🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av ny forskrift om økonomiforvaltningen i sokn i Den norske kirke

Askvoll sokn

Departement: Departement 1 seksjoner
Høyringssvar til ny økonomiforskrift for sokna i Den norske kyrkja frå Askvoll sokneråd Del 2: Kommentar til pkt. 2: Askvoll sokneråd har ingen merknader til at prinsippet om kommunale rekneskapsprinsipp vert vidareført. Kommentar til pkt. 3-5: Askvoll sokneråd har ingen merknader til punkta 3-5. Kommentar til pkt. 6,1: Askvoll sokneråd meiner det vil vere svært uheldig om det, på bakgrunn av ulike heimlar for kommunens finansieringsplikt til trussamfunnet Dnk og den lokale gravplassforvaltninga, vert gitt opning for å skilje/øyremerke midlar til gravplassforvaltninga og kyrkja lokalt som trussamfunn. Vi ser på dette som ein fare for svekka økonomisk handlingsrom for lokalkyrkja, samt fare for at det på sikt vil vere enklare å opne for overføring av gravferdsforvaltninga frå soknet til kommunen. Del 3: Kommentar til pkt. 8: Askvoll sokneråd støttar forslaget om forsiktig utvida fristar for rekneskapsavlegging og revisjon, samt at det vert konkretisert kven som innstiller til vedtak i alternativt i alternativt 1.-ledd i § 17. Imidlertid ønskjer vi denne bestemmelsen inn allereie no, og ikkje ved seinare revisjon av forskriften. Del 4: Kommentar til pkt. 9: Askvoll sokneråd meiner at det i ei seinare regulering av økonomiforskrifta ikkje er grunn til å avgje kompetanse til Kyrkjemøtet for fastsetting av rekneskapsprinsipp og økonomiforvaltning, all den til lokalkyrkja vert finansiert av kommunen. I alle høve forutset vi at økonomiforskrifta for Den norske kyrkja lokalt, skal følgje dei kommunale rekneskapsprinsippa.