Høringsuttalelse fra Fylkesmannen i Rogaland til m idlertidig forskrift for å opprettholde hogstaktivitet i skogbruket 2020
Me visar til høyringsbrev av 27.05.2020. Fylkesmannen i Rogaland er generelt positive til at det blir innført ei ordning i skogbruket for å avhjelpe konsekvensane av Covid-19.
Det er utfordrande å lage ei ordning som treff godt for dei ulike delane av landet. Før forskriftforslaget kom blei det difor kommunisert frå Landbruksdirektoratet at det skulle leggast til rette for lokalt handlingsrom for å utløyse/legge til rett for aktivitet tilpassa utfordringsbilde i dei ulike regionane. Lokal tilpassing skulle skje i dialog mellom Fylkesmannen, skognæringa og kommunane. Vi kan ikkje sjå at dette i stor nok grad er følgt opp i høyringsutkastet. Dette gjer dessverre at ordninga blir vesentleg mindre treffsikker i Rogaland.
Vidare har me følgjande innspel til dei ulike paragrafane i forslaget:
§3 Tilskot til heilmekanisert tynning og sein ungskogpleie
Dette er lite aktuelt i vår region, men der dette tiltaket nyttast bør det stillast krav til stubbehandling mot rotråte.
§4 Tilskot til heilmekaniserte drifter med høg driftskostnad
I Rogland vil ikkje ordninga utløyse ønska aktivitsnivå fordi tilskotet ikkje vil kompensera for fallet i tømmerpris slik det er innretta no. Allereie no visar innrapporterte gjennomsnittsprisar for april ein kraftig nedgang samanlikna med tilsvarande periode i 2019. Dette er tall frå drifter før Covid-19 slo inn for fullt. Økonomien forverrast ytterlegare ved at ein ynskjer å dra i gong arbeidsintensive drifter med mindre volum/dekar og dårlegare tømmerkvalitet med redusert tømmerverdi og driftsnetto. For at dette skal bli interessant for skogeigar må det vere ein viss økonomi til å dekke planting og skjøtsel, samt gi ein liten netto til skogeigar. Sjølv om ein legg opp til å dra i gong drifter ein elles ikkje ville gått i gong med på grunn av svak økonomi, må i større grad kompenserast for fallande tømmerprisar og auka driftskostnadar for å utløysa ynskja aktivitet. Det burde difor vore opp til Fylkesmennene i dialog med skognæringa å fastsette tilskotssatsane tilpassa utfordringsbilde lokalt.
Eit anna alternativ er faste tilskotssatsar differensiert etter volum per dekar. Eksempelvis tre ulike satsar;
1. 150 kr per kubikkmeter under 15 m3/dekar
2. 100 kr/m3 for mellom 15-25 m3/dekar
3. 70 kr per kubikkmeter over 25 m3/dekar
§7 Rapportering og utbetaling av tilskot
Anmodning om sluttutbetaling er sett til 10. november. I praksis må hogsten vera avslutta i god tid før dette, noko som gir forskrifta svært kort verketid. Me føreslår at driftene må vere gjennomført i løpet av 2020, og at fristen for utbetaling settast til og med februar 2021.