🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - forslag til endring av lov om forbud mot hold av pelsdyr

Ugletveit Sylvrevgard

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar frå Ugletveit Sylvrevgard, Anne Berit og Heine Ugletveit

Me viser til høyringsbrev av 26.november 2020

Innleiing og historie for vår farm Ugletveit Sylvrevgard

På 1930-talet var det status å driva med pelsdyr, avlsparet kosta like mykje som ein liten vestlandsgard og det vart etter kvart ei viktig attåtnæring på fleire bruk landet over. Bestefar min, Henning Ugletveit, hadde vore ute på anlegg på Island og med dei pengane kjøpte han inn avlsdyr. Han dreiv gard med rev som attåtnæring i Kvam Herad i Hardanger gjennom krigen og utover på 50-talet.

Far min vart fødd i 1932. Han var heile sitt liv levande interessert i det avlsarbeidet far hans hadde sett i sving på Ugletveit. Då han var ung reiste han til Hemsedal på ein stor farm som røktar for å lære endå meir om revedrift. Då han kom heim att til Kvam auka han opp produksjonen av blårev, og avlsarbeidet han då dreiv har vore med på å påverke den norske blårevrestamma heilt fram til i dag, etter kvart gjorde han det same med sylvrev. Han bygde opp sin eigen arbeidsplass som også sysselsette kone og tre born til tider. Dei hadde også ein dreng som budde på garden i mange år og avløysarar som var innom i travle tider. Pelsinga og utstillingssesongane var hektiske, og mange menneske var innom på arbeid då. Me hadde både blårev- og sylvrevtypar. Far min produserte også foret sjølv med råstoff frå heile vestlandet som han køyrde heim med ein Mercedes lastebil, med open karm fleire gonger i veka. Heime venta to store fryseri som husa alt han køyrde heim og blanda i reveforet. Han hadde både kverner og blandarar på sitt eige fórkjøken. All fóring vart gjort med hand på frå ei tralle. Denne innbringande industrien som han dreiv gjennom heile sitt vaksne liv, førde til at han utvida farmen år etter år med nytt utstyr og nye bygg. Han bygde mellom anna ein enorm sjølvberande revehall som var 20*70 meter for oppstalling av dyr med frostfritt drikkeanlegg. Hallen hadde eit tilbygg med eige pelseri med det nyaste innan pelsprosessering. Han tok semin-kurs og laga til ein avdeling for insemineringsarbeid tilknytt hallen. Alt dette vart gjort for at neste generasjon skulle drive farmen vidare.

Då eg nærma meg vaksen alder, vart det klart at eg skulle overta garden. Eg stogga mi utdanning i 1988, halvvegs inn i tømrarutdanninga av di eg skulle overta familiegarden og i staden for VG2 tok eg alt som kunne takast av kurs og utdanning innan pelsdyr. Eg var ressursperson for avl, tok dommarkurs og var dommar gjennom 17 år og tok semin-utdanning. Eg deltok også på alt anna som kunne gje meg meir kompetanse innan drifta. I 1991 vart garden og farmen skriven over på meg og i 1996 gifta eg meg og tok med meg kona inn i pelsdyrdrifta. Ho var då sesongarbeidar i periodar og lærar utanom. Me fekk to jenter etter kvart, og begge jentene tok landbruksutdanning fordi dei var interesserte i å drive garden vidare. Eg bygde vidare på avlsarbeidet som far min hadde starta og saman med han gjorde me dette til vår eigen arbeidsplass.

