🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring av forslag til endringer i ordningen for innovasjons- og utviklingstilsku...

Språkrådet

Høyringssvar frå Språkrådet om forslag til endringar i forskrift om innovasjons- og utviklingstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium
Departement: Familiedepartementet 2 seksjoner

Bakgrunn

Språkrådet er det statlege forvaltningsorganet i språkspørsmål og følger opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

Språklova gjev det offentlege ansvar for å bruka, utvikla og styrka bokmål og nynorsk og dei samiske språka. Ho omfattar eit særskilt ansvar for å fremma nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket.

Lova gjev også det offentlege ansvar for å verna og fremma dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Det inneber at det offentlege skal setta i verk tiltak for å auka bruken av dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk og verna språka mot negative sanksjonar.

Merknad

Departementet ber om tilbakemelding på om avgrensingane i forslaget til ny § 2 er føremålstenlege. Bakgrunnen for forslaget om å endra § 2 er at fagmedium også skal kunna innfri kriteria for å få innovasjons- og utviklingstilskot, sidan dei er viktige bidragsytarar til mediemangfaldet og ein open og opplyst offentleg samtale.

Språkrådet stør forslaget om å endra vilkåra i § 2 i forskrifta slik at ordninga også inkluderer fagpressa. Språkrådet stiller seg elles bak dei føreslegne endringane i §§ 6, 7, 8 og 9 i forskrifta.

Språkrådet oppmodar departementet til å spesifisera språklege vilkår i § 2 slik at tilskotsordninga vert avgrensa til å gjelda nyheits- og aktualitetsmedium som hovudsakleg publiserer på eit språk som er omfatta av språklova. Den norske språkpolitikken har opphav i infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette ledd og i at språk er grunnleggande infrastruktur for eit ope og opplyst offentleg ordskifte. Språklege vilkår i § 2 vil sikra at tilskotsordninga er i tråd med føremålet i språklova og med språkpolitikken slik han er definert i Prop. 108 L (2019–2020) Lov om språk.