Dato: 30.03.2020 Svartype: Med merknad Høyring, politiattest for museumstilsette Bevaringstenestene er ei av seks avdelingar i Museumssenteret i Hordaland, og ei fellesteneste for dei konsoliderte musea i fylket med ansvar for eit fellesmagasin for prioriterte gjenstandar. I tillegg tek avdelinga konserveringsoppdrag for mellom anna kyrkjer, Riksantikvaren, Statsbygg, KORO og museum i resten av landet. Avdelinga har høgt fokus på sikring både av gjenstandane på magasin og på konserveringsateliera. Avdelinga har 11 faste tilsette og to på prosjekt. I tillegg hospiterer studentar i konserveringsfaget frå heile Europa på avdelinga i periodar. Vi ser det som ein ekstra tryggleik å kunne innhente vandelsattest frå tilsette på avdelinga og støtter difor forslaget om dette som ei frivillig ordning. Med helsing Torunn Kojan Bøe Avdelingsleiar Bevaringstenestene Museumssenteret i Hordaland Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"