I 1997 starta Forsvaret med militære flygingar på vårhalvåret i luftrommet over farmen min i Tørvikbygd i Hardanger. Jagarflya braut lydmuren ved fleire høve direkte over farmtaka og topografien i området gjorde at lyden slo attende frå ein stor bergvegg i nærleiken. Dette gjentok seg ved fleire høve. Det førte til at eg miste mesteparten av kvelpane og dermed vart avlsarbeidet mitt sett kraftig attende. Avlsdyra mine forandra lynne og det var vanskeleg å få tispene til å ta vare på kvelpane sine etter traume som flya var årsak til. Me kjempa mot departementet ved fleire anledningar, men kom til kort. Me tok aldri sakene til retten grunna økonomi og frykta for å måtte kjempa mot det beste staten har av advokatar. Til slutt vart det bestemt av me skulle tvangsflyttast. I samtalar med sakshandsamarar og advokatar i Forsvarsdepartement vart det avgjort at me kunne få kompensasjon dersom me flytta nordover til Oppdal eller Alvdal der det låg store fellesområde for pelsdyr og sjansen for overflyging var låg. Med to små jenter på 3 og 5 år, flytta me til Oppdal i 2003 i tru om at farm og hus skulle kompenserast slik staten hadde lova. Men då flyttinga var gjort og hus og farm var kjøpt med bu og driveplikt, kom nyhende om at Forsvarsdepartementet hadde innført flyforbod over farmen vår i Hardanger så det kunne ikkje kompenserast likevel.

Me stod att med to farmar; ein på heimegarden som stod tom og farmbygningar på Oppdal som me måtte betala for med skinn. Tomta til farmen på Oppdal eigde me ikkje, der var det ein festerett å forhalda seg til. Den slo klart fast at når drifta tek slutt skal området ryddast og tilbakeførast til same stand som før farmen vart bygd. Me planla langt fram og skreiv under på dette. Me la alt me hadde av innsats og kapital ned i bygningane på Oppdal. I tillegg måtte med kjøpa oss bustadhus i ein marknad i hyttekommunen Oppdal som frå før var oppheta. Me måtte klara oss sjølv med doble lån og ingen kompensasjon for overflyging. Likevel gav me ikkje opp draumen om å skapa eit livsverk som skulle vidareførast til jentene våre når tida var inne. Me jobba på og betalte ned den aldrande farmen, oppgraderte og utvida kapasiteten monaleg allereie fyrste åra. Etter kvart kjøpte me også to andre farmar på Oppdal med festetomter, oppgraderte og utvida dei og dreiv stort i fleire år. Alt me tente gjekk inn att i utbetringar, og me gjorde alt arbeidet sjølv. Heile slekta og særleg far min har brukt all ledig tid på Oppdal og vore med på det enorme arbeidet.

Hausten 2017 hadde eg kjøpar på farmane på Oppdal. Det var seriøse samtalar mellom ein investor på austlandet om pris. Eg planla å flytte attende til Hardanger og byrje på nytt der med avlsdyr saman med døtrene mine. Eg var dermed usikker på dyretalet heile hausten 2017 og saman med investoren diskuterte eg pris både med og utan avlsdyr. Akkurat på tidspunktet for avvikling hadde me før jul landa på pris med avlsdyr, og me vart einige om å ha att omlag 600 avlsdyr att slik at han hadde noko å velje i og eg kunne ta med meg nokre tisper heimover. Desse tispene sat i farmen 15.01.2018. Heime i Hardanger hadde eg kjøpt inn limtre som skulle brukast til å setje opp hall nummer to. Tomta var alt skoten ut.

Målet for alle dei tre generasjonane har vore å gje vidare verdiar til neste generasjon. Fram til 2018 har dette fungert bra, no er alt me har bygd opp til dei neste generasjonane viska vekk med eit pennestrøk. Kompetansen eg har opparbeida meg som fagperson i næringa, framtidige inntekter eg og borna mine kunne hatt og ikkje minst høve til å ha pelsdyr som yrkesveg for meg og dei og deira born har derimot vorte tekne frå oss. Me eig ikkje grunnen under farmane på Oppdal, det er festetomter. Eg eig berre bygningsmassen og høve til næringsdrift med pels, det er det som utgjer kapasiteten i anlegget, som er ressursen vår, ikkje tomta dei står på.

