🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Forlengelse av midlertidig lov 26. mai 2020 nr. 54 om unntak fra krav t...

Advokatfirmaet Schjødt AS

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Vi viser til Nærings- og fiskeridepartementets høyringsbrev av 8. september 2020.

Advokatfirmaet Schjødt AS støttar framlegget om å forlenge den mellombelse lova om unntak frå krav om fysisk møte mv. i foretakslovgivinga til 1. juni 2021.

Slik vi ser det, er det i lys av smittesituasjonen eit reelt behov for å forlenge lova. For foretaka er det ein fordel om dei allereie no kan starte planlegginga av årsmøte og generalforsamlingar våren 2021 utan fysisk møte. Vidare kan vi ikkje sjå at dei mellombelse forskriftene og den mellombelse lova har vist seg å ha negative verknader som tilseier at lova ikkje blir forlenga.

Vi støttar initiativet om å vurdere permanente endringar i krava til å halde fysiske møte og underteikne protokollar fysisk. Så langt råd, bør reglane her vere sams for alle foretaksformene, i alle fall for dei foretaksformene som er omfatta av den mellombelse lova og bustadsamanslutningane (burettslag, bustadbyggjelag og eigarseksjonssameiger).

Advokatfirmaet Schjødt AS