🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – forslag til midlertidige endringer i prosessregelverket

Sogn og Fjordane tingrett

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
HØYRINGSSVAR – FORSLAG TIL MIDLERTIDIGE ENDRINGAR I PROSESSREGELVERKET

Vi viser til Justis- og beredskapsdepartementet sitt høyringsbrev om forslag til midlertidige endringar i prosessregelverket (20/1979 ES KMW/TAHE/bj), med høyringsfrist torsdag 30. april kl. 12.00.

Sogn og Fjordane tingrett støttar forslaget, og stiller seg også bak høyringssvaret frå Dommarforeininga.

Vi ønsker å kome med ein merknad til utforminga av § 2 i lovutkastet.

Etter § 2 første ledd, andre punktum, har den tiltalte «krav på forsvarer også i saker som nevnt i straffeprosessloven § 96 andre ledd.» Føresegna står i motstrid til straffeprosesslova § 96 andre ledd, som seier at den sikta ikkje har krav på forsvarar i saker som gjeld promillekøyring, ikkje vedtatt førelegg eller inndraging. Av høyringsnotatet synest det klart at formålet med føresegna er å gjere unntak frå straffeprosesslova § 96 andre ledd berre i dei tilfella retten vert sett utan meddommarar i medhald av lovutkastet § 2 første ledd, første punktum. Sjå høyringsnotatet pkt 4.3.1 siste avsnitt: «Domstoladministrasjonen foreslår at det bør oppnevnes forsvarer i alle saker der retten settes uten meddommere etter dette lovforslaget.» Dette bør etter vårt syn kome fram i lova. Slik forslaget er utforma, framstår det som ei generell oppheving av straffeprosesslova § 96 andre ledd, som er eit praktisk viktig unntak frå kravet om at sikta skal ha forsvarar under hovudforhandling, jf straffeprosesslova § 96 første ledd. Den tiltalte vil i så fall etter utkastet § 2 ha krav på forsvarar under hovudforhandling i alle straffesaker. Det er ikkje i tråd med formålet bak lovforslaget å gje sikta krav på forsvarar i td alle promillesaker som vert behandla med meddommarar, eller alle føreleggssaker som uansett som regel vert behandla utan meddommarar etter straffeprosesslova § 276 første ledd. Det bør difor kome tydeleg fram at det berre er i dei tilfella retten vert sett utan meddommarar i medhald av utkastet § 2 at straffeprosesslova § 96 andre ledd ikkje skal gjelde.

Eit anna spørsmål er på kva stadium under saksførebuinga forsvararen skal nemnast opp. Dersom den tiltalte skal kunne rådføre seg med forsvararen før han eventuelt samtykker til at saka kan gå utan meddommarar, må forsvararen nemnast opp før det er gjort vedtak etter § 2 første ledd, første punktum. Dersom den tiltalte etter å ha rådført seg med forsvararen kjem til at han ikkje vil samtykke, bør straffeprosesslova § 96 andre ledd gjelde under hovudforhandlinga. Vi oppmodar også om ei klargjering av dette.

Sogn og Fjordane tingrett, 30.04.2020