🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – Endringer i vergemålsloven og vergemålsforskriften – om godtgjøring til...

Fylkesmannen i Vestland

Departement: Beredskapsdepartementet 9 seksjoner

Høyringssvar - Endringar i verjemålslova og verjemålsforskrifta om godtgjering mv.

Fylkesmannen i Vestland vil innleiingsvis påpeike at vi synest det er positivt at Justis- og beredskapsdepartementet tek initiativ til å gjere endringar i regelverket, der føremålet er at verjemålsmyndigheita sitt arbeid knytt til verjegodtgjering skal bli mindre ressurskrevjande. Det går som departementet er kjend med mykje tid til å handsame søknader og klagesaker på dette området, og vi er difor interesserte i nye løysingar som kan forenkle og lette arbeidsmengda.

Oppstartssats

Fylkesmannen i Vestland er i utgangspunktet positive til ein ny regel om standard oppstartssats. Vi meiner det bør være ein, og ikkje fleire, satsar. Då slepp vi å gjere ei vurdering i kvar enkelt sak og risikoen for forskjellsbehandling mellom embeta vil bli mindre. Behovet for ulike satsar er heller ikkje så stor ettersom oppgåvene det er lagt opp til at oppstartssatsen skal dekkje stort sett vil vere dei same for dei ulike oppdraga.

Eit av føremåla med oppstartssats, slik vi les forslaget, er at verja skal få insentiv til å gjere seg godt kjend med verjehavar, mellom anna for å avdekkje kva som faktisk er behovet og for å sikre kvalitet på tenesta. Dei faste verjene har som hovudregel ikkje kjennskap til han eller ho dei blir oppnemnd som verje for frå før. Oppfatninga vår er difor at oppstartssatsen bør løyvast i alle oppdrag der det er oppnemnd fast verje og der verjemålet omfattar anten «økonomiske og personlege interesser» eller «økonomiske interesser».

Ei slik praktisering vil også forenkle saksbehandlinga til fylkesmannen og redusere risikoen for forskjellsbehandling mellom embeta.

Vidare meiner vi grunngjevinga for å gje ekstra godtgjering i starten av eit oppdrag også gjer seg gjeldande i saker der det skal bytast verje. At ny verje også tek seg tid til å bli kjend med verjehavar og behovet han eller ho har, er like viktig i desse oppdraga. Bakgrunnen for bytet av verje er også i ein del tilfelle at tidlegare verje ikkje har handtert oppdraget på ein tilfredsstillande måte, slik at det er mykje å rydde opp i for ny verje i starten.

I distriktsfylka, som Vestland, er det heller ikkje uvanleg med store avstandar og krunglete reisestrekningar. Det er ikkje alltid mogleg å oppnemne ei verje som bur i nærleiken av verjehavar, og eitt besøk kan difor ta fleire timar berre i reise. Det er likevel viktig at det blir gjennomført eit møte mellom verje og verjehavar i starten av oppdraget, anten det er eit heilt nytt oppdrag eller det er oppnemnd ny verje. Ein oppstartssats vil difor vere heilt naudsynt for å kompensere for reisetida og timebruken i desse oppdraga, og vi må ha eit regelverk som også famnar om denne realiteten.

Ny høgare sats

Ei omlegging frå timegodtgjering til to ulike standard faste satsar, kan på den eine sida tenkjast å lette både verja og verjemålsmyndigheita sitt arbeid. Det sparar verja for tid til å utarbeide timelister og verjemålsmyndigheita slepp å gjere ei konkret vurdering ved kvar enkelt søknad. Departementet peikar også på at eit system med høgare sats vil gjere kostnadene til verjeoppdraget meir føreseielege for verjehavar, og at det vil gje verja insentiv til å effektivisere arbeidet.

Fylkesmannen i Vestland er likevel usikre på om ei slik endring faktisk vil oppnå dei ønskte formåla.

Vi trur for det første at vi vil få utfordringar med å gjere treffande vurderingar når det kjem til kva sats som skal setjast. Vi ser føre oss at det kan vere aktuelt med den høgare satsen i oppdrag der det til dømes er ein verjehavar med stor gjeld, der vedkommande er svært aktiv slik at det er mykje for verja å ta tak i, der det skal avhendast eigedomar og i skiftesaker. Kor tidkrevjande slike oppgåver er, vil likevel variere i stor grad, og ein høgare sats kan ikkje forsvarast i alle tilfella der nokre av dei nemnde oppgåvene inngår. At vurderinga skal gjerast i forkant av sjølve arbeidet, vil føra med seg ein relativt stor risiko for at verja får for mykje eller for lite betalt for arbeidet, og for ulik behandling mellom embeta. Korleis verja skal dokumentere arbeidsbyrda på ein god og treffande måte før arbeidet er gjort, er også noko vi stiller spørsmålsteikn ved.

