Dato: 17.04.2025 Svartype: Med merknad Høring Norgespris. Høringsfrist 21.04.2025 Ulsteinvik, 17.04.2025 Det bør koste litt å bryte ein avtale, og målet må vere Norgespris med stabil pris over mange år. Norgespris på 40 øre/kWh + MVA er rimeleg for verdas mest miljøvennlege energi, men 40 øre kan hindrar utbygging av meir fornybar energi. Eksempelet med Equinor illustrerer problemet. Equinor fekk sitt nye navn for å profilere produksjon av meir fornybar energi, men berre 0,4% av energiproduksjonen var fornybar i 2023. No trappar Equinor ytterligare ned, og grunnen er analyser av typen NVE gjennomførte i samband med regjeringa sitt mål på 30 GW. Analysen viser at ein auke frå dagens 150 TWh til 280 TWh vil føre til straumprisar rundt 40 øre/kWh i 2050. Når LCOE for flytande havvind truleg ikkje kjem under 60 øre/kWh får utbyggjar eit problem. Equinor må ha inntekter frå olje og gass for å finansiere flytande havvind. Kan problemet løysast? Ordninga med el-sertifikat, som var i bruk mellom 2012 og 2021 tilførte 28,4 TWh. Ei god el-sertifikat ordning kan redusere LCOE frå 60 til 30 øre/kWh. LCOE med subsidier er PPA(Power Purchase Agreement). Med 10 øre/kWh til el-sertifikater viser NVE sin analyse at strumkundane kan tjener 40 øre/kWh. Forklaringa er at uten realisering av 30 GW blir straumprisen rundt kr 1,-/kWh i 2050. Norgespris + MVA+10 øre/kWh = 60 øre/kWh. Då el-sertifikat er ei form for skatt for å oppnå rimeleg straum, bør Statkraft stå for utbygginga. 280 TWh ein gong etter 2050 betyr meir eksport av straum, og inntektene bør kome fellesskapet til gode. Dersom Norgespris og el-sertifikat fører til at 30 GW blir realisert får vi straum til rundt 40 øre/kWh i framtida. Vi kan også få mange industriarbeidsplasser, noko analysen til Menon Economics viser, som tallfester arbeidsplassane i ein havvindindustri til 30000. Ånund Ottesen Gjerdsbakkvegen 53 6065 Ulsteinvik aanundo@gmail.com Energidepartementet Til høringen Til toppen