Naustforeininga Nytt i Naust
5382 Skogsvåg Skogsvåg 30. September 2020
Kommunal- og Moderniseringsdepartementet
Postboks 8112 Dep 0032 Oslo
postmottak@kmd.dep.no
Innspel frå Naustforeininga Nytt i Naust i samband med revidering av statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen(SPR)
Langs kysten vår ligg over 100 000 eldre naust og sjøbuer, dei flest vart oppført i perioden 1880 til 1970. Dei vart oppført som næringsbygg i samband med fiskeri og tilhøyrande aktivitetar. I vår tid er fiskeriaktiviteten endra og dei fleste bygga har mista sin opphavelege funksjon. Svært mykje av kysten sitt kulturmiljø utfoldar seg framleis i desse områda, bygningane representerer eit stor potensiale i verdiskaping som er knytt til variert næringsutvikling.
Retningslinene sitt føremål viser til dette, men dei konkretiserer ikkje dette i den vidare tekst.
Naustforeininga Nytt i Naust ber sterkt om at departementet ser på denne utfordringa.
Riksantikvaren fekk i 2019 utarbeida ein rapport om tilstanden til bygningar, spesielt med tanke på utviklinga langs kysten. ( https://www.riksantikvaren.no/verneverdige-kulturminner-tilstand-endringer-og-tap/ ) Rapporten syner at forfallet av bygningar i strandsona er aukande. Intensjonen til loven om byggeforbod i strandsona var ikkje at eksisterande bygg skulle forfalle og at ny bruk ikkje skulle være tillat. I dag er det mange naustområde der tilstanden på bygningane tyder på at Noreg er ein fattig nasjon utan midlar til å vedlikehalda bygningsmassen sin. Realiteten er at det i dag er god økonomi i havgapet. Tida er no inne for å oppgradera alle bygningane slik at dei kan stå i nye hundre år og vere til nytte for komande generasjonar.
Riksantikvaren har som motto, «vern gjennom bruk». Dersom ein tar desse bygningane i ny bruk vil dette redusere ny utbygging i strandsona.
Nye store samanslegne kommunar, som for eksempel Øygarden, Bjørnafjorden og Alver bør får ny vurdering av soneinndelinga. Store delar av areala i desse nye kommunane bør over i sone 3 sidan dette dreier seg om område som ligg langt unna pressområda i kommunen. Det gjeld dei ytre delane av dei nye kommunane. Det er også i desse områda ein finn eldre sjøhus som har dårleg vedlikehald. Mange er på stader utan veg, og sjølvsagt er dei å finna på værutsette holmar på vestlandet og nordover.
Om Naustforeininga Nytt i NaustOppstart av Naustforeininga var ei systematisk fotografering og oppteljing av alle naust i Sund kommune ( i dag ein del av Øygarden kommune). Bakgrunnen for initiativet var forfallet i bygningsmassen og utfordringane eigarane hadde i møte med offentleg mynde. Sund kommune var ein tradisjonell kystkommune med ca. 7000 innbyggarar. Kommunen har rundt 15 bygder der det til saman var ca. 500 naust. Fiskartida med mindre båter er borte og bygningane har mista sin opprinnelige næringsfunksjon. I arealplanar er dei fleste bygga plassert i LNF områder eller naustområder.
Bygningane er som regel arva frå tidlegare generasjonar, har store vedlikehaldsutgifter og er utan inntekter. Mange er utan veg fram og for dei fleste er bruksverdien lav, slik dei kan nyttast i dag.
Naustforeininga Nytt i Naust arbeider for:
•Sikring av det særprega kulturmiljøet, dei eldre bygningane og aktiviteten i strandsona.
•Ta bygningane i bruk til ny næringsverksemd og anna aktivitet for bevaring og bærekraftig utvikling.
•Skape motivasjon, trivsel og drivkraft til ny aktivitet.