Følgjande er Vestland fylkeskommune sitt høyringssvar på framlegg om endringar i mellom anna opplæringslova om behandling av personopplysningar. Merk at dette er administrasjonens uttale på høyringa. På grunn av møteplan og fristar for politisk behandling er det gjort avtale med dykk i Kunnskapsdepartementet at vi kan ettersende eventuelle tilleggsmerknader til uttalen etter politisk behandling 19.01.2021.
Fylkeskommunen behandlar mange personopplysningar om barn og ungdom. Vi har oppgåver etter opplæringslova som set rammar for kva personopplysningar som kan behandlast og korleis. Departementet viser til at det er viktig for barn og unge sitt personvern at rammene for behandling av personopplysningar er så klare som mogleg. Dette er også viktig for dei tilsette i fylkeskommunen då det vil gjere oss betre i stand til å ta vare på barn og ungdom sitt personvern.
Hovudpunkta i høyringsnotatet frå departementet er:
I det følgjande saksframlegget vert det i all hovudsak fokusert på dei delane av høyringa som gjeld vidaregåande opplæring.
4.2 – ei generell føresegn om behandling av personopplysningar i grunnskolen og vidaregåande opplæring
Dagens opplæringslov oppfyller i varierande grad personvernregelverket sine krav til klare og tydelege behandlingsgrunnlag. Det er difor nødvendig å vurdere behovet for ein tydelegare regulering av kommunar, fylkeskommunar, friskolar og lærebedrifter sin behandling av personopplysningar. I dag inneheld opplæringslova enkelte føresegner som eksplisitt regulerer behandling av personopplysningar. Dette er opplæringslova § 15-8 om samarbeid med kommunale tenester og § 15-9 om innhenting av opplysningar frå Folkeregisteret med tilhøyrande føresegn i forskrifta § 22 A-1. Ut over dette regulerer ikkje opplæringslova behandling av personopplysningar eksplisitt.
Departementet si vurdering og forslag
Departementet viser til i sin vurdering av behovet for ei generell føresegn om behandling av personopplysningar i grunnskulen og vidaregåande opplæring, at opplæringslova i all hovudsak regulerer rettar og plikter til barn og unge. Barn (under 18 år) utgjer ei særleg sårbar gruppe registrerte med eit større behov for beskyttelse enn vaksne. Difor har barn sine personopplysningar eit særleg vern etter personvernforordninga. I tillegg meiner departementet at det må leggast vekt på at det i opplæringssektoren behandlast eit stor tal personopplysningar om barn og unge over ein lang tidsperiode. Det vil dessutan vere behov for å behandle opplysningar av særleg kategori, som til dømes opplysningar om helse, etnisitet og seksuell orientering. For dei som mottek og eller skal motta opplæring, vil det vere særleg viktig med eit tydeleg rettsleg grunnlag slik at personopplysningar vert behandla på ein open, føreseieleg og rettferdig måte.
Departementet føreslår at det vart fastsett ein generell føresegn i opplæringslova om at kommunen, fylkeskommunen og lærebedrifter kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å oppfylle rettar, forvaltningsoppgåver og plikter i eller med heimel i opplæringslova. Døme på rettslege plikter som gjer det nødvendig å behandle personopplysningar, er skuleeigars plikt til å gi elevane tilpassa opplæring, særskilt språkopplæring, spesialundervisning, skuleskyss og eit trygt og godt skulemiljø.
Grunngjevinga for å inkludere lærebedriftene i forslaget til ein generell føresegn er at også dei er pålagt plikter og forvaltningsoppgåver i opplæringslova som gjer det nødvendig å behandle personopplysningar.
Vidare har departementet gjort ei vurdering av på kva måte ein skal regulere kva slags behandling som er nødvendig, og om det er behov for meir konkrete reglar i forskrift. Departementet viser til ei løysing med å ramse opp dei formåla det er tillate å behandle personopplysningar for, men etter departementet sin vurdering vil en slik liste ikkje gjere formålet klarare enn det som går fram direkte av dei rettslege pliktene eller forvaltningsoppgåvene. Ei anna løysing departementet viser til er å regulere kva opplysningstypar kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle. Etter departementet sin vurdering er det ikkje mogleg å gi ei uttømmande liste, og ei ikkje-uttømmande liste vil ikkje vere rettsleg bindande og passar dermed betre i rettleiing enn i forskrift. Difor føreslår departementet at det ikkje skal fastsettast ei liste over type personopplysningar i forskrift.
