🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – Program for vaksinering mot covid-19

Helse Vest RHF

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Helse Vest RHF viser til høyringsbrev datert 16.10.2020 om endring i forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram. Endringa inneber at vaksinasjon mot covid-19 blir programfesta i Norge.

I høyringsnotatet foreslår Helse- og omsorgsdepartementet mellom anna at vaksinasjon mot covid-19 også blir rekna som ein del av spesialisthelsetenesta sitt tilbod til pasientar som ligg inne på sjukehus, og at spesialisthelsetenesta si plikt til å tilby vaksine til desse pasientane blir forskriftsfesta. I forslaget er det presisert at denne plikta også skal gjelde for private ideelle sjukehus med driftsavtale med eit regionalt helseføretak. Sjukehusa skal tilby vaksine mot covid-19 etter retningslinjer frå Folkehelseinstituttet.

Helse Vest RHF støttar forslaga til forskriftsendringar som er lagde fram i høyringsnotatet. Vi meiner det er positivt at også dei private ideelle sjukehusa får eit tydeleg definert ansvar for covid-19-vaksinasjon av eigne pasientar, i tillegg til dei offentlege helseføretaka. Det er nokre føresetnader som må vere på plass for at dei private ideelle sjukehusa skal kunne løyse denne oppgåva på ein god måte. Det er viktig at desse sjukehusa får informasjon om vaksinasjon direkte frå sentrale myndigheiter, høve til vaksinebestilling, elektronisk tilgang til SYSVAK (både for registrering av vaksinasjon og moglegheit for oppslag for å sjekke pasientar sin vaksinasjonsstatus) mm., på lik linje med dei offentlege sjukehusa.

Høyringsnotatet tar ikkje opp vaksinasjon av spesialisthelsetenesta sine eigne tilsette. Helse Vest RHF ser behov for ei avklaring på dette. Det er viktig at det ikkje er rom for misforståingar om kven som har ansvar for å tilby vaksinasjon av tilsette i sjukehusa når vaksine mot covid-19 blir tilgjengeleg.

Ansvar for oppfølging av eventuelle uønskte hendingar (mistenkte biverknader) etter vaksinasjon etter at pasientar er utskrivne frå sjukehuset, ev. hos vaksinerte tilsette, bør leggjas til primærhelsetenesta (fastlege).

Baard-Christian Schem, fagdirektør, Helse Vest RHF

Maren Stapnes Ege, seniorrådgivar, Helse Vest RHF