🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring: Forlengelse av midlertidige hjemler i helseberedskapsloven (endringer fo...

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus støttar at det er behov for å forlenge dei midlertidige heimlane i helseberedskapslova, for å sikre forsyninga av legemidlar, medisinsk utstyr og personleg verneutstyr under covid-19-pandemien. Det er også ønskeleg at ein opprettheld heimelen til å gjere unntak frå rettane i pasient- og brukarrettslova og korresponderande pliktreglar.

Utviklinga av covid-19-pandemien er framleis usikker, og det må vere eit handlingsrom i regelverket som gjer det mogleg å sikre forsyningar og handtere ein krevjande resurssituasjon i helsetenesta dersom smittetrykket aukar og fleire blir alvorleg sjuke og treng akutt behandling i sjukehus, og oppfølging, eventuelt kompleks rehabilitering, etter den akutte sjukdommen.

Helse Bergen si erfaring er at det har vore, og framleis er, naudsynt med ein stor og koordinert innsats for å sikre forsyninga av utstyr og legemidlar som trengs for godt smittevern og behandling av pasientar under covid-19-pandemien. Sjølv om situasjonen er mykje betre no enn han var i mars-april 2020, er det i dag til dømes eit problem å skaffe vanlege medisinske forbruksvarer, slik som operasjonsfrakkar og –hjelmar. Det har og i periodar vore svært vanskeleg å skaffe desinfeksjonsmidlar.

I starten av den fyrste bølgja av covid-19-pandemien i Noreg hadde den offentlege spesialisthelsetenesta fokus på å handtere sjølve pandemien med naudsynte smitteverntiltak som testing, smitteoppsporing, isolasjon og karantene, og på å drive opplæring og planlegging for betre intensiv- og overvakingskapasiteten. Prøvetakings- og analysekapasiteten var ikkje tilstrekkeleg utbygd, og tilgangen til personleg verneutstyr var knapp. Vi måtte då nedprioritere elektiv verksemd for å byggje kapasitet for å ta imot og behandle pasientar med covid-19, og det var aksept og forståing at sjukehusa tok elektiv drift ned til eit minimum.

No er det forventa ordinær drift i sjukehusa, samstundes som vi skal ha full kontroll på smitte blant pasientar, tilsette og studentar/elevar under utdanning. Då er det viktig å vere klar over at covid-19-pandemien framleis påverkar kritisk viktige forsyningar, både til den ordinære drifta og til pandemiberedskapen. Dersom smittetrykket aukar og situasjonen på sjukehusa endrar seg til det verre, må vi ha høve til på nytt å ta elektiv drift ned til eit minimum, noko som vil kunne gå ut over visse pasientrettar.

Fagmiljøet på smittevern har spelt inn at dersom det blir mangel på nødvendig utstyr som stettar krava til marknadsføring i Europa, så må det vere mogleg å ta i bruk alternativt utstyr som er produsert i Noreg, til dømes gjenbrukbare smittefrakkar og operasjonsklede. Helse Bergen har etablert ei ressursgruppe som bidrar i å vurdere alternativt smittevernutstyr i situasjonar der dei ordinære forsyningslinene er brotne, sjå mandat og samansetjing her: https://handbok.helse-bergen.no/eknet/docs/pub/dok63216.htm .

I høyringsbrevet er ‘legemidler’ omtalt 15 gonger, medan ‘medisinske næringsmidler’ er omtalt 17 gonger. Vi er usikre på om kva som er meint med ‘medisinske næringsmidler’ i denne konteksten, og ber om at dette blir klargjort i den vidare handsaminga av lovforslaget.