Fylkesrådmannen si vurdering
Fylkesrådmannen er einig i departementet sin vurdering. Det er positivt med ei generell føresegn om behandling av personopplysningar. Ei generell føresegn famnar også opp dei andre krava i personvernforordninga om mellom anna formålsavgrensing og dataminimering. Fylkesrådmannen er einig i at det ikkje vert fastsett ei liste over type personopplysningar eller oppramsing av formål. Samtidig krev det ein god gjennomgang og oversikt internt av kva personopplysningar vi behandlar og på kva formål.
Fylkesrådmannen meiner det er positivt at lærebedrifter vert eksplisitt nemnde, men er gjerne usikker på om fylkeskommunen med det vert pålagt ansvar for å sikre at lærebedriftene er innanfor krava når det gjeld behandling av dei personopplysningane som er nødvendige for dei å behandle etter opplæringslova.
4.3 – krav til personopplysningssikkerheit
Opplæringslova inneheld ikkje reglar om personopplysningssikkerheit. Personvernregelverket inneheld generelle reglar om personopplysningssikkerheit. Dette går ut på plikter knytt til informasjonssikkerheit; krav til sikkerheit ved behandlinga, melding og underretning til tilsynsmyndigheit og den registrerte ved brot på personopplysningssikkerheita og krav om at den behandlingsansvarlege og databehandlar gjennomfører eigna tekniske og organisatoriske tiltak for å oppnå et sikkerheitsnivå som er eigna med omsyn til risikoen.
Skulesektoren vert meir og meir digitalisert. Dette har ført til at fleire opplysningar vert registrert og dermed ein auka risiko for brot på personopplysningssikkerheita. Skular behandlar mange opplysningar om barn og unge, og det omfattar opplysningar av særleg kategori. Det er difor spesielt viktig at krava til personopplysningssikkerheit vert teken hand om på ein god måte .
Departementet si vurdering og forslag
Departementet meiner at risikoen på opplæringsområdet tilseier at det er behov for å spesifisere dei generelle krava i personvernforordninga med enkelte meir spesifikke krav. Departementet føreslår at det vert innført krav om tilgangsstyring. Forslaget går ut på å presisere at skulane må ha tilgangsstyring slik at tilsette berre har tilgang til personopplysning dersom og i den utstrekning som er nødvendig for å oppfylle rettslege plikter eller utøve forvaltningsoppgåver etter opplæringslova. Departementet viser til at det er berre dei lærarar og andre tilsette som har tenestleg behov som skal ha tilgang til personopplysningar. Vurderinga av behov vil også avgjere kven som har behov for full tilgang, kven som skal ha lesetilgang og så vidare.
Departementet føreslår også at det vert spesifisert i forskrift til opplæringslova at fylkeskommunen må sørge for at den tilsette har nødvendig kunnskap om personvern og informasjonssikkerheit før det vert gitt tilgang. Kravet inneber at skuleeigar må sørge for at dei tilsette får slik opplæring. Departementet viser til at det er opp til skuleeigar å finne fram gode rutinar for å sikre kravet til opplæring.
Fylkesrådmannen si vurdering
Fylkesrådmannen er einig i forslaget og vurderingane til departementet. Vestland fylkeskommune har allereie tilgangsstyring i system og saksbehandlingsprogram. Når dette vert eit lovfesta krav fører det gjerne til lik praksis. Dette meiner fylkesrådmannen er positivt.
