Nettverk for kommunal vaksenopplæring i Møre og Romsdal har desse merknadene til forslaget til forskrift til integreringslov:
Kompetansekartlegging, punkt 5.3
Vi støttar å forskriftsfeste at kartlegginga omfattar språkkunnskapar, utdanning, arbeidserfaring, annan relevant kompetanse. Og at presiseringar og eksempel går fram av rettleiingsmateriell.
Permisjon ved fødsel og adopsjon, punkt 7.3.
Deltakarar bør fortsatt ha høve til å uttale seg før bortfall av retten til å bruke eigenmelding, som i dagens § 2-4 i forskrift om fravær og permisjoner. Det er ikkje tilstrekkeleg at denne retten er nedfelt i forvaltningslova.
Etter vår vurdering bør permisjon ved fødsel vere tredelt, med ei mødrekvote, ei fedrekvote og ein del som kan fordelast mellom foreldra, slik den generelle ordninga etter folketrygdlova er.
Norskmål for deltakarar som går i grunnskole, punkt 11.3.2
Vi ser ikkje at det er hensiktsmessig å foreslå rettleiande minimumsnivå for ulike grupper deltakarar, basert på utdanningsbakgrunn. Utdanningsbakgrunn seier lite om kva som kan bli det endelege sluttresultatet i grunnskoleopplæringa. Målet med grunnskolen må vere å oppnå så bra som mogleg sluttvurdering i alle fag.
Kompetansekrav for lærarar, punkt 14.3.2
Vi støttar kravet om godkjent lærarkompetanse tilsvarande det som gjeld ved tilsetting etter opplæringslova, og at det er tilstrekkeleg at det i forskrifta til integreringslova vert vist til forskrift i opplæringslova. Det bør vere slik at den som oppfyller krava for tilsetting etter forskrift til opplæringslova kapittel 14, også har relevant fagleg og pedagogisk kompetanse etter integreringslova, men med tillegg minst 30 studiepoeng i norsk som andrespråk. Kravet om 30 studiepoeng i norsk som andrespråk bør også gjelde for lærarar i vidaregåande opplæring når dei skal gi norskopplæring til personar som går full tid i vidaregåande opplæring. Og kravet bør gjelde for private tilbydarar.
Kravet om 30 studiepoeng norsk som andrespråk bør også gjelde for lærarar som underviser i grunnskole for vaksne, i innføringsklasser og liknande.
Hvordan fylkeskommunen skal registrere opplysninger om karriereveiledning og fravær,
Når fylkeskommunen skal overta opplæringsansvaret for alle som gå full tid i vidaregåande opplæring, må fylkeskommunen også ha ansvar for registrering av alle nødvendige personopplysningar, om fråvær, om gjennomført karriereveiledning o.l. Fylkeskommunen bør også ha ansvar for søknader om fritak fra plikt til opplæring og prøver i norsk og samfunnskunnskap for den gruppa som får all opplæring i vgo.
Hvorvidt det fortsatt skal registreres opplysninger om antall gjennomførte timer
opplæring i norsk, punkt 15.3.1
Det bør fortsatt registrerast opplysningar om gjennomførte timar. Det er viktig å vite kor mange timar som trengs for ulike grupperingar for å nå ønska nivå, både for evaluering, og for å kunne planlegge ressursbruk og dimensjonering av opplæringa både i kommuner og fylkeskommuner.

Kapittel 3 Fylkeskommunens ansvar
Departementet foreslår at fylkeskommunen skal «legge til rette for» at det gis meir grunnskoleopplæring til innvandrerungdom som har behov for det for å kunne gjennomføre vidaregåande opplæring (§ 63 i forslag til forskrift). Det er etter vår oppfatning uklart kva som er meint med «legge til rette for mer grunnskoleopplæring». Det kan også vere uklart kven «som har behov for det». Er det ungdom som er over 16, som har ungdomsrett, og som ikkje har vitnemål frå grunnskole? Eller er det ungdom som er utskrive fra grunnskole og som har vitnemål, men har hatt kort tid eller av andre grunnar ikkje har vurdering med karakter? Om opplæringsoppgavene skal løysast av ulike forvaltningsnivå, må det spesifiserast kven som har ansvar for kva, og ansvaret/pliktene må vere konkrete og tydelege.
