Høyringssvar frå Gulen kyrkjelege fellesråd:
- Støttar at kyrkja vidareførar bruken av kommunale økonomi- og rekneskapsprinsipp
- Støttar at forskrifta vert tilpassa ny kommunelov
- Fråråder å dele tiilskotet frå kommunen i ein del til kyrkja si drift og ein del til gravplassdrift. Dette kan gje utfordringar mht rekneskapsføring og auka kostnader med det, men også vere ein pådrivar for enkeltkommunar til å overta gravplassforvaltninga i si heilheit. GKF ynskjer ikkje ei slik endring, då gravplassforvaltninga framleis bør vere ein del av kyrkja sine oppgåver, i nært samarbeid med kommunen som i dag.
- Der det er eit felles styringsorgan for fleire sokn ( jfr.prøveordning med felles sokneråd for fleire sokn), bør det ikkje setjast krav om rapportering utover det som vert rapportert til SSB.
I den vedtekne trossamfunnsloven §14, 6.ledd som tek til å gjelde frå 01.01.21. står det følgjande:
«Regnskapsloven gjelder for regnskapet til rettssubjektet Den norske kirke og for regnskapet til soknet, med mindre departementet har fastsatt annet i forskrift».

I trossamfunnslova er det vedteke eit anna rekneskapsprinsipp for begge einingane enn det som gjeld i dag. Vilkåret for at soknet også på lengre sikt skal kunne halde fram med det kommunale rekneskapsprinsippet er at departementet fastset det i eiga føreskrift.
Gulen kyrkjelege fellesråd meiner at departementet også i framtida bør fastsetje føreskrift om økonomiforvaltinga for begge rettssubjekta i Den norske kyrkja, slik at kommunale økonomi- og rekneskapsprinsipp framleis skal gjelde for kyrkja. Den nye trussamfunnslova vidarefører at kommunane i hovudsak skal finansiere den lokale kyrkja, difor bør dei kommunale rekneskapsmessige prinsippa vidareførast.