Bortfallet av pelsdyrnæringa for oss vil gå svært hardt utover neste generasjon som ikkje får høve til å overta noko, men i staden får store lån å betale ned. Planen har alltid vore å drive «inn på tunet-gard» med pelsdyr og andre dyr. Begge jentene interesserer seg for å jobbe med menneske og er glade i dyr så det var eit naturleg val og ein ting me kunne drive saman. Me har i dag store lån som me dreg med oss inn i livet vidare. Eg misser høve til å nytte kompetansen min i pelsdyrdrift i noko anna yrke, eg misser høve til å drive med det eg likar saman med andre pelsdyrbønder, eg misser høve til å drive med avlsarbeid på pelsdyr inkludert semin-arbeid. Eg har berre utdanning innan pelsdyr og ender opp med minsteløn uansett kvar eg skal jobbe andre stader. Eg er over 50 år og dermed er eg ikkje så interessant som arbeidssøkjar. Eg er gardbrukar og har alltid vore glad i dyr. Pelsdyr var det eg valde og no er dette teke frå meg. Når tomta ikkje er mi eiga, fell også høve bort til å starte med ny næring. Eg slutta med sølvrev og blårev i årsskiftet 2019/2020 på Oppdal i Trøndelag og flytta heim att til Kvam Herad i Hardanger. Å avslutte drifta var ei av dei største påkjenningane eg har vore utsett for. Eg gav vekk ein del av dei beste avlsdyra mine for å vidareføre noko av det avlsarbeidet me har drive i generasjonar og fordi eg ikkje hadde hjarte til å avlive siste dyra. Det er forskjell på avliving av kvelpane som er produksjonsdyr kontra å avlive avlsdyra som er meir som kjæledyr. No står farmane tomme begge stader, eg er 60 mil unna farmane på Oppdal og husa er utsett for ver og vind med store snømassar. Eg har utgifter på vatn/avlaup, straum, forsikring og veg. Eg køyrer mange turar i året oppover til Oppdal for å sjå til det som står att. Eg engstar meg for kva verdisetjing forvaltninga skal leggje til grunn for min kompensasjon når farmane tomme står slik som no.

Når prosessen med avviklinga av pelsdyrnæringa i Noreg har teke så lang tid som det har, har dette påverka meg og heile min familie både tidsmessig, økonomisk og ikkje minst mentalt. Arbeidslysta er ikkje som før og pågangsmotet og lysta til å drive noko sjølv er borte etter denne utmattande prosessen. Dette politiske spelet har gjort oss usikre på styresmaktene og intensjonane som ligg bak vedtaket og ikkje minst kompensasjonen. Me kan ikkje forstå at staten kan ta frå oss desse midlane som me møysomeleg har opparbeidd gjennom generasjonar og i tillegg tek frå oss framtidige inntekter og let som om kompetansen i næringa ikkje er verdt eit raudt øre. Dette er det me har gjort for å sikre verdiane våre for etterkomarane. Enkelte bedriftseigarar kjøper hotell, driv stor bedrift, tilset arbeidarar og sikrar sine verdiar slik. Me har kjøpt og investert i pelsdyrfarmar, driv bedrift, tilset arbeidarar og prøver å sikra våre verdiar slik. Heilt til 2018 trudde me at dette var ei berekraftig næring med livets rett, me investerte i bygningane i god tru og etter krav frå departementet. Ingen såg vedtaket om forbod kome, ingen forstod kva det innebar då det vart bestemt. Aller minst politikarane som hadde bestemt det. Dei tok bilete etter avstemminga i Stortinget med mjuke koserevar og la ut på sosiale media for å strø ekstra salt i såret Ringverknadane og kostnadane både økonomiske og menneskelege for Norge er enorme. Ei viktig eksportnæring, ei viktig skattekjelde i kommunane, ei viktig næring for alt kjøt-, kylling- og fiskeavskjer, ei viktig næring for matavfallsresirkulering, ei viktig næring i distrikta, ein viktig arbeidsplass, ei kunnskapsrik næring, ei dyrevelferdsvennleg næring med gode kontrollrutinar; no er næringa død i Noreg. Og det verste av alt; Me har gått i tre år med konstant press, økonomiske utfordringar, høyringar, juridiske dokument, avisartiklar og debattprogram, alle små drypp som fører til at ein pelsdyrbonde ikkje kan gløyme det han står midt i. Det har vore kjempetøft. Framtida vidare for våre jenter hadde vore tilfredsstillande med eit anlegg i god stand, stor kapasitet og eit forkjøken i direkte nærleik til farmen. Farmen ligg fint til og kunne vore utvida med ytterlegare tisper om det hadde vore ynskjeleg. Pelsingshuset er ganske nytt og har moderne utstyr for pelsing. Semin-arbeidet kunne vore utført for eigne dyr og andre sine dyr på sikt. Farmen har ein stor hall og eit stort lagerhus i tillegg til fleire fórhus og sjølvsagt brakker for oppstalling av livdyr. Alt har vorte lagt til rette for neste generasjon revebønder anten på Oppdal eller i Hardanger, men slik vart det altså ikkje.