Det same spørsmålet gjeld når Fylkeskommunen skal «legge til rette for» at innvandrarar kan etablere verksemder og at fagutdanna og høgt kvalifiserte innvandrarar skal verte inkludert i arbeidslivet. Kva er det Departementet meiner skal vere fylkeskommuna sitt ansvar reint konkret? Dersom forskrifta er ullent formulert, vil resultatet vere lite målbart.
Når det gjeld grunnskole særskilt organisert for vaksne, har kommunene lang erfaring og har bygd opp stor kompetanse. Mange i grunnskole for vaksne kan ha lite eller ingen skolebakgrunn. Norskopplæring og fagopplæring går parallellt, og faglærarane er også norsklærarar, og med god erfaring i å tilpasse undervisninga til elevar med lite skolebakgrunn. Undervisninga foregår på ulike nivå og med gradvis, og fleksibel progresjon.
Det kan vere positivt at ungdom frå 16 år kan gå på ein vidaregåande skole og få restopplæringa (grunnskole) der, i lag med ungdom på same alder. Det bør likevel også i fortsettelsen vere slik at kommunene kan tilby grunnskoleopplæring der det finst etablerte tilbod av ein viss storleik, slik at ein kan ha eit differensiert og fleksibelt tilbod. Der det er grunnlag for det, kan ein bygge opp tilbod etter kombinasjonsklassemodellen, der den kommunale vaksenopplæringa fortsatt har ansvaret for opplæringa, men i tett samarbeid med, og samlokalisert med ein vidaregåande skole.
Deltakarar som er frå 20/21 år og oppover, og som treng grunnskole, bør få dette tilbodet i den kommunale vaksenopplæringa, enten sluttmålet er vidaregåande opplæring eller arbeid. Denne gruppa vil som oftast ha meir til felles med vaksne enn med ungdom frå 16 til 20.
Nettverk for kommunal vaksenopplæring i Møre og Romsdal støttar forslaget til kompetansekartlegging, og meiner betre og grundigare kartlegging vil gjere opplæringa og integreringsprogrammet meir målretta og individuelt tilpassa. Kartlegginga bør gjerast av personar med brei kompetanse og erfaring på dette området og med denne målgruppa.
Det blir ei stor utfordring å få samordna kartlegging og karriereveiledning, slik at dette kan vere ei hjelp til betre målretta og tilpassa opplærings- og integreringsprogram. Det finst mykje kompetanse på kommunenivå, både i vaksenopplæring og i NAV, når det gjeld karriereveiledning for gruppa innvandrarar og flyktningar. Det er viktig at fylkeskommunene nyttar denne kompetansen.
Nettverk for kommunal vaksenopplæring i Møre og Romsdal støttar obligatoriske element som foreldrerettleiingskurs og kurs i livsmeistring i nytt land, men det er unødvendig med stor detaljstyring når det gjeld emner og timetall.
Nettverk for kommunal vaksenopplæring i Møre og Romsdal er sterkt usamde i dei høge krava for fritak som no vert foreslått innført. Tilstrekkelege kunnskaper i norsk og samfunnskunnskap bør vere som i dag; ferdigheter i norsk på A 2-nivå eller sluttvurdering i norsk og samfunnskunnskap frå grunnskole eller vidaregåande opplæring. Det er ikkje slik at høgare krav fører til betre integrering.
