Dato: 28.03.2025 Svartype: Med merknad Først vil me takke for at det har blitt utarbeidd eit forslag til ei ordning som avbøter urettferidgheita mellom kundar i ulike prisområde. Me hadde likevel håpt at det ville blitt lagt fram forslag som og traff næringslivet og ikkje berre privatpersonar. Dei ulike straumprisane mellom prisområda er sterkt konkurransevridande, og skaper ein misnøye og mistru mot energibransjen som ein til tider kan seia seg einig i. Vidare er det eit stykke arbeid som blir pålagt nettselskapa, som bør bli kompensert på ein eller annan måte. Dette bør skje som direkte overføringar utanom inntektsrammesystemet. Våre innvendingar og kommentarar til forslaget: § 8 . Det er bra at det blir avklart at dette ikkje er eit forbrukarkjøp. Då slepp ein forhåpentleg uvissa rundt angrefrist og tilbakebetalingar til kunde. Vidare er det eit forslag om at målepunktet skal bindast til avtalen, sjølv om det kjem ny kunde på målepunktet. Dette meiner me strir mot normal praksis og sunn fornuft. Me meiner problemet med overføring av kundeforholdet til andre partar for å komme unna forpliktinga, er overproblematisert. Som eit kompromiss må ein justere forslaget til at ein kan fristille målepunktet ved eigarskifte av målepunkt eller byte av leigekontrakt. Dette kan eksempelvis løysast ved krav om framvisning av dokumentasjon før avtalen vert frigjort frå målepunktet. §15. Me saknar litt informasjon om kven som tar risikoen dersom ein kunde ikkje betalar inn skyldig beløp som berekna (i dei tilfella der straumprisen er under norgespris). Nettselskapet bør ikkje ta denne risikoen. Likedann må ikkje nettselskapa lide nokon økonomisk risiko dersom ein kraftomsettar går konkurs, og ikkje betalar inn skyldig beløp. Det bør og avklarast om nettselskapet har stengerett på skyldig beløp relatert til norgespris. Energidepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"