4.4 Fjernundervisning, og bruk av robot i undervisninga
Fjernundervisning er ein måte å organisere opplæringa ved at lærar og elev ikkje fysisk er til stades på same stad, men at opplæringa vert gjennomført ved at desse kommuniserer ved bruk av tekniske hjelpemiddel. I dag skjer fjernundervisning hovudsakeleg som nettundervisning. Det vert også brukt robotar som ein form for fjernundervisning. Opplæring som vert gjennomført ved at lærar og elev kommuniserer gjennom tekniske hjelpemiddel inneber behandling av personopplysningar. Reglane om behandling av personopplysningar gjeld dermed for denne typen behandling. Behandling av personopplysningar ved fjernundervisning er ikkje lovregulert i dag.
Departementet si vurdering
Etter opplæringslova §§ 3-1 og 8-2 har fylkeskommunen plikt til å gi opplæring og plikt til å bidra til at elevane får sosial tilhøyrsle. Desse pliktene kan gjere det nødvendig å behandle personopplysningar i form av overføring av lyd, bilde og tekst. Fylkeskommunen sin plikt vil vere grunnlag for behandling av personopplysningar. Behandlingsgrunnlaget gjeld så langt det er nødvendig.
Departementet skriv at for å vurdere bruk av personopplysningar ved fjernundervisning så bør det takast stilling til om fjernundervisning er sakleg for føremålet om å gi eleven opplæring og sosial tilhøyrsle. Om skulen kjem fram til at behandlinga er naudsynt for at skulen skal oppfylle si plikt til å gi opplæring eller sosial tilhøyrsle, vil det ikkje vere krav om samtykke frå andre elevar eller lærarar. Skuleeigar er behandlingsansvarleg og må uansett ivareta dei resterande personvernprinsippa og krava om behandling av personopplysningar etter personvernregelverket. Skuleeigar må gjere ei risikovurdering og ut frå denne iverksette tiltak som avgrensar personvernrisikoen.
Departementet føreslår ingen særskild heimel for å behandle personopplysningar i samband med fjernundervisning. Departementet skriv at skulen si plikt til å gi opplæring og til å ivareta elevane sitt behov for sosial tilhøyrsle, i kombinasjon med departementet sitt forslag om ein generell føresegn (sjå pkt. 4.2), gir tilstrekkeleg rettsgrunnlag for behandling av personopplysningar i samband med fjernundervisning.
Fylkesrådmannen si vurdering
Fylkesrådmannen er einig med departementet i at det ikkje er behov for ein særskilt heimel for å behandle personopplysningar i samband med fjernundervisning. Departementet sitt forslag om ein generell føresegn vil vere tilstrekkeleg rettsgrunnlag for å sikre rett behandling av personopplysningar i samband med fjernundervisning. Fylkesrådmannen støtter departementet si vurdering.
4.6 Bruk av ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar i skulemiljøsaker
Opplæringslova kapittel 9 A inneheld reglar om eleven sitt skulemiljø. Reglane gjeld for elevar i vidaregåande skular. Pliktane etter kapittel 9 A er i hovudsak lagt på den enkelte skule og den enkelte tilsette, men det er skuleeigar som har det overordna ansvaret for at reglane vert etterlevd. Det er dermed skuleeigar som er behandlingsansvarleg for personopplysningar som vert behandla i forbindelse med etterleving av reglane om skulemiljø.
Aktivitetsplikta i opplæringslova § 9 A-4 inneber ei plikt til å følgje med, gripe inn, varsle, undersøke og sette inn tiltak for å sikre at elevar har eit trygt og godt skulemiljø. Vidare er det krav om at skulen lagar ein aktivitetsplan i dei sakene der det vert satt inn tiltak og krav om at det vert dokumentert korleis aktivitetsplikten er oppfylt. Skulen si aktivitetsplikt skal mellom anna bidra til at skulane raskt og effektiv tar tak i alle situasjonar der elevar ikkje har det trygt og godt på skulen.
I forarbeida til opplæringslova er det lagt til grunn at skulen både har ein plikt og ein rett til å behandle personopplysningar, også særlege kategoriar personopplysningar som ein konsekvens av dei handlingane som aktivitetsplikten krev. Det same gjeld for den skjerpa aktivitetsplikta. I forarbeida vart det konkludert med at det er overflødig å ta inn ein eksplisitt lovheimel for slik behandling.
