Dato: 25.02.2025 Svartype: Med merknad Høyringssvar frå Bømlo Kraftnett AS Først vil me takke for eit godt og forståeleg høyringsnotat. Denne høyringa tar opp tema som er viktig for distrikta og spesielt omstilling og vidareutvikling av eksisterande næring som treng "litt meir" kapasitet for å gå over frå fosil energi. I eit pressområde kan ikkje Statnett eller eigaren av eit regionalnett tillate seg å ligge i nærleiken av dei grenseverdiane som blir anbefalt i høyringsnotatet. For distrikta vil derimot forslaga til endring vera kjærkoment, då dette vil pålegge eigarane av sentralnett og regionalnett å alltid ha kapasitet til mindre utvidingar. Bømlo Kraftnett støttar difor opp om forslaga til endring slik dei er føreslått. Me vil likevel påpeike tre ting. 1. Det må ha større konsekvensar for netteigarar som ikkje kan levere på krava. I forslaget kan det sjå ut som at det ikkje har andre konsekvensar enn at eigaren av nettet må rapportere inn til RME om at plikta ikkje kan overhaldast. Bømlo Kraftnett sitt forslag er at i slike tilfelle må netteigar likevel gi tillatelse til tilkopling og sjølv ta den auka KILE risikoen det gir å gå under N-1. Om tilkopling ikkje er mogleg, må det eventuelt gis kompensasjon til kundar som ikkje kan/får lov til å kople seg til nettet. Kompensasjonen må vera av ein så stor størrelse at den er avskrekkande for nettselskapet og gjer at kunde får eit stort bidrag til å investere i alternativ straumforsyning midlertidig. 2. Det er viktig at regelverket for når ein må betale anleggsbidrag har dei same terskelverdiane som dette forslaget legg opp til (1MW for regionalnett og 5MW for sentralnett). Tilpassinga av grenseverdiane for anleggsbidrag må innfasas på likt. (Frå 1. juli) 3. Nye reglar om terskelverdiar for innkreving av anleggsbidrag i sentralnett og regionalett må få verknad for alle eksisterande linjer, sjølv om det er eit vilkår i konsesjonen for linja at det skal krevjast anleggsbidrag. Eksempelvis gjeld dette for linja Blåfalli-Gismarvik. Her må ein sleppe krav om å betale anleggsbidrag for auka kapasitet under 5MW og 20GWh/år. Me håpar at Bømlo Kraftnett sine kommentarar kan bli tatt med i vurderinga av endeleg forslag. Energidepartementet Til høringen Til toppen