Helse Møre og Romsdal HF takker for høvet til å gi innspel til endringar i apotekforskrifta. Vi har sett igjennom forslaga til endringar og støttar dei. I samband med forslag om å oppheve apotekforskriftens § 13 må det sikrast at vi ikkje hamnar i ein situasjon der ei apotekkjede har monopol, men dette reknar vi med at Konkurranseloven/Konkurransetilsynet regulerer. I samband med forslag om å oppheve apotekforskriftens § 27 synes vi særleg det er positivt at det vert opna for høve til vareleveransar mellom apotek som eit tiltak for å avhjelpe lokal legemiddelmangel, redusere kassasjon i tillegg til å ta i vare miljøperspektivet. Vi legg til grunn at det vil vere mekanismar tilstades som hindrar at apotek som sel sine legemiddel ikkje sitt igjen med stor gevinst på salet. Vi har ikkje øvrige merknader til endringane.