidig opphald i drifta på grunn av for eksempel vidareutdanning, pågåande generasjonsskifte eller egen sjukdom fell fullstendig utanfor ordninga. Det same gjeld bønder som hadde utleige av garden på gitte tidspunkt. Dette må endrast.

Alle bønder som hadde forskriftsmessig anlegg 1. januar 2015 må inkluderast i ordninga og anlegget si samla kapasitet må leggast til grunn. Datoen er valt fordi dette var siste dato for tilpassing til nye og kostnadskrevjande utbetringar og investeringar som følge av ny pelsdyrforskrift. Ein må tru at bønder som gjorde store investeringar til den nye forskrifta som kom då, ikkje gjorde det for å berre drive i nokre få år, men som ein plan for vidare drift i mange år framover.

Pelsdyrbøndene har allereie venta i snart tre år på kompensasjonsordninga, og taper pengar kvar einaste dag som går. Nå må det setjast eit endeleg punktum som gir bøndene tydelege rammer og forutsetningar å halde seg til, slik at dei kan kome seg vidare med liva og verksemda si.

For bøndene er det avgjerande at ikkje store delar av kompensasjonen må tilbakebetalast som skatt. Sjølv om det for enkelte vil vere aktuelt med eit betinga skattefritak, er svært mange pelsdyrbønder i ein situasjon der større reinvestering i liknande verksemder ikkje er mogleg. Desse vil bli personskattelagt, med svært høge satsar for trinnskatt. Dette vil frata dei generasjonsverdiar og avgrense moglegheita til omstilling.

Det er dessutan grovt urimeleg å bli “gevinstskattelagt ” når ein blir tvungen til å avvikle livsverket sitt. Difor er det naturleg at erstatninga blir fritatt for skattelegging, på linje med skogvern under Naturmangfaldlova.

4. Omstillingsordninga må aukast og justerast

Allereie 14. januar 2021 var hele ramma for 2021 brukt opp. Mange bønder som i god tru har planlagt med omstilling i løpet av 2021 har no fått livene sine på vent nok ein gong. Fleire av prosjekta vil ikkje la seg realisere utan omstillingmidlar. Den klart utilstrekkelege ramma skapar ein urettvis kamp mellom bøndene for midlane, og gjer at gode omstillingsprosjekt ikkje får naudsynt støtte til omstilling.

Fleire opplev at omstillingsordninga ikkje treffer dei, ikkje minst ved at deira kompetanse og forutsetningar for vidare verksemd dei kan lykkes med, ikkje vert tillate innafor dei strenge rammene for tildeling av omstillingsmidlar. Og kva med oppdrettarar som ikkje orker å tenke omstilling no når ingenting er avklara rundt den økonomiske situasjonen, kva om løyva sum på 95 millionar er brukt opp når dei begynner å få familielivet på skinner igjen, og har ein plan for omstilling. Skal dei då stå utan moglegheit til å få økonomisk bidrag til omstilling?

Innovasjon Norge gir svært klare og avgrensande føringar for kva det kan løyvast omstillingsmidlar til.

5. Alle tap må dekkjast

Stadig fleire bønder opplever at dei får liva sine satt på hald i påvente av at statens tilbod skal bli klart. Bønder tør ikkje rive anlegga sine, og får utsett omstillingsplanar grunna manglande omstillingmidlar. I ventetida løp rente- og driftskostnadane, samt at bøndene lid store tap i fremtidig inntekt. Desse tapa må også dekkjast av staten.

Leiar Rogaland pelsdyrlag