Det at eit verjeoppdrag vil medføre kostnadar på anten kr 10 000,- eller kr 20 000,- vil etter Fylkesmannen sin vurdering også skape eit moment av usikkerheit for både verjehavar og verja. Særleg sidan det er lagt opp til at satsen berre skal gjelde i periodar, og heller ikkje gjelde frå starten av oppdraget. Det vil kunne kome overraskande på både verje og verjehavar at satsen undervegs blir dobla eller halvert. Vi frykter at dette vil føre med seg at verjehavar trekkjer samtykkje til verjemålet eller at verja seier frå seg oppdraget, når satsen eventuelt endrast. Dette vil igjen skape meirarbeid for fylkesmannen.

Fylkesmannen i Vestland sin vurdering er etter dette at ordninga med timegodtgjering er meir rettferdig og føreseieleg enn ordninga med to faste satsar. Vi har jobba mykje med å utarbeide gode og enkle måtar å handtere søknadsmengda på innanfor gjeldande regelverk opp gjennom åra, og har i dag eit system for oppdraga som blir honorerte etter faste satsar som vi meiner varetek både verje og verjehavar, og som gjev verja insentiv til å akseptere fast sats framfor å søkje om timegodtgjering.

I tilfella der det likevel blir søkt om, og verja får innvilga timegodtgjering, får verja betalt for den faktiske tida som er brukt. Dette meiner vi er rettferdig både overfor verja som utfører arbeidet og for verjehavar som får tenestene. Moglegheita for å gjere vurderinga i etterkant ut frå detaljerte timelister er også heilt vesentlege for at vi skal kunne treffe rette avgjerder.

Vi kan heller ikkje sjå at ei endring i tråd med forslaget vil skape ein særleg gevinst kva gjeld ressurssparing for verjemålsmyndigheita av dei nemnde grunnane. Dersom forslaget likevel blir vedteke har vi nokre merknader til dette.

Vi vil først og fremst peike på at vi meiner det bør vere mogleg å få ein høgare sats for alle typar oppdrag. Oppdrag som berre omfattar til dømes økonomiske interesser, kan vere like tidkrevjande som oppdrag der mandatet er både økonomiske og personlege interesser.

Vi meiner også at den høgare satsen bør vere aktuell for alminnelege verjer. Særleg i distrikta er det ikkje sjeldan det blir oppnemnd verjer som ikkje har kjennskap til verjehavar frå tidlegare, men vedkommande er føreslått på grunn av rolla han eller ho har i lokalsamfunnet. Desse oppdraga kan vere like krevjande som dei oppdraga dei faste verjene tek på seg, og dei krev like mykje tid frå verja når det kjem til å gjere seg kjend med verjehavar og kartleggje vedkommande sitt behov.

Ny regel om timegodtgjering

For enkle og mellombelse oppdrag er vi einige i at det framleis må vere ope for timegodtgjering.

Når det gjeld andre ordinære oppdrag, meiner Fylkesmannen i Vestland prinsipalt at reglane for timegodtgjering bør vere slik dei er i dag. Dersom forslaget om høgare sats og timegodtgjering for dei svært krevjande sakane likevel blir vedteke, har vi nokon merknader til dette.

Vi meiner for det første at det bør vere mogleg å gje timegodtgjering også i andre saker enn der verja har mandat til å ivareta «økonomiske og personlege interesser», og for oppdrag med alminnelege verjer. Vi viser til grunngjevinga vi har trekt fram under punkt 4, som vi meiner også gjer seg gjeldande her.

Fylkesmannen si klare oppfatning er vidare at det ikkje bør stillast krav om tilsyn med verja. Dette vil både skape meirarbeid for fylkesmannen, og eit dårleg og lite tillitsbasert samarbeidsklima mellom verjemålsmyndigheita og verjene. Vi må kunne ha tillit til at verja utfører oppdraget på ein tilfredsstillande måte og ikkje gjer meir arbeid enn nødvendig.

