Høyringsuttale frå Fagskolen i Hordaland vedkomande «midlertidig forskrift om tilpasninger i lovgivningen om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleutdanning) som følge av utbrudd av Covid-19».
Fagskolen i Hordaland støttar i hovudsak Kunnskapsdepartementet sitt forslag om «midlertidig forskrift om tilpasninger i lovgivningen om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleutdanning) som følge av utbrudd av Covid-19», men ønskjer å gje nokre betraktningar og problemstillingar knytt til midlertidigheit.
Departementet legg vekt på at tiltaka skal vere midlertidige og at det er viktig å oppretthalde studentane sin progresjon. Dette kan bli ei utfordring i gjennomføringa av fagskuleutdanningane innan helsefaga der studentane med heimel i helseberedskapslova kan bli beordra til arbeid i verksemda. Fagskolen i Hordaland har allereie fått melding frå helseføretak om at utdanning må settast på pause, og at det først etter påske vil vere mogleg å ta opp igjen undervisning, men ikkje stadbasert undervisning. Fagskulen ser derfor føre seg at studentane innan helsefaga kan måtte få nettundervisning utover ein månad, eller så lenge koronaloven er i kraft.
Vidare er fagskulane, som andre verksemder, i ein ressurskrevjande situasjon som følgje av handtering og oppfølging av korona-tiltaka. Fagskulane er også i ein usikker situasjon på grunn av varigheita av tiltaka som kan bli forlenga utan at ein veit kor lenge. Dette gjer at skulen må vurdere å gjere tiltak som kan få følgjer for gjennomføringa av utdanningane etter at tiltaka knytt til korona-situasjonen er oppheva. For å sikre tilstrekkeleg med ressursar og god kvalitet i utdanninga er det viktig at fagskulane må kunne gjere endringar som kan få konsekvens for gjennomføringa av undervisning og eksamen etter at korona-tiltaka er oppheva. Undervisningspersonell ved Fagskolen i Hordaland er i full nett-undervisning og har teke utfordringa med å gjennomføre nettundervisning i full skala på strak arm. Fagskolen i Hordaland er heldigvis godt rusta til å gje utstrakt nettundervisning både i høve til kompetanse og utstyr. Men omlegginga er sjølvsagt meir ressurskrevjande for den einskilde lærar, og pålegg om å utarbeide eksamenssett som tek høgde for ulike scenario vil krevje enda meir ressursar og kan leie til svekka kvalitet i undervisninga.
Forslaget om midlertidigheit i høyringsforslaget står også i kontrast med informasjon frå NOKUT om endring i fagskuletilsynsforskrifta § 3-9 ( https://www.nokut.no/nyheter/nokut-med-dispensasjonsregler-for-a-mote-korona-utbruddet/ ). NOKUT vektlegger i sin informasjon at det kan gjerast endringar denne våren, og fagskulen tolkar dette som at det også må vere mogleg å gjere endringar som t.d. skal gjennomførast i mai månad.
På bakgrunn av dette meiner fagskulen at forslaget som er på høyring bør tydeleggjerast i sin relasjon til fagskuletilsynsforskrifta § 3-9 som ikkje vektlegg midlertidigheit i same grad.