Departementet si vurdering
Skulane har plikt til å følgje med for å sikre at alle elevar her eit trygt og godt skulemiljø. Men skulene har fleire måtar å følgje med på elevane sitt skulemiljø på enn å bruke ikkje-anonyme undersøkingar, for eksempel strukturerte og ustrukturerte elevsamtalar, utviklingssamtalar, systematisk og usystematisk observasjon og samtalar med heimen.
Forsking viser at det er viktig at skulen har god innsikt i sosial dynamikk og relasjonar i skulemiljøet. Fagleg sett er det viktig at skulen følgjer med på om det finst sterke sosiale hierarki, negativ dynamikk, svake eller negative relasjonar mellom elevar, og mellom tilsette og elevar. På denne bakgrunnen meiner departementet at det er hensiktsmessig å opne opp for ikkje-anonyme undersøkingar i det førebyggjande arbeidet, men med nokon avgrensingar. Skulen må ha eit klart føremål med bruken av ikkje-anonymiserte undersøkingar. Departementet vurderer at det ikkje vil vere hensiktsmessig i det førebyggjande arbeidet å bruke ikkje-anonyme undersøkingar der elevane vert bedt om å namngje medelevar i ein negativ samanheng eller blir spurt direkte om negative relasjonar og dynamikkar mellom andre elevar. Departementet meiner slik undersøking i samband med førebyggande arbeid kan vere uforholdsmessig inngripande for elevane. Ein mogleg løysing er å avgrense spørsmålsstillinga til enklare ja-/nei spørsmål om negative relasjonar. På denne måten blir ingen medelevar namngitt.
Departementet meiner det kan vere uheldig å forby ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar der eleven blir spurt om negative relasjonar eller eleven sine synspunkt om relasjonar mellom andre elevar. Departementet meiner likevel at tilgjenge til dette skal vere avgrensa til situasjonar som eventuelt krev ein slik type nærare undersøking og oppfølging. Departementet meiner at ikkje- anonyme læringsmiljøundersøkingar der elevar vert spurt om å namngi medelever, fortelja om negative relasjonar eller relasjonar mellom andre elevar er mest hensiktsmessig å nytte ved langvarige, uoversiktlege eller kompliserte utfordringar i skulemiljøet, der andre måtar å undersøke på ikkje har ført fram.
Når det gjeld bruk av ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar, meiner departementet at det likevel er behov for å tydeleggjere det rettslege grunnlaget for slik behandling. Datatilsynet har i Spekter-saken konkludert med at skulene ikkje har behandlingsgrunnlag for slike undersøkingar med tilvising til at lovføresegna ikkje er klar og tydeleg nok. Datatilsynet sitt vedtak er klaga på og ligg til behandling i Personvernnemnda, så saken er ikkje endeleg avgjort (desember 2020). Uavhengig av utfall i saken viser Datatilsynet sitt vedtak at det kan vere behov for å klargjere det rettslege grunnlaget for slike undersøkingar. Ettersom slike undersøkingar grip inn i personvernet til mange elevar og kan utgjera ein særleg risiko for personvernet til den enkelte, ser departementet også behov for å fastsette regler for slike undersøkingar for å setje ei grense for risikoen og hindre unødig inngrep i elevane sitt personvern.
Departementet meiner at plikta i § 9 A-3 til å førebyggje brot på retten til eit trygt og godt skulemiljø og aktivitetsplikten i §§ 9 A-4 og 9 A-5 gir eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag på lovnivå. Departementet føreslår derfor ikkje endringar i desse føresegnene. Departementet føreslår i staden at det vert fastsett reglar om bruk av ikkje-anonyme undersøkingar i forskrift.
