🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring -Forslag til lovhjemmel som åpner for å oppheve kommunale boligstiftelser

Kvam herad

Departement: Departement 1 seksjoner
Kvam heradsstyre kjem med følgjande høyringsuttale i saka:

1. Kvam heradsstyre viser til at dei økonomiske føresetnadane som låg til grunn for opprettinga av bustadstiftingane er endra. Moglegheitene for vidare tildeling av investeringstilskot frå Husbanken har falle vekk og stiftingslova sitt krav om tydelegare skilje mellom kommunen som opprettar og bustadstiftinga er skjerpa. Spelerommet mellom bustadstiftinga og kommunen har vorte mindre med åra og det er krevjande for kommunane å veta kva som er lov på grunn av eit skiftande regelverk. Samanblanding av roller fører til ytterlegare utfordringar for kommunane. Kvam heradsstyre er kjend med at det for mange bustadstiftingar er kommunen som fungerer som forretningsførar, dagleg leiar og einaste leigetakar i tillegg til å vera opprettar og den som har tilført kapitalen. Slik har også situasjonen vore i Kvam herad. Kommunane sitt behov når det gjeld tal bustadar og type bustad er i stadig endring, og det blir difor stilt større krav til fleksibilitet og endra investeringar. Kvam heradsstyre har difor stor forståing for at det er kommunar som ønskjer seg ei anna organisasjonsform enn bustadstiftingar.

2. Kvam heradsstyre meiner at det må takast omsyn til det kommunale sjølvstyre. Kommunar som ønskjer større kontroll over korleis dei kan tilby best mogelege tenester til innbyggarane sine, bør ikkje vera bunden av gamle kommunestyrevedtak, men ha høve til å legga til rette for at bustadmassen skal vera eit fleksibelt og effektivt verktøy i kommunane sin bustad- og sosialpolitikk.

3. Kvam heradsstyre stiller seg positive til at det no vert teke initiativ til å gjera det enklare for kommunane å sjølve finne fram til den beste løysinga for sin kommune. Kvam heradsstyre støttar difor høyringsforslaget til Nærings- og fiskeridepartementet om å få lovfesta ein heimel i stiftingslova som gjer det mogeleg å oppheva bustadstiftingar som er oppretta av norske kommunar.

4. Kvam heradsstyre ber om at Stortinget gjennomfører eit midlertidig fritak frå dokumentavgift for tilbakeføring av eigedom frå kommunale bustadstiftingar i høve handsaminga av budsjettet for 2021, og at det så snart som mogeleg vert gjennomført endringar i dokumentavgiftsregelverket som fritar kommunar tilsvarande etter 2021.