Nynorsk kultursentrum takkar for høvet til å kome med innspel om universitets- og høgskulelova. Vi har valt å konsentrere oss om kapittel 13 og 14 i utgreiinga.
Nynorsk kultursentrum er ei stifting som arbeider for å fremje nynorsk skriftkultur. Bak stiftinga står fleire universitet, høgskular, fylkeskommunar, kommunar og kulturinstitusjonar. Blant stiftarane er Høgskulen i Volda, Høgskulen på Vestlandet, NTNU, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø, Noregs arktiske universitet.
Kapittel 13 (om § 2-3)
Nynorsk kultursentrum stør framlegget om å føre vidare føresegna om at einskilde institusjonar har særskilt nasjonalt ansvar for å byggje opp, drive og halde ved like museum med samlingar og utstillingar for publikum. Samstundes meiner Nynorsk kultursentrum, som eit museum finansiert av Kulturdepartementet, at museumspolitikken må verte meir samordna enn i dag. Det er positivt at både museum i andre departement (enn Kulturdepartementet) og museum under Sametinget har vore ein del av førarbeidet til museumsmeldinga. I Granavold-erklæringa er det varsla ei museumslov. Dersom denne kjem på plass bør ikkje føresegner i UH-lova gjere at universitetsmusea vert unnateke den då felles museumspolitikken.
Det må vere mogleg å påleggje universitet og høgskular særleg fagleg ansvar. Ein har vore nære på å miste nasjonal ordboks- og språkfagleg kompetanse av di institusjonane ikkje har teke det nasjonale ansvaret i seg sjølv. Då må styresmaktene kunne påleggje dette ansvaret. Som utgreiinga viser kan dette verte gjort gjennom andre verkemiddel enn ein lovparagraf. Det er avgjerande at ein ved ei eventuell fjerning av denne heimelen, viser i før-arbeida til at styresmaktene, gjennom ulike verkemiddel, kan påleggje ulike oppgåver til universiteta og høgskulane.
Stiftinga Nynorsk kultursentrum er svært positive til at lovfestinga av det nasjonale språkansvaret vert ført vidare. Vi viser samstundes til forarbeida til språkmelding/språklov, der det med anna i utgreiinga "Språk i Noreg" av Språkrådet er lagt særleg vekt på stoda for norsk fagspråk. Stiftinga stør innspela frå Språkrådet som er gjengitt i utgreiinga.
Nynorsk kultursentrum meiner lova må synleggjere at «utvikling og vedlikehold» både inneber bruk, utvikling og tilgjengeleggjering, i tråd med foarbeida til lova.
Det er også godt at retten til at studentar skal få eksamensoppgåve på eige skriftspråk vert lovfesta, og dermed også gjeld i private institusjonar. Nynorsk kultursentrum viser til høyringsframlegget til ny språklov og tilrår at ein også i dette framlegget nyttar omgrepet "skriftspråk" om bokmål og nynorsk.
Framlegg til lovformulering vert då:
§ 2-2. Ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk
Universiteter og høyskoler har ansvar for å bruke, utvikle og tilgjengeliggjøre norsk fagspråk.
Institusjonen skal tilby eksamen på det norske skriftspråket studenten ønsker.
Lodve Solholm, styreleiar
Per Magnus F. Sandsmark, direktør