Departementet føreslår for det første at det vert fastsett i forskrift at ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar kan verte brukt som ein del av det førebyggjande skolemiljøarbeidet etter opplæringslova § 9 A-3 dersom dette er ein hensiktsmessig måte å kartlegge læringsmiljøet på. Vilkåret om at det må være hensiktsmessig inneber at det må vurderast om læringsmiljøet kan og bør bli kartlagt på andre måtar, og om en ikkje-anonym læringsmiljøundersøking vil gi den informasjonen skulane treng i det førebyggjande arbeidet. Departementet føreslår videre at det vert fastsett i forskrifta at ikkje anonyme læringsmiljøundersøkingar kan bli nytta som eit ledd i oppfylling av aktivitetsplikta i opplæringslova §§ 9 A-4 og 9 A-5 ved langvarige, uoversiktlege eller kompliserte utfordringar i skulemiljøet, der andre måtar å undersøke på ikkje har ført fram. Grunngjevinga for at departementet føreslår strengare vilkår for bruk av ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar i konkrete saker, er at det i slike tilfelle også opnar for spørsmål om negative relasjonar der enkeltelevar kan namngi.
Vidare føreslår departementet at det vert fastsett i forskrift at ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar må gjennomførast slik at dei i minst mogleg grad grip inn i elevane sitt personvern.
Fylkesrådmannen si vurdering
Fylkesrådmannen støttar departementet sitt forslag om å lov- og forskriftsregulere bruk av ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar. Forslaget vil vere god støtte for skulane og vil kunne bidra til likare praksis blant skulane i bruk av ikkje-anonymiserte undersøkingar.
Departementet ber særleg om høyringsinstansanes innspel til følgande:
«Bør ikke-anonyme læringsmiljøundersøkelser kunne brukes til de formålene som er foreslått i forskrift til opplæringsloven § 22A-5 første og andre ledd og forskrift til friskoleloven § 7B-5 første og andre ledd?»
Fylkesrådmannen støttar forslaget i forskrift i opplæringslova § 22 A-5. Føresegna sett ein viss terskel for bruk av ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar og høgare terskel for bruk av ikkje -anonyme læringsundersøkingar i enkeltsaker.
«Er dere enig i at ikke-anonyme læringsmiljøundersøkelser som brukes i det forebyggende skolemiljøarbeidet, bare skal kunne omfatte spørsmål om negative relasjoner der enkeltelever ikke kan navngis?»
Fylkesrådmannen er einig i departementet sin vurdering. På det førebyggjande stadiet legg departementet til grunn at det skal meir til for å stille spørsmål der elevane verdt bedt om å namngje medelevar i ein negativ samanheng eller blir spurt direkte om negative relasjonar og dynamikkar mellom andre elevar. Fylkesrådmannen støtter ein slik avgrensing. Føresegna opnar for moglegheita til å stille spørsmål om og namngje medelevar i negativ samanheng i konkrete sakar der andre tiltak har blitt prøvd.
«Er dere enig i at det bør være krav om at skolene på egnet måte skal kontrollere riktigheten av opplysningene i slike undersøkelser?»
Fylkesrådmannen er einig i at det bør vere eit krav om at skulen på eigna måte skal kontrollere at opplysningane som kjem fram i slike undersøkingar skal kontrollerast. Men det bør utformast gode nasjonale eksempel på korleis dette kan gjerast utan at dette vert unødig belastande for elevane som er blitt namngjeven i samband med ein negativ hending. Dette for å sikre elevane. Vidare må det sikrast at skulane har rett kompetanse til å handtere slike saker.
«Bør det stilles særskilt krav om sletting av resultater fra slike undersøkelser, og hva bør innholdet i et slikt krav i så fall være?»
Fylkesrådmannen meiner det ikkje er behov for særskilt lovheimel for sletting av slike resultat. Dette vert regulert allereie av gjeldande lovgiving i personvernreglane og arkivlova. Vi støtter departementet sitt forslag.
4.7 – Deling av personopplysningar med andre skular, andre tenester mv.
Deling av personopplysningar er ein type behandling som krev eit behandlingsgrunnlag etter personopplysningslova. Dersom opplysningane er teiepliktige, vil reglane om teieplikt også avgjere om opplysningane kan delast. Deling av opplysningar betyr her utlevering av personopplysningar mellom verksemder og mellom organ og einingar i ei kommune eller fylkeskommune.
I opplæringslova i dag er det lagt opp til ei behandling av personopplysningar i ein rekke tilfelle. Det gjeld skulebytte, overgangar i skuleløpet, inntak over fylkesgrenser, samarbeid med kommunale tenester med meir. Det er i nokre tilfelle opna opp for å dele opplysningar, både at ein kan gjere det og at ein må gjere det.
