Dato: 25.09.2020 Høyringsfråsegn - forslag til endringar i apotekloven § 6-6 Konkurransetilsynet viser til brev frå Helse- og omsorgsdepartementet 29. juni 2020 med omsyn til endringar i apotekloven § 6-6. Forslaget inneber at det opnast for at originale biologiske legemiddel og deira tilsvarande legemiddel kan vurderast som bytande. Forslaget om endringa i apotekloven § 6-6 gjer at ordninga for legemiddelbyte i apotek ikkje lenger berre er for generiske og parallellimporterte legemiddel. Konkurransetilsynet sine merknader Konkurransetilsynet støttar Helse- og omsorgsdepartementet sitt forslag til endringar i apotekloven § 6-6. Endringa vil mogleggjere auka konkurransepress også for biologiske legemiddel, som igjen kan bidra til lågare prisar på biologiske legemiddel samt betre tilgang til slike legemiddel. Det visast i høyringsnotatet til at den tilsvarande byteordninga med generiske legemiddel anslagsvis sparar folketrygda og pasientane for om lag to milliardar kroner i året. Dette kan indikere at det å inkludere biologiske legemiddel i byteordninga kan spare samfunnet for store summar årleg som følgje av auka konkurranse og lågare prisar. Ettersom det er venta fleire biologiske legemiddel i marknaden i framtida, vil dette også ha større verdi framover. Det at legemidla må godkjennast før dei kjem inn på " Byttelisten ", sikrar etter Konkurransetilsynet sitt syn eventuelle helsemessige årsaker til å ikkje ta inn biologiske legemiddel i ordninga for legemiddelbyte i apotek. Med helsing Magnus Gabrielsen (e.f.) avdelingsdirektør Vedlegg Høyringsfråsegn - forslag til endringar i apotekloven § 6-6 - Konkurransetilsynet.pdf Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen