FORSLAG TIL FORSKRIFTER UNDER HAVBOTNMINERALLOVA
Pelagisk Forening viser til høyringsbrev av 5.2.25.
Det blir foreslått at det skal stillast krav for å redusera miljøpåverknadane av utvinning av mineral frå havbotnen. Pelagisk Forening meiner at når det blir stilt krav for å redusera miljøpåverknadane bør krava vera tydelege. Det same gjeld for avbøtande tiltak.
det blir foreslått meldeplikt ved undersøkingar mv. Dette synest å vera kopi av petroleumsforskrifta § 6 første, andre og femte ledd. «På samme måte som i petroleumsforskriften § 6 foreslår departementet at Sokkeldirektoratet i forskriften § 5 gis myndighet til å fastsette nærmere bestemmelser om innsending av opplysninger, om fiskerikyndig person, om innsending av data, registreringer og resultater frå aktiviteten og om sporingsutstyr.»
Fiskerinæringa opplever ikkje regelverket i petroleumsforskrifta § 6 som godt nok. M.a. er det eit problem at det er tilstrekkeleg å melda frå om seismikkskyting, og ikkje ein søknadsplikt.
Pelagisk Forening vil peika på at kvart år er det arealkonfliktar mellom seismikkfartøy og fiskefartøy. Det er ofte dei same konfliktane som går att. Typisk seismikkskyting på kjente sildefelt i fiskesesongen. Fiskeri som seismikkselskapa bør vera godt kjent med, men likevel ofte legg seismikkskyting til same tid år etter år.
Konfliktane er til ulempe for begge næringane, og det er ein føremon om konfliktar kan unngåast. Mange av konfliktane kunne vore unngått dersom næringane, alt på planleggingsstadiet, tok betre omsyn til kvarandre. Ein god måte, både for mineralnæringa og fiskerinæringa, er om regelverket blir utforma best mogeleg med tanke på sameksistens. Dette kan enkelt skje dersom mineralnæringa si aktivitet blir søknadspliktig, og ikkje berre meldepliktig.
Pelagisk Forening meiner at det bør vurderast at det blir innført krav om godkjent søknad før undersøkingar kan gjerast. Dette for å unngå mest mogeleg konfliktar mellom ulike næringsinteresser.
I høyringsnotatet står det at «Departementet mener det i utgangspunktet vil være en fordel at alle typer data som samles inn fra havbunnsmineralvirksomheten blir innrapportert til samme myndighet. Samtidig kan også miljømyndighetene ha nytte av miljørelaterte data.» Pelagisk Forening meiner at det bør vurderast om Havforskingsinstituttet bør få tilgang til data frå mineralutvinning på havbotnen.
I høyringsnotatet blir det foreslått krav om at «Fartøy som foretar geofysisk undersøkelse skal ha fiskerikyndig person om bord når det er nødvendig av hensyn til fiskerivirksomheten i området. I tvilstilfeller har Sokkeldirektoratet i samråd med Fiskeridirektoratet avgjørende myndighet.» Pelagisk Forening gjer merksam på at per i dag er det krav om fiskerikunnige på seismikkskip. Det er få fiskerikunnige som har gjennomført Fiskeridirektoratet sitt kurs, og dei siste åra har fleire av direktoratet sine årlege kurs blitt avlyst pga. for få påmeldte. Med mindre myndigheitene gjer tiltak for å auka talet på godkjente fiskerikunnige vil det kunne bli vanskeleg, i praksis, å oppfylla forslaget om krav om fiskerikunnige om bord.

Forslag til forskrift om Havbotnmineralregister
Pelagisk Forening har ikkje merknadar til forslaga.
Forslag til forskrift til havbotnminerallova kapittel 8 om erstatning til norske fiskarar
Forslaget «er basert på tilsvarende regler slik de er kjent fra forskrift til petroleumsloven kapittel 8 om erstatning til fiskere og kapittel 3 i havenergilovforskrifta.» Pelagisk Forening vil peika på at skadebotreglane i petroleumslova har forbetringspotensiale i høve til fiskerinæringa.
«Basert på dagens kunnskap, både om type og omfang av fiskeri og arealkonflikter/virkninger av havbunnsmineralvirksomhet, er det vanskelig å se for seg betydelige konsekvenser for fiskeriene ved aktivitet i området som er åpnet for havbunnsmineralvirksomhet.»
Pelagisk Forening meiner at det vil vera ein svakheit dersom ikkje regelverket blir utforma slik at regelverket kan handtera vesentlege interessekonfliktar mellom ulike næringar.
Ved eventuell opning av fleire område vil utilstrekkeleg regelverk kunne føra til behov for endring av forskrifta. Dvs. meirarbeid både for næringane og det offentlege. Pelagisk Forening rår difor til at regelverket blir utforma slik at det ikkje blir naudsynt med endringar dersom fleire område blir opna, eller om skadeverknadane blir vesentleg større enn kva som blir lagt til grunn i høyringsnotatet.
«Havbunnsmineralloven fastslår at krav etter loven skal behandles av en nemnd. Nemndens sammensetning bør være slik at den har tilstrekkelig fagkunnskap om det saksområdet nemnden skal behandle og med kompetanse om de næringer som er involvert. For krav som følger av beslagleggelse av fiskefelt der staten på nærmere vilkår vil være ansvarlig, foreslås det derfor at nemnden settes sammen av representanter fra Sokkeldirektoratet og frå Fiskeridirektoratet. For krav som følger av forurensning og avfall og skadevoldende innretninger mv. foreslås det at nemnden settes sammen av en representant for fiskeriorganisasjonene og en representant for selskaper med tillatelse etter havbunnsmineralloven § 4-1.»
Pelagisk Forening vil peika på at kverrsetjing av fiskefelt kan vera vesentleg meir økonomisk alvorleg enn «skadevoldende innretninger». Pelagisk Forening meiner difor at ved kverrsetjing av fiskefelt bør representantar frå fiskerinæringa vera representert i nemnda. Pelagisk Forening meiner òg at dette vil gje nemna betre legitimitet.
Pelagisk Forening støttar at leiar av nemndene skal vera ein person som fyller domstolslova sine krav til å vera dommar.
Det same gjeld for klagenemndene.
Det er foreslått at nemndene berre blir oppnemnt for to år av gongen. Pelagisk Forening stiller spørsmål ved om det vil gje betre kontinuitet dersom nemndene blir oppnemnt for lengre periodar enn to år.