Lovverket vart opphaveleg vedteke som eit tiltak i ein situasjon ein visste svært lite om. I ettertid ser ein at sjukdomen er langt mindre farleg enn frykta. I dag veit vi at i Noreg døyr berre 0,02% og elles i verda 0,03% av covid-19. Dette er rekna ut frå talet på menneske som har testa positivt. Ein veit at talet på positive er langt høgare fordi en stor del av dei koronasmitta ikkje har symptom på smitte. I røynda er difor sjukdomen endå mindre dødeleg.
Situasjonen kan difor ikkje karakteriserast som ei krise der ein har behov for å oppretthalde eit kriselovverk med opning for bruk av militært personell. Dermed finst det heller ikkje juridisk grunnlag for å forlenge kriselova med tanke på bruk av militært personell.
Ordlyden i lova er elles diffus der det ikkje er klart korleis militæret skal «bistå» og «avhjelpe», og kva «konsekvenser» av koronasituasjonen ein snakkar om. Den runde ordlyden avgrensar i lita grad omfanget av verkeområdet som vert gjeve.
Det er også eit moment at denne hastehøyringa kan verke direkte inn på ei anna hastehøyring dagsett 18.08.2020 som omhandla bruk av eksperimentelle GMO (genmodifiserte) lækjemiddel på befolkninga. Som ei følgje av hastehøyringa kan det verte opna for at personell vert involvert i distribusjon av eksperimentelle GMO-lækjemiddel, som også vert tilrettelagt i form av ei hastehøyring. Den svekka rettstryggleiken kan verte endå meir svekka når ein ser at hastevedtak vert liggande oppå kvarandre i ein slik situasjon. Berre svært alvorlege kriser vil kunne rettferdiggjere slike forsterkande tiltak som reduserer rettstryggleiken til folk. Det er allereie klart at koronasituasjonen ikkje er ei slik krise.
Det er elles kritikkverdig at høyringa vart gjort kjent 17.9.2020 med svært kort frist 22.9.2020 kl.12.00.