🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring av ny forskrift om økonomiforvaltningen i sokn i Den norske kirke

Den norske kyrkja – Kyrkjerådet

Departement: Departement 1 seksjoner
Kyrkjerådet for Den norske kyrkja støttar forslaget til ny forskrift om økonomiforvaltninga i sokn i Den norske kyrkje.

Kyrkjerådet ser det som positivt at forskriftsforslaget er utforma slik at det ikkje snevrar inn den organisatoriske fridomen trossamfunnsloven gir.

Kyrkjerådet meiner at sjølv om den uttrykkelege referansen til at pliktig rekneskapsrapportering omfattar rekneskapsrapportering fastsett med heimel i lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. § 6 følger av at dette allereie står i lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning (skatteforvaltningslova) som bokføringsforskrifta § 2-1 viser til, bør referansen likevel bli tatt med i forskrifta § 14 tredje ledd av pedagogiske grunnar. Regelverket kan være vanskeleg å forstå for dei som fører rekneskapen, noko som kan tilseie at forskrifta bør innehalde nokre pedagogiske gjentakingar sjølv om dei regelteknisk sett er overflødige. Kyrkjerådet legg til grunn at lov 12. desember 2003 nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. § 2 fyrste ledd bokstav e) si referanse til kyrkjelege fellesråd, for framtida skal tolkast som organ for soknet, jf. Innst. 208 L (2019-2020) side 4.

For å følgje opp forslaget til ny forskrift blir det førebudd ei sak til Kyrkjemøtet 2020 som foreslår å fastsette at bispedømerådet blir det organet det skal meldast til etter § 17 sjuande ledd og § 18 tredje og fjerde ledd.

Kyrkjerådet har ikkje merknadar til forslaget til alternative fristar og arbeidsdeling i kapittel 8 i høyringsnotatet.

Når det gjeld spørsmålet om forskrifta i framtida bør delast i éin del fastsett av Kyrkjemøtet og éin del fastsett av departementet støttar Kyrkjerådet at dette er ei naturleg utvikling. Det er positivt at departementet ved å gi reglar for økonomforvaltning følgjer med på økonomien i kyrkja.