Vedkomande vern av naturtypen olivinfuruskog i Bjørkedalen, Volda kommune.
Det kongelege Klima- og miljødepartement har ute til høyring eit utkast til forskrift for PRIORITERTE ARTER OG UTVALGTE NATURTYPER, der naturtypen olivinfureskog i Bjørkedalen er peika ut.
Bjørkedalen står i ei særstilling knytt til klinkbyggjartradisjonen. Ulike kjelder fortel at frå tidleg 1500-talet har det vore båtbygging her og at det allereie i den fyrste halvdel av hundreåret vart etablert vassager (oppgangssager). Gardbrukarane/ båtbyggjarane i Bjørkedalen har i fleire hundre år, kanskje 1000 år, skjøtta skogen sin med sikte på båtbygging. Store delar av denne furuskogen står på olivingrunn.
Det er desse skogane som i hovudsak fram til midt på 1900-talet, har gitt material til den klinkbygde båtbygginga på Sunnmøre. Framleis er det nokre få som driv skogen sin med tanke på båtbygging. Etter 1970 har båtbyggjarane i dalen vorte vide kjent for å take vare på denne kulturarven gjennom bygging av eldre tradisjonelle bruksbåtar og ikkje minst vikingskip. Det siste skipet, Myklebustskipet (30 m langt og 6,5 m brei) vart ferdig bygd i 2019. Kjelde: F.Sætre, artikkelsamling, «Båtbygging på Bjørkedalen», Bjørkedal kystlag 2019, ISBN: 978-82-303-4166-7.
Det vil vere avgjerande for denne båtbyggjartradisjonen, at dei framleis kan få ta ut skog til båtbygging. I den samanheng vil det vere viktig at ein legg vekt på at skogen må kunne skjøttast på den tradisjonelle måten dei har gjort i fleire generasjonar. Uttak til dette er nødvendig for å kunne oppretthalde den immaterielle kunnskapen knytt til skogforvaltning, materialkunnskap, tilverking av material og båtbygging. Musea på Sunnmøre(MUPSU) har sidan 1930-talet samarbeidd godt og spela på lag med båtbyggjartradisjonen i Bjørkedalen, nettopp for å kunne ta vare på denne kulturarven i framtida. Frå 2019 – 2021 køyrer Mupsu eit prosjekt som går på å ta vare på den immaterielle kunnskapen, der skogforvaltning, materialkunnskap, tilverking, formkonsept, knytt til båtbygginga er hovudfokus.
Med særleg tanke på at Norge er inne i nominasjonsprosessen med å få den nordiske klinkbyggartradisjonen på «UNESCOs representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv» https://www.kulturradet.no/museum-kulturarv/vis-artikkel/-/klinkbygde-batar-nominert-til-verdas-kulturarv , er det viktig å sjå skogforvaltninga i ein heilskap, der menneske og natur har spelt på lag.
Om det vert ein tung og byråkratisk saksgong i søknad om å ta ut skog til båtbygging, kan det bidra til at det vert slutt på denne eldgamle tradisjonen. Der er få båtbyggjar som eig skog att i Bjørkedalen, dei kan teljast på ei hand.
Torbjørn Akslen, avdelingsleiar forvaltning, MUPSU.
Håvard Hatløy, rådgjevar båt og bygningsvern, MUPSU.