🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – Endringer i vergemålsloven og vergemålsforskriften – om godtgjøring til...

LUPE

Departement: Beredskapsdepartementet 1 seksjoner
Høyringinnspel vedrørarende endringar i verjemålslova og verjemålsforskrifta om godtgjering mv

LUPE viser til høyringsnotatet og vi ser positivt på endringane som er foreslått, men vi vil komme med enkelte kommentarer til nokre av dei føreslegne endringane.

LUPE ønsker at vergemål primært skal baseres på frivillighet og ut frå det reelle behovet eventuelle vergehaver har for hjelp og bistand til å ivareta sine rettigheter. LUPE etterlyser ein større vilje til å komme CRPD(FN-konvensjonen for mennesker med nedsatt funksjonsevne) i møte i forhold til vedtak om vergemål. Vi ynskjer ein meir bruk av beslutningsstøtte, framfor overdreven bruk av vergemål, slik vi ser i dag. Svært mange lettere utviklingshemmede klarer fint å ivareta sine rettigheter ved hjelp av beslutningsstøtte eller ein fullmektig.

LUPE ser med bekymring på forslaget om økning i honorar, då dette vil medføre stadig fleire unødvendige utgifter for vergehaver. I svært mange situasjoner har vergehaver ei uføretrygd på 2,91G brutto, netto vil utbetaling ligge på ca. kr. 18.000,- månadleg i tillegg til alle andre utgifter vedkommende måtte ha. Vi meiner derfor at eit eventuelt honorar og oppstartsutgifter må dekkes av staten eller fylkesmannens vergemålskontor, uansett kven som er verge. Vi ser og med bekymring på den belastning ei slik økning vil kunne medføre overfor pårørende som då vil kunne ta på seg vergemålsoppdrag som dei på ingen måte er i stand til å ivareta, for å spare sine barn for denne ekstra utgifta.

LUPE ønsker og eit meir fokus på kor mange vergehavere eit «profesjonelt verge» kan inneha. Vi opplever enkelte verger som har ansvar for 50-75 vergehavere, noko som vi meiner er svært alvorlig, då verge på ingen måte vil være i stand til å ivareta den enkeltes behov for oppfølging på både det personlege og økonomiske hald. Vi meinar at det må innføres ei maksimal grense på antall vergemål pr. verge som ligg f.eks kan ligge på 20 vergemål.

LUPE ønsker og eit betre fokus på opplæring og oppfølging av verge, då vi har opplevd at det er stor forskjel mellom dei forskjellige fylkesmannsembetene. Nokre er flinke med årlege samlinger og opplæring, men vi ser og situasjoner der det ikkje føreligg noko form for oppfølging og opplæring. Derfor meinar vi at ein kombinasjon av både E-læringskurs og samlinger kan være positivt i forhold til både opplæring og oppfølging. Vi støtter og Autismeforeningens forslag om å opprette ein veileder.

Selje 10.09.20 Harald M Kvame Hansen Forbundsleder LUPE