På vegne av pådrivarselskapet E134 Haukelivegen AS ønskjer eg å gje følgjande uttale til høyringa. Selskapet vil peike på det prekære behovet for oppgraderingar på E134 , særleg på fjellovergangen mellom Seljestad og Vågsli. På denne strekninga er det svært gamle tunnelar, som er så smale at 2 vogntog ikkje kan passere kvarande utan at dei stoppar nesten heilt opp, og tar inn speila sine. Dette er ikkje ein europaveg verdig.
Vi krev difor snarleg oppstart på Røldalstunnelen mellom Seljestad og Liamyrane, og i neste omgang nye tunnelar mellom Liamyrane og Vågsli. Nye tunnelar vil også vera svært viktig for å betra vinterregulariteten på E134.
Selskapet reagerer også på måten samfunnsnytte vert rekna ut, då nesten ingen prosjekt på E134 nådde opp i SVV sitt innspel frå mars. Vi bed om at det vert lagt til grunn utrekningar for samfunnsnytte på ein lenger strekning, m.a. mellom større byar og ikkje berre samfunnsnytte isolert sett på kvart penkeltrosjekt. Selskapet krev at kunnskapen frå "Øst-Vest utredningen i 2015" vert tatt fram og tatt med i NTP-prioriteringane.
Til slutt vil vi be om snarleg oppstart av KVU for "arm til Bergen", denne vil underbygge mykje av det som vart konkludert på i "Øst-vest utredningen" der ei samla utbygging på E134 hadde ein positiv samfunnsnytte på 26 Mrd
Pål Kårbø ( dagleg leiar)