🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring -Forslag til lovhjemmel som åpner for å oppheve kommunale boligstiftelser

Sogn regionråd

Departement: Departement 1 seksjoner
Sogn regionråd er samarbeidsorgan for kommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Sogn regionråd er positive til forslaget til ny heimel i stiftingslova som opnar for at ein kommune (kommunestyret) kan treffa vedtak om å oppheva ein kommunal bustadstifting.

I vår region er det kommunale bustadstiftingar i Luster og Høyanger.

Vi viser til fråsegna frå Høyanger kommune om ei utviding om kva stiftingar som kan opphevast. Som det framgår av departementet sitt høyringsnotat punkt 2.3.2 har Høyanger kommune hatt eit omfattande arbeid med å søkja omdanning av den kommunale stiftinga. Kommunen fekk i 2015 avslag på søknad om oppheving av bustadstiftinga.

Høyanger Bustadstifting leiger ut omsorgsbustader, og står også for utleige av helsebygg som omfattar to sjukeheimar for heildøgns omsorg, heimesjukepleie, legekontor, NAV og helseadministrasjon. Høyanger står foran organisatoriske endringar i helsetilbodet som følgje av folketalsendring og drastiske endringar i demografien. Det er derfor viktig for kommunen at ikkje langsiktige leigeavtaler med «eigne» stiftingar er til hinder for ei optimal organisering av helsetilbodet.

Høyanger kommune ber i fråsegna om at formålet for å oppheva bustadstiftingar vert utvida slik:

Sogn regionråd sluttar seg til forslaget frå Høyanger kommune og ber om at også stiftingar med formål knytta til det kommunale helsetilbodet blir omfatta av ny heimel i stiftingslova.

Ivar Kvalen leiar Sogn regionråd Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift