🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - Rusreform fra straff til hjelp

Alver Kommune

Departement: Omsorgsdepartementet 1 seksjoner
Høringssvar NOU 2019:26 – Frå straff til hjelp

Alver kommune støtter hovudintensjonen med rusreforma der reaksjonar mot personar som blir tatt for besittelse og bruk av narkotika overførast frå justissektoren til helse- og sosialsektoren. Alver kommune har nokon kommentarar til utvalets forslag.

Utvalet foreslår ei modell som alternativ straffeforfølging som består av eit pålegg frå politiet med oppmøteplikt til rådgivande eining i kommunen. Rådgivande eining skal vere tverrfaglig samansett beståande av personar med helse, sosial, medisinsk og psykologisk fagkompetanse. Samt barnevernfagleg kompetanse i saker der det er barn under 18 år. I tillegg skal rådgivande eining ha erfaringsbasert kompetanse.

Rådgivande eining skal i kvar sak vurdera om personen som er tilvist frå politiet skal tas inn til samtale eller ikkje. Vurderinga for ikkje å ta ein person inn til samtale er om personen allereie er knytt til eit hjelpeapparat og får tenester.

Jf. s 35, andre avsnitt i forslaget;

«Utvalget foreslår at rådgivningsenheten gis en adgang til å vurdere hvorvidt det er formålstjenlig å kreve at møteplikten oppfylles i det konkrete tilfellet, og til unntaksvis å beslutte at personer ikke innkalles. En slik skjønnsmessig adgang er hovedsakelig tenkt anvendt overfor personer som allerede er kjent for tjenestene og står i kontakt med aktuelle offentlige hjelpetjenester. Dette gir en mulighet til å prioritere bruken av tilgjengelige ressurser på en formålstjenlig måte og kan også bidra til å unngå en uhensiktsmessig belastning for personer som ellers ville bli innkalt til oppmøte med korte mellomrom».

For å kunne vurdere dette, må det undersøkast med andre personar i ulike tenesteområdar og avdelingar. Vil rådgivande eining ha mynde til å foreta ein slik undersøking utan at ein bryt teieplikta?

Alver kommune vil også gje eit innspel på at vi stiller oss undrande til at det ikkje skal vere nokon form for reaksjonar knytt til om ein person ikkje møter til rådgivande eining etter vedtak frå politiet. Og at politiet ikkje skal ha melding tilbake på dette slik at dei kan følgje saka vidare/ være merksame på denne personen. Den signaleffekten det ligg i lovregulering og straffereaksjonar er normgivande og holdningsskapande, og ved og oppheve dette kan det føre til at fleire tolkar rusreforma som ein form for legalisering av rusmidlar. Vårt spørsmål er derfor om det må vere enten eller – straff eller hjelp, eller kan det vere både og – straff og hjelp?

Reforma vil mest sannsynleg føre til ei auke av personar med behov for helsetenester, og gjerne spesielt frå avdeling for psykisk helse og rus. Dette vil krevje meir ressursar enn det ein har i dag, der ein allereie har stor pågang. Derfor stiller vi oss undrande til at det med reforma ikkje følg med ekstra midla r.