Avstå frå dette EU-vedtaket
Dette skrivet fell kanskje inn under EØS, det kan ikkje eg ta stilling til. Men at EU merker denne saka slik, er ikkje overraskande! Sjølsagt vil dei binda Noreg opp til sitt opplegg for grøn energi. Det vil nok vera svært fordelaktig for EU. Men vil Noreg ha nokon som helst fordel av dette??
Eg tenkjer at Noreg allereie har involvert seg altfor mykje med utanlandsk kapital i høve til utbyggjing av grøn energi! Utan å få tilstrekkeleg att for det! Me treng ikkje fleire bindingar i så måte! For ikkje å snakka om unaudsynt utbyting av norske ressursar!
Men om dette er noko EU meiner (at dette høyrer inn under EØS) så bør Noreg i dette tilfellet markera sjølstende og ikkje godta ein slik påstand!
Noreg har nok bindingar til EU som det er gjennom EØS. Me treng ikkje fleire, snarare tvert imot!
EU- skrivet ser ut til å vilja sikra at statane stiller territorier og midlar til rådvelde for unionen med tanke på utbyggjing av grøn energi.
Eg viser til aukande motstand i folket her i landet mot meir utbygging av vindkraft, og regjeringa sitt vedtak om å gje kommunane vetorett i slike saker.
Då må ikkje Noreg innføra eit EU-vedtak som gjer at vi som nasjon vert bundne på hender og føter til å føreta nasjonale disposisjonar.
Vidare kan dette vedtaket innebera å avgje nok ein bit av vår nasjonale suverenitet og sjølvstende. Det må ikkje skje!
I så fall strir det mot Grunnlova, sjølv om ein gjerne vil dekkja seg bak EØS-avtalen.
Så etter mi oppfatning gjer ein noko ulovleg om ein innfører dette EU-vedtaket i Noreg,
Vidare meiner eg at det på ingen måte er naudsynt å fylgja EU i denne saka.
Kva føremon skulle Noreg få av det??