Ut frå Fylkesmannen i Vestland sin portefølje av verjeoppdrag, vurderer vi at det vil vere aktuelt med timegodtgjering i langt fleire oppdrag enn departementet har rekna med. Vi har mange komplekse saker, med vanskelege problemstillingar, som åleine eller saman med verjehavar si åtferd, gjer at den høgare satsen ikkje vil vere dekkjande.

At timegodtgjeringa skal løyvast i tillegg til den faste satsen, men avgrensast til konkrete oppgåver, ser vi også føre oss at kan bli vanskeleg å praktisere. Både det å avgjere kva oppgåver som skal godtgjerast time for time, vurderinga av timane i etterkant, og at det skal setjast eit timetal i forkant av at arbeidet er utført, blir utfordrande.

Dersom desse endringane likevel blir vedteke er det viktig at det blir konkretisert kva oppgåver det er venta at skal liggja til den faste satsen og kor mykje arbeid det må vere snakk om for at timegodtgjering skal vere aktuelt. Det bør også utarbeidast ein mal for timeliste som verjene kan bruke med klar informasjon om kva som krevjast.

Ei utfordring med den løysinga at den høgare satsen og timegodtgjering berre skal kunne godkjennast fram i tid, er at verja vil bli nøydt til å gjere ein del arbeid som ikkje blir godtgjort. Erfaringa vår er at det ofte dukkar opp uventa situasjonar og problemstillingar som verja må handtere med det same. Sjølv om verja sender inn ein søknad om høgare sats/timegodtgjering ganske raskt, vil ikkje vi kunne gjere eit vedtak med ein gang. Dette vil særleg ta tid dersom vi skal gjere tilsyn med verja først. Verje vil då anten måtte gjere arbeid som ikkje blir kompensert, eller verjehavar blir ståande utan den nødvendige hjelpa. Dette til skilnad frå i dag, der vi vurderer arbeidet og godkjenner godtgjering i etterkant av at arbeidet er utført. Noko vi meiner er ei betre og meir rettferdig løysing for alle partar.

Retten til godtgjering med salærsats

Fylkesmannen i Vestland er einig i at bruken av advokatverjer bør avgrensast så mykje som mogleg og at utgangspunktet må vere at personar med verje må kjøpe advokattenester på lik linje med andre som treng spesialisttenester.

Vi meiner likevel at høve til å oppnemne ein advokat som verje, som er teke til ordet for i forslaget, er for snever og ber preg av å vere ei teoretisk løysing. Vi har i praksis få slike saker som forslaget skisserer, og det vil vere svært vanskeleg for fylkesmannen å gjere ei vurdering av i kva grad ei verja vil nå fram med påstanden om at verjehavar har inngått ein ugyldig avtale.

For at vi skal kunne tilby verjetenester til alle som treng dette, er vi avhengige av å kunne bruke advokatverjer i fleire høve enn forslaget legg opp til. Vi vil få store utfordringar med å rekruttere faste verjer til mange av oppdraga som advokatar tek i dag. Dei faste verjene vil i mange tilfelle heller ikkje ønskje, eller ha dei nødvendige føresetnadene, for å ivareta interessene til enkelte verjehavarar.

Opninga for å oppnemne ein advokat som verje bør vere i dei tilfella verjehavar sin totale situasjon tilseier det. Vi vil trekkje fram nokre døme.

Vi har for det første fleire saker der verjehavar grunna alvorleg sjukdom og/eller rusmisbruk har kome i ein så vanskeleg situasjon at verja må ha kjennskap til ei stor mengde regelverk med tilhøyrande løysingar for å kunne gjere ei rask opprydding. Vi har også verjehavarar som har ein risikofylt åtferd, ofte grunna rus eller psykisk liding, som jamleg oppsøkjer verja fysisk. Av tryggleiksomsyn er det i slike saker ein fordel å oppnemne ei verje som arbeider frå eit kontorlokale og ikkje frå si private adresse. Desse sakene inneber ofte utstrekt kontakt med politi, psykiatriteneste og andre aktørar, og krev at verja har visse eigenskapar.

