Høyring av elfenbeinslav som ny prioritert art, og olivinskog og open grunnlendt kalkmark i boreonemoral sone som nye utvalde naturtypar – merknadar frå Fylkesmannen i Vestland
Fylkesmannen i Vestland ser svært positivt på at det no blir sendt på høyring nye kandidatar til å få status som prioritert art og utvald naturtype. Ingen av dei artane som så langt har fått status som prioriterte er rett nok påvist i Vestland fylke, men vi har hatt svært gode erfaringar med utvald naturtype som forvaltingsmessig verkemiddel. Dette gjeld særleg for dei skjøtselsavhengige naturtypane, og skjøtsel av slåttemark, slåttemyr og kystlynghei har kome i gang på regelmessig basis i mange område. Grunneigarar melder tidvis inn nye kandidatområde i eit omfang som gjer det vanskeleg for Fylkesmannen å følgje opp arbeidet med å få lokalitetane kartlagte, vurderte og innlagte i Naturbasen. For hole eiker har det nok vore litt vanskelegare både for publikum og forvalting å forstå kva statusen som utvald naturtype eigentleg betyr og korleis den skal handterast i praksis, men vi ser likevel at statusen har ført til auka merksemd om den biologiske verdien av gamle tre, og ei meir kritisk haldning til felling av og skade på gamle tre generelt.
Status som utvald naturtype har etter vårt syn hatt ein til dels svært positiv verknad på tilstand og framtisdsutsikter for dei aktuelle trua naturtypane, og har vist seg å fungere som eit vellukka forvaltingsmessig grep. Vi støttar derfor forslaget om å gi elfenbeinslav status som prioritert art, og å gi olivinskog og open grunnlendt kalkmark i boreonemoral sone status som nye utvalde naturtypar.
På lista over berørte kommuner er berre Lærdal kommune ført opp, med to lokalitetar. Arten er påvist i tre område i Lærdal, og i tillegg er den registrert med eit eldre belegg (1968) frå Aurland kommune (og ei nyare registrering utan dokumentasjon) med dårleg geografisk presisjon.
Forslaget om økologisk funksjonsområde vurderer vi som positivt og nødvendig for å gi statusen som utvald art nødvendig effekt. Den føreslåtte radiusen på 35 meter vil nok truleg kunne vere tilstrekkeleg for å sikre dei fleste førekomstane av ein art med dei preferansane den har til veksestad, men ikkje i alle tilfelle. Ved ein av førekomstane i Vestland fylke blir det t.d. tatt ut stein frå ura under berget. Det er uklårt om elfenbeinslaven der berre veks på bergveggane, eller om den også veks på steinblokkene under berget (eit anna førekomstområde er på grov steinur). Så langt har vi klart å halde uttaket litt unna førekomsten, slik at steinuttaket ikkje vil føre til skade på eventuelle veksestader på steinblokker. For slike veksestader vil ein restriksjonsradius på 35 m vere for lite, da tiltak i steinur langt utanfor denne avstanden vil kunne føre til beveglesar i ura og utrasing.
Dette er ein sjeldan naturtype med få og små førekomstar innanfor eit svært avgrensa totalareal, og mange av førekomstane er trua. Vi vurderer det derfor som svært positivt om olivinskog får status som utvald naturtype.
På lista over berørte kommuner er berre Alver ført opp frå Vestland fylke, men den klart viktigaste kommunen i fylket er likevel Stad (den delen som tidlegare heit Eid kommune). Der er det i Naturbasen registrert tre lokalitetar med olivinskog. Grunnen til at dei ikkje har blitt fanga opp ved søk i Naturbasen, er truleg at kategorien «olivinskog» ikkje var eit tilgjengleg val da områda først blei kartlagde, og derfor er klassifiserte som «kystfuruskog» og «sørvendte berg og rasmarker». Lokalitetane er likevel godt kjende gjennom Dag Holtan sin rapport frå 2008 om olivinskog i Noreg., og vil bli oppdaterte i Naturbasen i løpet av kort tid. Naturtypen er best kartlagt i Møre og Romsdal, og berggrunnskart som viser fleire små førekomstar av olivinberg i Nordfjord kan tyde på at det finst ytterlegare nokre få lokalitetar av olivinskog der.
Olivinskogane i Vestland er etter det vi kjenner til ikkje truga av bergverksdrift, men alle førekomstane i Nordfjord er truga av spreiing av gran frå plantefelt i og ved lokalitetane. Gran er eit framandt treslag på Vestlandet, men statusen som norsk art gjer at det ikkje finst krav om nokon form for tiltak mot spreiing frå plantefelta, slik tilfellet er ved planting av andre framande bartre. Den store førekomsten av granplantefelt i fylket gjer granspreiing til eit av dei store trugsmåla mot biologisk mangfald i Vestland fylke, og eit problem det er vanskeleg og kostbart å få gjort noko med. Vi håper derfor at statusen som utvald naturtype også vil føre med seg midlar til skjøtsel/rydding av gran i lokalitetane. At førekomstane er få og som regel ganske små betyr forhåpentleg at ein med relativt små kostnader kan hindre dei negative verknadene som granspreiinga elles vil få i olivinskogane, med utskygging, opphoping av strø og anna.
Open grunnlendt kalkmark i boreonemoral sone:
I Naturbasen er naturtypen så langt registrert med tre lokalitetar i Kvam kommune i det tidlegare Hordaland. I Sogn og Fjordane er det også påvist nokre få lokalitetar med open grunnlendt kalkmark, men så vidt utanfor definisjonsområdet for boreonemoral sone. Ut frå den svært avgrensa førekomsten av naturtypen, og fleire openberre truslar knytte til førekomst nær område med stor menneskeleg aktivitet, meiner vi at status som utvald naturtype er eit logisk og nødvendig tiltak. Med eit samla areal på truleg berre mellom 2 og 3 km2 på landsbasis er dei fleste lokalitetane så små at statusen heller ikkje kan få store samfunnsmessige verknader utover at det nok kan bli nødvendig med ferdselsrestriksjonar i enkelte lokalitetar.