Høyringssvar frå Fitjar kommune:
Vurdering og konklusjon:
Det er naturleg at Fitjar er plassert i sone 3. Rådmannen meiner retningslinjene er tydelege og vil auke forståinga av differensieringa i retningslinjene mellom pressområde og spreidd bebygde kyststrøk. Den lokale fridomen aukar ved at Fitjar vert flytta frå sone 2 til 3, noko kommunar i Sunnhordland har jobba for lenge. Dette aukar handlingsrommet for tiltak i strandsona, føresett at det vert innarbeida i nye kommunale planar. Vektlegging av kommunale planar styrkar det lokale ansvaret for strandsona. Dei nye planretningslinjene stiller også ein del krav og forventningar til kommunal forvaltning av strandsona noko som vi meiner er positivt for å kunna få ei langsiktig god forvaltning, og oppretthalda ålmenta sin tilgang til strandsona.
Forvaltninga av Fitjarøyene står framleis sentralt i strandsoneforvaltninga i Fitjar og Bømlo, då dette er eit særskilt verdifullt natur- og kulturlandskap. Framlegg til vedtak:
Formannskapet tek saka til orientering og støttar forslaga som ligg i nye nasjonale retningslinjer for differensiert strandsone.
Formannskapet meiner det er ei rett plassering av Fitjar kommune i sone 3.
Behandling i Formannskapet - 16.09.2020:
Formannskapet tek saka til orientering og støttar forslaga som ligg i nye nasjonale retningslinjer for differensiert strandsone. Formannskapet meiner det er ei rett plassering av Fitjar kommune i sone 3.