Når det kjem til mellombelse oppdrag som gjeld rettigheiter til fast eigedom, arveforskot, skiftesaker med meir, er vi også avhengige av å ha moglegheit til å oppnemne ein advokat som verje. Forsøk på å bruke faste verjer i slike saker er ikkje alltid vellukka, då det ofte er komplekse vurderingar som personar utan juridisk bakgrunn kan ha vanskar med å handtere. Dersom verja ikkje gjer eit tilstrekkeleg godt arbeid i desse sakene får vi i neste ledd utfordringar med å ta ei avgjerd i saka, og må bruke meir tid og ressursar enn om vi hadde brukt ei verje med sakkunnig kompetanse. Vi ser også at advokatar ofte bruker mindre tid på slike sakar, då dei ikkje treng like mykje tid på å gjere seg kjend med aktuelt regelverk. Kostnadene blir difor ikkje nødvendigvis høgare totalt sett dersom det oppnemnast ei verje med godtgjering etter salærsats enn ei verje med rett på fast sats.

Vi brukar også advokatverjer i ein del saker som gjeld mellombelse oppdrag for mindreårige i straffesaker, der foreldra er inhabile og ikkje kan ta hand om interessene til barnet i saka. Fylkesmannen oppnemner mellombels verje som skal ta hand om rettane til barnet, etter oppmoding frå politiet, og oftast utan at foreldra er gjort kjende med det. Verjer som tek denne typen oppdrag bør etter vår vurdering ha forståing for prosessen og det juridiske i saka, og vi har difor i hovudsak brukt advokatar og juristar som mellombelse verjer.

Dette er ein sakstype med korte fristar, og der verjene må vere tilgjengelege på dagtid og på kort varsel. Vi har rekruttert fleire faste verjer som har juridisk bakgrunn, og som tek denne typen oppdrag til fast sats kr 400,- per time, men er ikkje i mål med dette og nyttar difor framleis ein del advokatar. Det er i dei fleste sakene tale om få timar per oppdrag.

Dersom fylkesmannen ikkje skal kunne bruke advokatar i saker som nemnd her, vil mange verjehavarar i praksis bli ståande utan hjelp, då vi ikkje vil ha verjer som er villige eller kompetente til å ivareta interessene til vedkommande på ein tilstrekkeleg god måte.

Verjemålsforskrifta § 19

Vi har ikkje innvendingar til forslaget om endringane av ordlyden i verjemålsforskrifta § 19 første ledd første punktum.

Vi vil likevel nytte høvet til å komme med nokre generelle merknader til § 19.

Fylkesmannen meiner for det første at det bør gjerast ei ny vurdering av reglane for mindreårige når det kjem til dekning av verjekostnader. Verjemål for mindreårige er ikkje frivillig, som for vaksne. I dei aller fleste tilfella der den mindreårige må dekkje verjegodtgjeringa er det fordi formuen overstig kr 50 000,-. Formuen skriv seg gjerne frå ei erstatning, som valdsoffererstatning eller erstatning for tapt forsørgjar. Når barnet ikkje har inntekt, som er tilfellet i dei aller fleste saker, vil det ha små moglegheiter for å auke formuen sin, til skilnad frå vaksne. Dei årlege verjeutgiftene gjer dermed at formuen blir redusert for kvart år. Vi meiner difor det er særskilde omsyn som gjer seg gjeldande for mindreårige, som tilseier eit anna regelverk for denne gruppa. Vi meiner i alle tilfelle at grensa for kva den mindreårige må ha i formue for å overstige grensa bør vere høgare enn for vaksne.

Vidare er oppfatninga vår at regelen i andre ledd som set andre formue- og inntektsgrenser for personar som har ektefelle eller lever saman med nokon, som dei har felles økonomi med, er vanskeleg å praktisere. Det er lagt opp til at fylkesmannen skal rekne ut kva dei to personane til saman har i inntekt og formue. Vi kan ikkje sjå at vi har heimel for å innhente likningsopplysningar for personar utan verjemål. Regelen vil difor berre vere mogleg å praktisere i dei tilfella ektefellen/den andre også har verje, noko som vil føre med seg ein uheldig forskjellsbehandling. Dersom regelen skal halde fram ønskjer vi tilbakemelding på korleis vi skal gjere denne utrekninga i praksis, og korleis vilkåret om «felles økonomi» skal vurderast.

Endringar som følgje av innføring av automatisert kontroll

Ordninga legg opp til at Fylkesmannen vil få automatisk tilgang på verjehavar si skattemelding, og kontoutskrifter der verje er registrert som disponent. I tillegg vil det vere viktig at Fylkesmannen får tilgang til verjehavar sine andre finansielle eigedeler som VPS-konto, aksjar, verdipapir etc.

