🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i ordningen for innovasjons- og utviklingstilsku...

Kulturrådet

Departement: Familiedepartementet 3 seksjoner

Digitalisering og konsekvensar for dei allmennkulturelle tidsskrifta

Digitaliseringsrevolusjonen verkar, og vil fortsette å verke inn på økonomien til, drifta av, og innhaldet i dei norske allmennkulturelle tidsskrifta. Digitalisering kan på mange måtar vere ei løysing for utfordringar desse tidsskrifta har med høge kostnadar for trykk, distribusjon og formidling av fysiske utgåver, samt å demme opp for ei nedgang i abonnementstal. Men svært få av tidsskrifta som er i Kulturrådets portefølje har kompetanse og ressursar til å omstille seg på ein berekraftig og fullt ut profesjonell måte. Dei allmennkulturelle tidsskrifta heng etter i omstillinga og i det å få innhaldet sitt ut.

Manglande finansiering til innovasjon og utvekling dei allmennkulturelle tidsskrifta

Kulturrådet si ordning for tidsskrift og kritikk er ei tredelt ordning, der ein søker om tilskot til drift, til arrangement, eller prosjekt. Det er blir òg sett av ein mindre sum kvart år til innkjøp og formidling av tidsskrift til bibliotek. Det har dei siste fem åra komme ei handfull søknadar om tilskot til innovasjon eller utvikling av digitale plattformar. Budsjetta i desse søknadane har vore høge, og står ikkje i forhold til budsjettramma for ordninga.

Konklusjon

Kulturrådet har sett at dei allmennkulturelle har eit etterslep kva gjeld innovasjon og/eller utvikling innanfor det digitale feltet, og ser positivt på ei utviding av paragraf 2 i Medietilsynets ordning for tilskot til innovasjon og utvikling. Kulturrådet meiner at det må gjerast eksplisitt at utvidinga inkluderer dei allmennkulturelle tidsskrifta.