Vi oppfattar hensikta med forskrifta å vere faren for at det ikkje skulle vere tilstrekkeleg arbeidskraft til å utføre vårplantinga i år.
Alt den 30. mars vart det gjort endringar i forskrifta om bortvising av utlendingar utan opphaldsløyve. Ei av endringane var at EØS-borgarar, som skal starte eit arbeidsforhold i ei næring der det er kritisk behov for arbeidskraft, er unnateke. Skogbruk er nemnd som ei av næringane som har kritisk behov for arbeidskraft.
I utgangspunktet skal også alle som passerar grensa inn i Noreg i 14 dagars karantene. FHI har likevel uttalt ved fleire høve at det kan opnast for arbeid i karantenetida dersom dette utføres på trygt vis med omsyn til smitterisikoen.
Vi ser at det likevel vil vere problem for utlendingar som skal jobbe i Noreg å kome seg til og frå landet. Det går få, om ingen, fly og ferjer.
Vi er i ein spesiell situasjon, som vi aldri har opplevd tidlegare. Dette påverkar også styresmaktene si handtering av krisa, og vi har sett nær sagt daglege endringar i regelverk og råd når det gjeld smittevern omkring Covid-19-pandemien.
Vi meiner at noko av grunnlaget for forskrifta falt bort i og med forskriftsendringa 30. mars.
Vi ser likevel poenget med forskrifta. Men i ein røyndom der reglar og råd endrar seg so raskt som det vi har sett døme på dei siste fire vekene, meiner vi det likevel er unødig stivbeint å foreslå eit ekstra sentralt tilskot på 1,30 per plante. Særleg når det i hovudsak skal gjevast til skogeigarforeningane i deira rolle som skogkulturentreprenørar.
Vi er og kjend med at midlane er tenkt omfordelte frå fylkesvise midlar til skogsvegar og drift i vanskeleg terreng, og vi syns også det er ein dårleg idé. Dette er snarare ei omfordeling av tilskotsmidlar frå dei minste skogeigarane til nokre få store næringsaktørar.
Vi foreslår i staden at forskrifta vert endra slik at fylkesmennene vert gjeve løyvingsfullmakt for inntil 10% av fylkesramma av LUF-midlane, samla sett til skogsvegar, drift i vanskeleg og skogbruksplanlegging. Midlane kan gå til tiltak som kan avhjelpe arbeidskraftsituasjonen under vårplantinga og for andre aktørar i skogbruket som er avhengige av utanlandsk arbeidskraft våren 2020.