Når ein etter kvart kunne søkje Fylkesmannen i Trøndelag om kompensasjon av bokført verdi og tispetillegg etter den gjeldande forskrifta, møtte me veggen på nytt. Søknaden inne på nettsidene var enkel og søknaden såg grei ut. Me fylte ut og sende søknaden i oktober 2020. Me fekk ingen tilbakemelding om at søknaden var motteken og etterlyste søknaden etter 3 veker. Me snakka med begge sakshandsamarane gjentekne gonger på telefon og via mail. Me hadde i utgangspunkt lagt ved næringsoppgåve og avløysartilskot for 2017 fyrste omgang slik søknaden spurde etter, men me skjøna raskt at sakshandsamarane hjå Fylkesmannen i Trøndelag ikkje var sikre på korleis dei skulle tolke forskrifta, og det kom tidleg fram at dersom me hadde skinn på lager, kunne ikkje tispetillegget utbetalast. Landbrukskontoret på Oppdal var også usikre på korleis dette skulle tolkast, dei hadde også korrespondanse med Fylkesmannen i Trøndelag.

Som kjent har skinnprisane vore låge dei siste åra og ein pelsdyroppdrettar brukar innfrysing av skinn som ei sikring for seg sjølv og bankane i dårlege tider slik at ein unngår underpris. For å få ut tispetillegget måtte me levere inn alle skinn til auksjonshus sjølv om prisane var dårleg. Kopenhagen Furs som er auksjonshuset vårt har meldt oppbod og styrt avvikling. Dei tek ikkje imot meir skinn, dermed kunne me ikkje levere skinn der. Me har no jobba med å opprette eit kundeforhold til Saga Furs slik me hadde tidlegare tider, men dei har ikkje høve til innfrysing av skinn og sel skinna så fort det er mogleg å selje etter innlevering, uansett pris. Så her dett me mellom to stolar. Me har lagt oss opp eit lite lager av skinn for å sikre oss, og blir no bedne om å selje desse skinna til underpris for å få ut tispetillegg. Dette likar ikkje banken som har teke pant i skinna på lager. No stig skinnprisane sakte men sikkert grunna at store aktørar ligg nede som til dømes Danmark og Nederland, men me må selje no med tap om tispetillegget skal utbetalast. Så det betyr i klartekst at me som farm ikkje har motteke ei einast krone i kompensasjon sidan vedtaket vart gjort for 3 år sidan, ei heller skinninntekter å snakke om. Det vart lova et det skulle vera uproblematisk å få ut kompensasjon og at det var berre å søkje. Me har erfart at ein blir møtt med paragrafar og lovtekstar hjå Fylkesmannen og inga forståing for vår situasjon. Me opplevde ikkje ei hjelpande hand, men ein ny instans som skulle gjere prosessen endå vanskelegare. Søknaden er no lagt på vent seier sakshandsamar, inntil me har kvittering for innleverte skinn til auksjonshus og har sendt inn alle fór-rekningar for 2017 og heile velferdspermen for same året for at dei skal kunne rekne seg fram til gjennomsnittleg tispetalet det året. Landbrukskontoret har derimot vore ei hjelpande hand i prosessen og tilbod om samtale og hjelp har vore der heile tida, sjølv om dei også melder at dei har for lite innsikt i det som skjer i kompensasjonsprosessen.

Kommentarar til høyringsnotatet slik det ligg føre med kommentarar til endring i lova og forskrifta:

For at ein skal kunne gjere rettferdige utrekningar av kompensasjon og for at ingen skal falle utanfor, er det svært viktig at lovteksten og den delen av forskrifta som skal vidareførast, er klokkeklar og ikkje open for tolking slik at prosessane endar opp i rettssystemet. Forslaget som no ligg føre er for utydeleg, både når det gjeld lovtekst og forskriftsendring/vidareføring.