Departementet si vurdering og forslag
Det kan vere fleire årsaker til at ein elev byter skule. Det kan vere på grunn av flytting, at eleven sjølv ønsker det eller fordi eleven blir pålagt skulebyte etter opplæringslova § 9 A-12. Nedlegging av skule kan også føre til at grupper av elevar må byte skule. Skulebyte er i liten grad regulert i opplæringslova, og det er heller ingen reglar om kva opplysningar som kan delast mellom skular. Reglane i opplæringslova med forskrift, inkludert reglane om vitnemål, gjer det nødvendig for skular å dele opplysningar om den enkelte sin fagsamansetning, fagstatus, karakterar og fråvær.
Departementet føreslår ein særleg heimel i opplæringslova til å dele opplysningar ved skulebyte. Formålet med slik deling vert fastsett i lova, og det vert regulert i forskrift kva opplysningar som kan utleverast mellom skular ved skulebyte. Departementet føreslår at skular skal kunne dele dei opplysningane som er nødvendig for å ta vare på følgjande formål: å oppfylle retten til opplæring og å få grunnlag for å utstede dokumentasjon på opplæringa.
Vidare føreslår departementet at det vert fastsett i forskrift at skulane ut frå formålet kan dele følgjande opplysningar ved skulebyte: tidlegare gjennomført opplæring, inkludert fagsamansetning, karakterar som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis, og fråvær som skal førast på vitnemål eller kompetansebevis. For å vareta personvernet føreslår departementet eit rettsleg grunnlag for å innhente andre opplysningar om eleven som er relevant for eleven sin opplæring, men med eit tilleggskrav om at eleven eller føresette må gi sin tillating.
Ved pålagt skulebyte føreslår departementet at det vert fastsett i forskrift at ein skule kan dele opplysningane frå vedtak om skulebyte etter § 9 A-12 den nye skulen treng for å kunne ivareta eleven som flyttast, og andre elevar på skulen. Departementet uttaler at det må vurderast konkret av opplysningane i vedtaket om skulebyte den nye skulen treng. Til dømes treng den nye skulen normalt ikkje opplysningar om andre elevar ved den tidlegare skulen, til dømes om den eller dei elevane som var utsett for mobbing eller andre krenkingar. Ut frå omsyn til personvernet vurderer departementet at innhaldet i vedtaket om skulebyte skal utgjere ei ytre grense for kva slags opplysningar den nye skulen skal ha.
Overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring
Overgangen frå grunnskulen til vidaregåande opplæring er ikkje uttrykkeleg regulert, og det kan difor vere tvil om kor langt dei rettslege pliktene til grunnskulane strekker seg, og om regelverket gir grunnskulane tilstrekkeleg grunnlag for å kunne dele personopplysningar om elevane med vidaregåande skular. Fylkeskommunen treng gjerne opplysningar om kven som har fullført grunnskuleopplæring, og karakter, inkludert manglande grunnlag for karakter (IV – Ikkje vurdert) og fritak frå karakter.
Departementet føreslår at fylkeskommunen skal kunne innhente personopplysningar frå grunnskulen som er nødvendig for å ivareta følgjande formål: å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, foreta inntak, forebygge fråvær og oppfylle oppfølgingsplikta. Fylkeskommunen skal kunne innhente opplysningar for desse formåla både frå offentlege og private grunnskular. Vidare føreslår departementet at det vert fastsett i forskrift kva opplysningar fylkeskommunen kan innhente frå grunnskulane. Fylkeskommunen skal kunne innhente dei opplysningane som ligg i forskrifta for alle elevar som fullfører grunnskulen, og ikkje berre dei som søkjer vidaregåande opplæring. Det handlar om at fylkeskommunen også skal kunne ivareta oppfølgingsplikta.
Fylkesrådmannen si vurdering
Departementet ber særleg om høyringsinstansen sine innspel til følgjande:
«Er de formålene som er foreslått i opplæringsloven § 15-10 andre ledd og friskoleloven § 7-9 andre ledd tilstrekkelige, eller bør det kunne deles opplysninger om elever til andre formål ved skolebytte?»
