Dato: 18.06.2020 Svartype: Med merknad «Med rett til å mestre» har Lied-utvalet så flott kalla utgreiinga si der dei blant anna foreslår å redusere talet på timar i framandspråk. Den som nokon gong har prøvd å meistre noko som helst, veit at det ein først av alt treng, er tid, og at desto meir tid ein har, desto betre kan ein meistre. Demokrati og medborgarskap er eit viktig kjerneelement i læreplanfornyinga, og det er sentralt i skulen sitt danningsperspektiv. Språk handlar om å forstå og bli forstått, og dette gjeld både i utdanninga, arbeidslivet og i fritida. Interkulturell kompetanse i eit globalisert samfunn er heilt avgjerande for å delta i demokratiet som god medborgar, og verda er langt frå berre engelskspråkleg. Språkfaga gjev elevane nye perspektiv på verda og dei sjølve, slik læreplanen i framandspråk ønskjer å oppnå, og interkulturell kompetanse er heile formålet med opplæringa i framandspråk. Den nye læreplanen i framandspråk nivå II seier at elevane skal utforske og gjera greie for mangfald, samfunnsforhold og historiske hendingar i området der språket blir snakka, og sjå samanhengar med eigen bakgrunn. Språk og kulturkunnskap om andre land kan førebygge konfliktar og splitting i eit fleirkulturelt samfunn, og det kan motverke framandfrykt. Kunnskap om andre kulturar enn den engelskspråklege er eit viktig hjelpemiddel for samhald og fred i verda og gjev auka forståing og meistring i eit mangfaldig samfunn. Ein rapport frå EUs informasjonsnettverk for utdanning frå 2005 ( https://www.dagsavisen.no/nyheter/innenriks/norske-ungdommerlerer-minst-sprak-1.878843) viser at Norge, saman med Polen, er det landet i Europa som brukar minst tid på framandspråkopplæring i ungdomsskulen. Den gongen var målet framleis at alle norske elevar skulle få opplæring i eit andre framandspråk i tillegg til engelsk, men det vart ikkje gjennomført. Ein reduksjon av timetalet i vidaregåande opplæring vil ikkje få oss lengre opp på den europeiske statistikken. Vi har i dag 225 timar fordelt over to år i framandspråk nivå I og II i vidaregåande opplæring, og dette er eit minimum av det vi treng for å oppnå målet om at elevane både skal meistre språket godt nok og samtidig få tid til å fordjupe seg i språkområdet sin kultur og historie. Ved å redusere timetalet i framandspråk tek ein frå elevane denne moglegheita. Med helsing framandspråklærarane ved Vinstra vidaregåande skule og Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"