Verjemålsforskrifta § 22

Vi meiner frist for innsending av avsluttande rekneskap ikkje bør vere lenger enn ein månad, slik at vi kan få avslutta sakene fortløpande, og dei ikkje blir liggande i fleire månader som «under avvikling» i saksbehandlingssystemet.

Endring i verjemålslova § 29

Fylkesmannen har i utgangspunktet ikkje innvendingar mot at andre ledd første punktum blir erstatta av to alternative heimlar for fråtaking av eit verjeoppdrag.

Når det kjem til forslaget i høyringa frå 2018 om at verjehavar, og verjehavar sine pårørande, skal kunne krevje byte av verje, har vi nokre kommentarar.

Vi har for det første ikkje motførestillingar mot at verjehavar skal kunne krevje byte av verje. Dette er i tråd med Fylkesmannen i Vestland sin praksis i dag, all den tid verjemålslova § 20 krev samtykkje frå den som er sett under verjemål til val av verje.

Når det gjeld å gje ein slik rett til verjehavar sine pårørande, er vi derimot ueinige i forslaget. Pårørande har allereie ein god del rettar i verjemålssakar, mellom anna kan dei søkje om verjemål og klage på vedtak som gjeld oppretting av verjemål. Det er ikkje sjeldan vi har saker der det er store konfliktar og motstridande syn mellom verjehavar sine pårørande. Dette er krevjande saker å handsame, og vi ser at dei pårørande ikkje alltid har verjehavar sitt beste i tankane, men kan ha eigeninteresse i spørsmålet om kven som skal vere verje. Det bør difor ikkje vere høve for pårørande å krevje byte av verje. Dette vil medføre ei unødvendig auka av Fylkesmannen sin ressursbruk.

Vi vil likevel peike på at vi uansett i dag tek førespurnader om byte av verje og bekymringsmeldingar knytt til verja si utføring av oppdraget frå pårørande og andre på alvor. Vi gjer alltid undersøkingar i tråd med førespurnaden, og i dei tilfella vi finn at det er til det beste for verjehavar, eller nødvendig ut frå omsynet til vedkommande, blir verja fråteken oppdraget. Vi meiner dette ivaretek både verjehavar og dei pårørande i tilstrekkeleg grad og gjer at det ikkje er nødvendig at pårørande blir gitt ein lovfesta rett til å krevje byte av verje.

Endring til verjemålslova § 54

Føresegna legg ikkje opp til at fylkesmannen eller verja skal få tilgang til opplysningar frå gjeldsregisteret, berre verjehavar sjølv. Dette gjer det tungvint å innhente fullstendige opplysningar i saker om fråtaking av rettsleg handleevne. Vi har forstått det slik at Statens sivilrettsforvaltning har meint at gjeldsregisteret skal vere til hjelp for fylkesmannen. Då meiner vi gjeldsregisteret også må nemnast eksplisitt i § 54.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Konsekvensar av oppstartssats

Regelverket opnar allereie opp for timegodtgjering i oppstarten av oppdraget. Vi forstår at det er nokre skilnader i praksisen rundt dette i dei ulike embeta, og det er difor vanskeleg for oss å seie noko om dei økonomiske konsekvensane ei omlegging får. Vi trur likevel ikkje kostnadene vil bli så mykje høgare totalt.

Vi meiner det er vanskeleg å anslå kva som blir konsekvensane av at ein høgare fast sats erstattar timegodtgjering i dei fleste saker. I dag innvilgar vi timegodtgjering i saker der verja har hatt arbeid som svarer til det dobbelte av fast sats eller meir. Viss verja i staden får den høgare satsen, vil ikkje verja få betalt for det han eller ho gjer utover det den høgare satsen dekkjer.

Vi trur som tidlegare nemnd heller ikkje at fylkesmannen vil spare så mykje ressursar på ei omlegging av årsakene vi har kome med. Vi meiner endringa snarare vil føre til meir støy blant verjene og kostnadene knyta til dei enkelte oppdraga vil bli mindre føreseielege for både verja og verjehavar.

Ny innskjerpa timegodtgjeringsregel

Det er ikkje lett å anslå kva kostnader dette vil føre med seg og kor mange oppdrag det er aktuelt for. Vi trur likevel det vil gjelde ganske mange fleire oppdrag enn det departementet har tatt utgangspunkt i.