Fylkesrådmannen meiner at dei formåla som er føreslått er tilstrekkelege. Vidare er fylkesrådmannen positiv til at desse opplysningane kan delast utan hinder av teieplikt. Fylkesrådmannen er einig i departementet sin vurdering om at for innhenting av andre opplysningar for andre formål treng skulen eleven sin tillating.
«Er listen over opplysninger som er foreslått i forskrift til opplæringsloven § 22A-3 og forskrift til friskoleloven § 7B-3 tilstrekkelig, eller bør det også kunne deles andre opplysninger om elever ved skolebytte uten krav om tillatelse fra eleven eller foreldrene?»
Fylkesrådmannen meiner lista over opplysningar er tilstrekkeleg. Dataminimering er eit viktig prinsipp i personvernregelverket. Med dette hindrar vi ein fri flyt av opplysningar, medan vi samtidig sikrar ein effektiv arbeidsflyt.
«Er dere enig i at det skal være samme adgang til å dele opplysninger om elevene uavhengig av om det er skolebytte innad i en kommune/fylkeskommune eller skolebytte over kommune-/fylkesgrenser?»
Fylkesrådmannen er einig at det skal være same høve til å dele opplysningar om elevane uavhengig av om det er skulebyte innad i fylkeskommunen eller over fylkesgrenser. Dette sikrar lik praksis. Noko anna er eleven sine forventningar til kva den nye skulen har av opplysningar om eleven, men fylkesrådmannen ser at dette går meir på kva informasjon eleven får i forbindelse med skulebytet.
«Er dere enig i at innholdet i et vedtak om pålagt skolebytte skal utgjøre en ytre grense for hva slags opplysninger som skal kunne utleveres fra den gamle til den nye skolen?»
Fylkesrådmannen er einig i at vedtaket om pålagt skulebytte skal utgjere ein ytre grense for kva slags opplysningar som skal kunne utleverast frå den gamle til den nye skulen. På denne måten vil det vere den gamle skulen som avgjer kva for informasjon som skal overførast til ny skule. Dette vil sikre at den nye skulen får relevant informasjon for å følge opp eleven på best mogleg måte, men det vil ikkje verte utlevert for mykje informasjon slik at eleven har ein viss sjanse til å starte med «blanke ark».
«Er de formålene som er foreslått i opplæringsloven § 15-10 tredje ledd og friskoleloven § 7-9 tredje ledd tilstrekkelige, eller bør det kunne deles opplysninger om elever til andre formål ved overgangen fra grunnskole til videregående opplæring uten krav om tillatelse fra eleven?»
Fylkesrådmannen er einig i departementet sitt forslag. Formåla som er føreslått i opplæringslova § 15-10 tredje ledd er tilstrekkelege og ganske vide.
«Er listen over opplysninger som er foreslått i forskrift til opplæringsloven § 22A-4 og forskrift til friskoleloven § 7B-4 tilstrekkelig, eller bør det også kunne deles andre opplysninger om elever ved overgangen fra grunnskole til videregående opplæring?»
Fylkesrådmannen synes at lista over opplysningane som er føreslått i forskrift til opplæringslova § 22A-4 er tilstrekkeleg. Med desse opplysningane kan fylkeskommunen oppfylle sine pliktar ved inntak og oppfølging av elevane på ein god måte.
«Trenger fylkeskommunen opplysninger om karakterer og fravær fra grunnskolen for alle elever, eller holder det med slike opplysninger for dem som søker inntak til videregående opplæring?»
Fylkesrådmannen meiner det vil forenkle arbeidet til fylkeskommunen og oppfølgingstenesta dersom fylkeskommunen får opplysningar om karakter og fråvær frå alle elevar i 10. trinn. Opplysningar om karakterar og fråvær vil kunne vere av betydning i oppfølginga av dei ungdommane som ikkje går på vidaregåande opplæring.
Samla sett støtter fylkesrådmannen høyringa slik den ligg frå departementet. Fylkesrådmannen viser elles til dei vurderingane som kjem fram under dei enkelte delane.