Dato: 30.06.2020 Svartype: Med merknad Innspel til NOU 2019:25 Med rett til å mestre Fagleg råd for sal, service og reiseliv (FRSSR) støttar intensjonen i føringane som Lied-utvalet tar til orde for, men er usikre på om det er mogleg å organisere fullt ut for dette. Retten til å fullføre har også ei bakside Det er viktig å ikkje rokke ved eleven sin rett til vidaregåande opplæring og rett til å fullføre. Vi må stille krav til kvalitet på vurderingar, og ikkje kome i ein situasjon der ein gir godkjent vurdering mest for å få kandidatane vidare i systemet. Det kan vere klokt å problematisere baksida av retten til å fullføre. Utvalet held fram at det kviler eit stort ansvar på den einskilde elev om å vere kvalifisert til neste nivå. Det må samstundes kvile eit stort ansvar på skulen for å leggje til rette for elevanes tilbod og sikre meistring og motivasjon. Utfordrande å tilpasse organiseringa At tilboda skal tilpassast elevane/lærlingane sine ulike føresetnader er ein god intensjon. Tilpassa opplæring innanfor eit klassefellesskap er skulen van med og har god erfaring frå. Lied-utvalet, slik vi les rapporten, tenker tilpassinga i form av eiga organisering for elevar som av ulike årsaker ikkje har utbytte av læring innanfor den faste strukturen eller det ordinære klassefellesskapet, og at desse skal få eigne tilbod inntil dei har nødvendige føresetnader for å gå inn i den faste strukturen/fellesskapen. Vi ser ikkje heilt korleis skulen skal planlegge og organisere fag og opplæring med omsyn til verken tilsettingar, planar og kollektiv læring og ikkje minst økonomi, når ein kan få situasjonar der klassa varierer i størrelse og samansetnad gjennom skoleåret. Kva konsekvensar vil dette ha for det sosiale miljøet i klassa, relasjonar og fellesskap? Vil det føre til stigmatisering av dei elevane som blir tatt ut av og sett inn i fellesskapet til ulike tider? Og kva med verdien i det kollektive? Positive til obligatoriske innføringsfag Intensjonen om at det skal tilbydast obligatoriske innføringsfag i norsk, engelsk og matematikk for elevar som treng dette er veldig bra, også at språkopplæring i norsk skal vere integrert i dette tilbodet. Alltid rett til ny opplæring - negativ slagside? At dei som ikkje består fag, har rett til ny opplæring i faget er ein særs god intensjon, men som vil krevje mange ressursar. Å problematisere utfordringane av at eleven alltid skal kunne fortsette ei påbegynt utdanning både for inntak, for skulen og den enkelte elev (organisatorisk og samfunnsøkonomisk) meiner vi er klokt å gjere. Bortsett frå at det er ressurskrevjande, kan ein slik rett ha innverknad også på motivasjon og gjennomføring. Mange arbeider betre under eit visst press. Støtter å utvide vaksne sin rett til utdanning Lied-utvalet sine forslag til å utvide vaksne sin rett til utdanning støttast fullt ut. FRSSR støttar særleg forlaget om at vaksne med betydeleg realkompetanse knytt til ein bestemt sluttkompetanse skal ha rett til inntak til opplæring med denne sluttkompetansen som mål. Verdifull kompetanse blir på denne måten tatt vare på og løfta fram til det beste for den enkelte og samfunnet. Forslaget om at realkompetansevurdering blir ein obligatorisk del av fylkeskommunens søknadsbehandling blir i denne samanheng svært viktig. Slik det er i dag er retten til realkompetansevurdering lite kjent, og mange framsett derfor heller ikkje krav eller ønske om slik vurdering. Utnytting av evnene til den enkelte og verdifull kompetanse for fellesskapet går vi gjerne glipp av slik systemet er i dag. FRSSR støttar at det vert utarbeida nytt verktøy for realkompetansevurdering som fylkeskommunane kan nytte. Strukturen blir mindre A4 Lied-utvalet har mange gode og interessante forslag. Sett frå skuleeigar si side er det verd å merke seg at forslaga til Lied utvalet vil gi ekstra kostnader og logistikkutfordringar då strukturen i forslaga er langt mindre A4 enn i dag. Må ikkje gløyme samfunnsoppdraget Lied-utvalet legg opp til eit meir tydeleg skilje mellom yrkesfag og studiespesialiserande program. Dei ønsker at fellesfaga skal gjennomgåast med tanke på enda sterkare relevans for sluttkompetansen eller yrket. Det er flott at eigenverdien og det særeigne i kvart program vert gjort meir tydeleg. Rapporten kan samstundes lesast som om Lied-utvalet ønsker at fellesfaga i stor og større grad skal tilpassast og vere til nytte for programfaga. Det er fint, men FRSSR vil minne om at vi ikkje må gløyme samfunnsoppdraget vårt som også er å utdanne ungdomane til sjølve «livet» og ikkje berre til eit bestemt yrke. Det at elevanes programfag skal få auka betydning i vekting mellom faga på vitnemålet kan vere positivt, men også her vil FRSSR gjere merksam på at vi ikkje må gløyme samfunnsoppdraget