Vi vil også trekkje fram at forslaget slik det føreligg, vil medføre ei auka ressursbruk frå Fylkesmannen sin side når det kjem til desse sakene.

Som departementet slår fast, oppnemnast det i dag i liten grad advokatar i nye oppdrag. Fylkesmannen i Vestland bruker advokatar i ein del mellombelse oppdrag, av grunnane vi tidlegare har nemnd, men i desse sakene dekker verjehavar kostnadene sjølv i dei fleste tilfella.

Når det gjeld eldre oppdrag har vi gjort ein stor jobb dei siste åra med å få ned talet på saker som blir godtgjort etter salærsats, og vi har bytt verje eller endra satsen i mange oppdrag. Dette er eit kontinuerleg arbeid, då det fortløpande skjer endringar i eit oppdrag som gjer at det ikkje lenger er grunnlag for godtgjering etter salærsats. I desse sakene vil vi då endre satsen eller byte verje.

Vi vil også trekkje fram igjen at erfaringa vår er at advokatverjer i mange tilfelle jobbar meir effektivt og bruker færre timar enn ein fast verje, slik at kostnadene ikkje nødvendigvis blir høgare i alle oppdraga der verja får salærsats.

Kva som eventuelt blir innsparinga er usikkert og vanskeleg å anslå. Vi meiner uansett at ei kostnadssparing på dette området ikkje bør vere det einaste omsynet, då vi vil få ein situasjon der enkelte verjehavarar ikkje vil få tilfredsstillande hjelp, dersom forslaget blir vedteke.

Administrative kostnader

Sjølv om vi ønskjer oss eit meir effektivt system, er vi ikkje sikre på om konsekvensane av forslaget faktisk vil føre til ein effektiviseringsgevinst for verjemålsmyndigheita, av dei grunnane vi har trekt fram.

Å utforme eit regelverk som tek omsyn til alle partar på ein tilfredsstillande måte er utfordrande, då verjemålsordninga omfamnar eit stort spekter av forskjellige menneske, med heilt ulike utfordringar og behov. Dette meiner vi vanskeleggjer eit regelverk med for strenge rammer.

Vidare oppfattar vi forslaget slik at det først og fremst er lagt vekt på verjehavar og staten sine interesser. Vi meiner regelverket må ta omsyn til verja i større grad. Vi viser til at rolla som verje er ei tiltrudd stilling, som inneber ansvar og tillit, og godtgjeringa som blir ytt må spegle det arbeidet verjene faktisk gjer. Dersom vi får eit for rigid system, og for høge tersklar for at verja skal få godtgjort den faktiske tida som blir brukt på oppdraga, kan vi få den uønskte situasjonen at vi ikkje vil ha kompetente verjer som er villige til å ta på seg oppdrag. Konsekvensen blir at vi ikkje vil kunne tilby verjetenester til alle som treng det.

Vi meiner difor at den beste løysinga er at systemet med ein fast sats, eigen oppstartssats, og timegodtgjering for dei omfattande sakane bør halde fram. I tillegg til ei opning for å bruke advokatar i fleire typar saker enn forslaget legg opp til. Dette meiner vi er ei rettferdig ordning for både verjehavar og verja, samstundes som verjemålsmyndigheita sitt arbeid ikkje vil vere særleg meir ressurskrevjande enn om dei føreslåtte endringane blir vedteke.

Fylkesmannen meiner vidare at dei faste satsane i alle tilfelle må aukast. Både dei årlege satsane og timesatsen. Det er på høg tid ettersom desse ikkje har vorte endra sidan lova tredde i kraft.

Avslutningsvis vil vi trekkje fram at vi einige med departementet i at eventuelle regelendringar ikkje bør føre til at verjehavar får mykje høgare verjeutgifter. Dette bør likevel ikkje vere til hinder for at det blir gjort endringar som potensielt sett kan auke verjekostnadene totalt sett. Vi legg til grunn at det er samfunnøkonomisk lønsamt at personar som treng hjelp til å ivareta sine retter og pliktar, får dette. Oppfatninga vår er difor at staten bør auke budsjettet til verjeutgifter, dersom det er nødvendig for å sikre ei velfungerande verjemålsordning.

Kristine Tveitane Hansen