§2 Definisjonen av ein pelsdyroppdrettar må endrast slik at dei som ikkje leigde ut farmen sin på tidspunktet 15.01.2018 også kjem inn under retten til å søkje kompensasjon for riving og opprydding dersom farmen var sertifisert av forskrift 01.01.2015

§3 Grunnvilkåret i forskrifta kjem stadig attende til 15.01.2018. Denne datoen må bort ettersom det er den tida på året det sit kun avlsdyr i farmen. Dersom rivinga også skal basera seg på denne datoen vert berre ein brøkdel av farmen riven på staten si rekning. Det er også urimeleg å setja ein slik dato ut frå kunnskap om korleis pelsdyrdrift fungerer med tanke på innsett, kvelping og planlegging år for år. Det vert nytta eit argument for datoen som eg ikkje tykkjer høver nokon stad. Det vert hevda at pelsdyroppdrettaren kan triksa med dyretalet utover mot notid for å påverke kompensasjonen. Dette er hårreisande i seg sjølv. Me pelsdyroppdrettarar har så langt eg kan sjå ikkje bede om å gå framover i tid frå 15.01.2018, men bakover mot 01.01.2015. Då kan ein i alle fall ikkje vita kva som kom til å skje i 2018. Difor fell argumentet bort for å bruka datoen 15.01.2018. Dei som var sertifiserte 01.01.2015 og fram til 15.01.2018 bør falle inn under grunnvilkåra for å kunne søkje kompensasjon.

Her er det også eit stort spørsmål kvifor handel med skinn strir mot å få ut kompensasjon. På kva måte ser ein for seg at oppdrettaren skal bruke kompensasjonen til å handle med skinn når ein overlet all handel til auksjonshuset? Kva marknadsføring snakkar ein om her? Sjølvsagt må ein kvar oppdrettar sjølv få bestemme kva tid skinnsalget skal skje uavhengig av kompensasjonen som vert utbetala. Slik det er no stoggar denne setninga all utbetaling av tispetillegg etter gamal forskrift som framleis er gjeldande.

§4 Sjølve erstatninga må reknast ut frå kapasiteten i anlegget, ikkje ut frå ein gjeven dato. Det er kapasiteten me vert fråtekne. Sjølve verdisetjinga må ta omsyn til kvar enkelt farm og spegla den reelle bruksverdien eller gjenervervsverdien. Sjølve verdisetjinga må spegla takstane som alt er tekne. Dersom nye takstar skal takast, må ein ta omsyn til faktorar som ver og vind over tid dersom farmen t.d. har stått tom.

§5 Her må setninga der ein ikkje kan tene over 2G i lønns- eller næringsinntekt for å motta redusert framtidig alderspensjon, bort. Denne setninga legg føringar for kva tid ein kan selje skinn sine dersom ein er i denne aldersgruppa, difor må dette fjernast frå forskrifta som skal vidareførast.

§7 Her må det presiserast i forskrifta at riving og opprydding gjeld heile farmen til ein oppdrettar. Det må vere produksjonseininga til oppdrettaren som skal leggjast til grunn når rivinga skal gjennomførast. Det er også viktig å presisere grunntilhøva under farmane, det må ofte erstattast massar ned til ein halv meter under bakkenivå ved sanering med tanke på gjødsel og restar etter farmdrift gjennom mange år. Dersom dette ikkje vert presisert, kan ein risikere at mykje av bygningsmassane vert ståande att, ingen ser seg syn med å rive for eiga rekning noko som ikkje fører til inntekter vidare. Banken likar heller ikkje å låne ut pengar til riving der inntektspotensialet ikkje er til stades lenger.

Det må også vere mogleg med eigeninnsats i rivingsarbeidet slik det er presisert no. Det som må klargjerast er tidsperspektivet for oppdrettaren, kor lang tidsfristen er for arbeidet etter avvikling.

