Høyringssvar - forslag til endringar i vallova, valforskrifta og forskrift om val til Sametinget
Kommunal og – moderniseringsdepartementet (KMD) har sendt ut på høyring forslag til endringar i vallova, valforskrifta og forskrift om val til Sametinget. Forslaget kjem som ei følgje av at det er sett i gang eit arbeid med å revidera vallova.
Departementet viser til NOU 2020: 6 Frie og hemmelege val.
KMD tek sikte på å fremma ein proposisjon for Stortinget innan utgangen av 2022, slik at den nye vallova vert teken i bruk til kommune- og fylkestingsvalet i 2023.
KMD er av den meining at det er behov for at enkelte av dei endringane som vallovutvalet har fremma, bør bli vedtekne slik at dei kan gjelda allereie til stortings- og sametingsvalet i 2021.
Dette er dei føreslegne endringane til valet i 2021
• Ombudsplikten ved stortingsvalg endres slik at det er tilstrekkelig for fritak at personen avgir skriftlig erklæring om at vedkommende ikke ønsker å stå på en valgliste (oppfølging av stortingsvedtak om endring i Grunnloven).
• En velger med psykisk eller fysisk funksjonsnedsettelse som trenger hjelp til å avgi stemme kan selv peke ut en hjelper. Kravet om at en valgfunksjonær også skal være med inn i valgavlukket oppheves.
• Kravet om at valgstyret i kommunen ved stortingsvalg og fylkestingsvalg skal oversende alle valgkort fra forhåndsstemmegivningen til fylkesvalgstyret oppheves.
• Forhåndsstemmer mottatt siste uken før valgdagen skal sendes på en raskere måte enn vanlig innenlands brevpost.
• Valgkort skal sendes ut digitalt til alle stemmeberettigede bosatt innenriks.
• Alle stemmesedler avgitt utenriks skal påføres stempel, uavhengig av kommunens tellemetode.
• Stemmeseddelen for stortingsvalg får enkelte tekniske endringer.
Forskrift om val til Sametinget

• Refusjonsbeløpet til opptellingsvalgstyrene økes fra 28 kroner til 36 kroner per manntallsførte i kretsen.
• En velger med psykisk eller fysisk funksjonsnedsettelse som trenger hjelp til å avgi stemme kan selv peke ut en hjelper .
Tilslutnad til endringane
Hå kommune vil støtta departementet sine vurderingar knytt til dei føreslegne endringane. Så langt me kan sjå, er endringane knyta til allereie eksisterande praksis og at ein ser behovet for nye tekniske løysingar. Me vil alikevel koma med vår kommentar til ei av dei føreslegne endringane.
Hå kommune sin kommentar til denne endringa i vallova
Formålet med vallova er å legge til rette for å sikre frie og hemmelege val.
I 2005 blei det innført ei endring i vallova der det blei eit krav om at det alltid skal vera ein ekstra valfunksjonær med inn i røysteavlukket, i tillegg til ein hjelpar som veljaren sjølv har vald.
Så viser historien at denne endringa ikkje alltid har vore lett å gjennomføra i praksis, og har ført til visse uheldige episodar (viser til kap. 3 i høyringsnotatet).
Hå kommune vil oppmoda vallovutvalet til å utarbeida felles retninglinjer for korleis ein skal håndtera ny endring i praksis. Me vil og føreslå ei differensiering mellom veljarar på institusjonar og andre som har behov for assistanse. Kunne det vore ei særlovgjeving på institusjonar, då det i dag er openbare utfordringar med å ivareta vallova på dette området.
Det er pr i dag allereie ei særlovgjeving med tanke på at personalet i gitte tilfeller,kan legitimera seg for å bekrefta veljaren sin identitet (ref til vallova § 8-4 sjette ledd andre punktum).
Me vil og nytta høvet til å takka for eit godt utarbeida dokument og merkar oss at vallovutvalet har uført oppgåva si på ein framifrå måte.