Departementets forslag til minimumsnivåer i norsk er etter vår oppfatning urealistiske. Det er ikkje integreringsfremjande å stille opp normative krav som dei fleste ikkje vil nå. Det bør dessutan vere enkelt å justere dei fastsette måla. Erfaringar tilseier at mykje kan endre seg for den enkelte i opplæring i løpet av den første tida der ein skal etablere seg sjølv og eventuelt familie i eit nytt land. For rigide krav vil kun resultere i mismot og maktesløyse. Altfor strenge språkkrav vil motvirke effekten av det ein ynskjer å oppnå i dei obligatoriske elementa som til dømes livsmeistring.
Departementet vurderar samla sett at forslaga kan finansierast innanfor gjeldande rammer.
Nettverk for kommunal vaksenopplæring i Møre og Romsdal vil hevde at dette ikkje let seg gjere.
Vi ynskjer ei integreringsreform velkomen! Vi vil gjerne vere med og løfte integreringsarbeidet ved å gjere dette introduksjonsprogrammet meir målretta, og i større grad individuelt tilpassa. Å satse på grundigare kartlegging og relevant karriereveiledning, samt å stille krav om kompetanse i norsk som andrespråk for lærarar støttar vi. Men dette kan sjølvsagt ikkje gjerast utan tilførsel av ekstra øyremerka pengar til kommunene.
I høyringsnotatet er det nevnt at når lærarane får vidareutdanning i norsk som andrespråk, vil deltakarar oppnå eit høgare nivå i norsk, og fleire vil avslutte opplæringa tidlegare. Slik kan kommunene spare pengar på opplæring!
Det er imidlertid ikkje manglande kompetanse hjå lærarane som er hovedgrunnen til at det tek lang tid å kvalifisere flyktningar til deltakelse i norsk arbeidsliv. Når ein hever kravet til norskkompetanse, vil opplæringa ta lenger tid. Vi har alt i dag erfaring med at deltakarar som tidlegare har delteke i norskopplæring og introduksjonsprogram havnar på ulike stønadsordningar i NAV-systemet, fordi dei manglar den kompetansen som norsk arbeidsliv krev. Å oppnå god og tilstrekkeleg kompetanse i norsk, og minimum kompetanse på grunnskole- og vidaregåande skoles nivå vil ta tid, men er likevel den beste garantien mot arbeidsløye og utanforskap. For dei fleste flyktningar vil det ta tid å tette gapet mellom medbrakt kompetanse og krav til kompetanse i arbeidslivet. Å tru at kommunene kan klare dette berre lærarane får 30 studiepoeng vidareutdanning i norsk som andrespråk og ein innfører obligatoriske element og strengare språkkrav, er særdeles urealistisk og er ikkje kunnskapsbasert.
Nettverk for kommunal vaksenopplæring i Møre og Romsdal er positive til at ein ynskjer å målrette og tilpasse integreringsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap til den enkelte, slik at det lettare skal vere mogleg å kome i arbeid eller skaffe seg vidare utdanning. Vi er samde i at det i dag er altfor stort gap mellom den kompetansen mange flyktningar har med seg, og det som til dømes er krav i det norske arbeidslivet. At ein ynskjer meir formell kompetanse inn i introduksjonsprogrammet, er også positivt.
Vi trur imidlertid at forslag til ny integreringslov og forskrift til denne ikkje vil føre til auka integrering og auka deltakelse i arbeidslivet. For strenge og urealistiske krav til norskmål og til innhald og varigheit i introduksjonsprogrammet kan kome til å verke mot si hensikt. For dei aller fleste vil det ikkje vere mogleg å lære meir på kortare tid enn i dag. Overføring av oppgåver til fylkeskommunen er heller ikkje godt nok begrunna, og arbeidsfordelinga mellom kommuner og fylkeskommuner til dels uklar. Skal integreringsreforma lukkast, slik at ein oppnår betre norskkompetanse og betre formell kompetanse, må ein bruke tid, basere seg på kunnskapen til fagfolk og forsking, og ikkje minst vil