som er å førebu dei unge til meir enn eit bestemt yrke, mellom anna å delta i demokratiet. At Lied-utvalet ønsker g jennomgang av fellesfaga som også omfattar vurdering av behov for auka innslag av de humanistiske faga er FRSSR positive til. Vekting av yrkesfagleg fordjuping opp mot fleksibilitet Eleven på yrkesfag skal ikkje lenger kunne ta timar i yrkesfagleg fordjuping til fag på dei studiespesialiserande utdanningsprogramma eller frå påbygging til generell studiekompetanse, meiner Lied-utvalet. Dette er gode argument med tanke på å styrke fagutdanninga og presisere at det er yrket ein skal fordjupe seg i . Samtidig vil vi peike på at det er viktig at elevane har fleksibilitet og moglegheit til å gjere omval i løpet av opplæringa, utan å måtte vente i fleire år eller starte heilt på nytt. Er det klokt å fjerne opninga for overgang frå Vg2 yrkesfag til Vg3 påbygg? FRSSR meiner at målet må vere at dei aller fleste går ut i lære etter Vg2 yrkesfag, og at eventuell påbygg til generell studiekompetanse vert gjennomført etter fagbrev. Vi er likevel usikre på om Lied-utvalet sin absolutte stengsel for at ungdomane kan gjere feilval og såleis ønske å gjere omval til påbygg før dei er utdanna i eit yrke er klokt. Erfaring viser at mange unge er usikre på å velje eit yrkesfag som dei kjenner seg «låst i» i svært ung alder. Ikkje minst opplever vi at foreldre kan vere usikre på yrkesfag og av den grunn kunne råde ungdomen frå å velje denne retninga. Eit argument for å få gode og svært verdifulle søkarar til yrkesfag (som nasjonen er avhengig av) er nettopp at fleire tør velje denne vegen. Det vert enklare å velje yrkesfag dersom eleven veit at det er rom for å ombestemme seg om dette skulle vise seg å vere heilt feil. Eit absolutt skilje og stengsel vil kunne redusere rekrutteringsgrunnlaget og det enkelte yrkesfag sin moglegheit til å vise seg fram. Kanskje nålauget for å komme direkte inn på påbygg etter Vg2 skulle skjerpast? Positive til yrkesfagleg påbygging Vi er svært positive til at Lied-utvalet føreslår å innføre yrkesfagleg påbygging for elevar som har fullført et studiespesialiserande utdanningsprogram, der elevane bruker nødvendig tid på å tileigne seg den yrkesfaglege kompetansen avhengig av kva yrkesfagleg program den enkelte vel å ta påbygg til. Bra for den enkelte elev og ein særs viktig rekrutteringsveg for komande dyktige fagarbeidarar. Klokt å sjå nærare på påbyggingstilbodet Lied-utvalet har problematisert kva det vil seie å være studieførebudd, og stilt spørsmål om ein er godt nok studieførebudd dersom ein ikkje har valt studiespesialiserande program i vidaregåande opplæring frå starten av. Lied-utvalet stiller spørsmål om påbyggstilbodet gir den breidda og fordjupinga ein treng for å være studieførebudd ( inkludert Y-vegen). Dette er gode spørsmål å stille, og det kan vere klokt å sjå nærare på faginnhaldet og samansetnaden av fag i påbyggingstilbodet, også faga på studiespesialiserande program i seg sjølv. FRSSR er også positive til at tida til å ta påbygg til generell studiekompetanse er føreslått utvida. Viktig å ikkje stenge ut dei som ikkje valte studieførebuande program Samla sett les FRSSR at Lied-utvalet konkluderer med at studietilbod i universitet og høgskule er ein veg for alle som har nødvendig grunnlag eller føresetnader. Det er vi glad for, og meiner fokuset må vere på å legge til rette for at alle komande studentar har dei nødvendige føresetnader for å gjennomføre eit studie i universitet- eller høgskule. I ei tid der ein snakkar om behovet for livslang læring, etter- og vidareutdanning, større faglege formelle krav i alle yrker, og meir kompliserte yrker på alle nivå, og der vi har eit godt utbygd høgskulesystem med eit breitt utval av enkeltfag og høgare fagutdanningar, som nettopp kan bidra til det omtalte faglege påbygget, er det klokt å utnytte utdanningssystemet vi har, og ikkje stenge ute dei som frå starten av ikkje valte studieførebuande program på vgs. Det å ta utdanning er eit gode som fellesskapet finansierer og såleis eit gode mange ønsker å få ta del i. Positive til forslag om roller og styring Når det gjeld roller og styring av vidaregåande opplæring er FRSSR positive til alle forslaga frå Lied-utvalet. Dialogen og samarbeidet mellom fylkeskommunen og Y-nemndene, og fylkeskommunen sitt ansvar og plikt overfor elevane i læretid må styrkast . Til slutt er vi einige i og glad for at Lied-utvalet understrekar at samarbeidet mellom utdanningsmyndigheitene og dei faglege råda må styrkast for å gjennomføre endringar innanfor yrkesfaga. Nøkkelen til god fagutdanning er nettopp å samle ressurspersonar som evnar å sjå samanhengar ut frå sine viktige, men ofte åtskilde ståstadar. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"