§8 Viktig at tidsfristane for å søkje kompensasjon er opne. No har oppdrettarane vore gjennom store påkjenningar og det kan hende at papirarbeidet denne prosessen fører med seg kan vere ei stor påkjenning. Ingen må kome i den situasjonen at ein ikkje orkar å søkje fordi ein ser seg overvelda av mengda arbeid i dokumentasjonsprosessen. Difor er det viktig at ein frist aldri vert lukka og at eit krav ikkje kan verte forelda. Det som høyringsnotatet gjentek igjen og igjen er orda hjemmel og kontroll. Hjemmel til opplysningsplikt og hjemmel til kontroll er det som ofte får menneske i vår situasjon til å gi opp prosessen. Ikkje fordi dei manglar dokumenta, men fordi dei ikkje orkar å gjennomføre.

Til slutt nokre tankar kring resten av høyringsnotatet:

Det vert i notatet stilt spørsmål med uavhengigheita til Landbruksdirektoratet som klageinstans. Dette seier eg meg heilt einig i. Ein må heilt klart ha utanforståande inn i prosessen, ein kan ikkje ha forvaltninga som klageinnstans for seg sjølv. Samtidig ser ein kva veg det då går når ein skal avgjere dette gjennom samtalar og i ytterste konsekvens rettssystemet. Me har prøvd å samtale med Fylkesmannen om den gjeldande kompensasjonen og har opplevd dette svært vanskeleg. Me har også opplevd at det er ulikt frå Fylkesmann til Fylkesmann korleis sakene så langt har vorte behandla. Slik kan ein ikkje ha det. Det er også lagt opp til seks månader behandlingsfrist for staten etter innlevert søknad. Tid er det me har minst av, og me har alt venta for lenge på punktum i saka. Difor må denne sakshandsamingstida ned.

Skatt har også vore eit tilbakevendande tema når ein skal betale ut det regjeringa kallar kompensasjon. Erstatning er eit betre ord. Me får erstatta noko som går tapt for alltid. Ved andre erstatningsutbetalingar der ein mistar ein eller annan verdi, betaler ein ikkje skatt. Kompensasjonen må sjølvsagt betalast ut skattefritt til oppdrettarane.

Eg saknar også velvilje til å avslutte dette med verdigheit. Me er ikkje fleire enn rundt 200 familiar som har mist levebrødet vårt, likevel opplever me det som om kjeppar vert lagt i vegen for oss sjølv om forbodet ikkje var noko me kunne noko for. Det er ikkje vår innsats som pelsdyrbønder som gjer at me er der me er i dag, det er eit politisk spel mellom eit stort og eit lite parti og ein test på kor langt ein av dei var villig å strekkje seg i samarbeidet. Nokre representantar på Stortinget reiste seg og sette seg. Det var det som skjedde, prosessen etterpå er ei skam. Diskusjonen om rev i bur har rasa i fleire år. Det er ikkje den diskusjonen me er inne i no. Enkelte av høyringssvara kan tyde på at dei framleis ikkje har forstått at vedtaket faktisk har lagt denne diskusjonen død. No er det menneskeverd og demokratiske verdiar ein debatterer. Kva verdiar, næringsrettar og eigedomar kan staten ta frå eit menneske med lova i hand. Det er det me diskuterer no. Neste gong kan det vera nokre andre som vert skadelidande. Skilnaden på bokført verdi og takst er stor for meg. Fallet er skyhøgt mellom å driva garden vidare gjennom neste generasjon eller å selje ut og risikere personleg konkurs.

Så her set me då midt mellom to stolar på tredje året og lurer på korleis framtida vil bli. Me engstar oss, me vekslar mellom sorg og sinne og ser livsverket vårt gå opp i røyk framom augo våre. Me har bite tennene saman lenge nok no, og begeret renn snart over. Me har ikkje bede om å stå her me gjer i dag, me ville drive vidare i ei solid næring med framtidsvon. Me vil jobba, me kan jobba, men systemet no sender oss og 200 andre hardtarbeidande pelsdyrfamiliar på Nav-karusellen. Verdigheita er borte og dermed er livet sett på vent. Me treng eit punktum for å kunne gå vidare. Ikkje eit overdådig punktum, men berre eit punktum som gjev oss attende det me vert fråtekne. Eit stort uavhengig landbrukstakstfirma har alt utarbeidd gjenervervstakstar på dei fleste av farmane, og kompensasjonen bør spegla desse takstane.

Heine og Anne Berit Ugletveit