🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - midlertidig forskrift om forenklinger og tiltak innenfor justissektoren...

Gulating lagmannsrett

Departement: Familiedepartementet
Dato: 25.03.2020 Høyring midlertidig forskrift om forenklingar og tiltak innanfor justissektoren for å avhjelpa konsekvensar av utbrudd av Covid-19. Gulating lagmannsrett stiller seg bak høyringsuttale frå Borgarting lagmannsrett og syner til denne. For oss er det særleg viktig akkurat no at reglane om signatur og avseiing av rettslege avgjerder vert utforma slik at dei fungerer effektivt og ikkje skapar utilsikta vanskar. Vi finn i denne samanheng å gje full støtte til dei innvendingane Oslo tingrett har fremja i sin høyringsuttale til forslaget §§ 6 og 7. Vi finn elles særleg grunn til å framheva eitt forhold som er avgjerande viktig for vår vidare drift. I høyringsuttalen frå Borgarting lagmannsrett er dette omtalt avslutningsvis under overskrifta Fjernmøter: "Således bør meddommerne – for å unngå unødig reise og smittefare i den forbindelse – hentes fra den kommunen der retten settes, og ikke fra lagsognet, slik som i dag." Det følgjer av domstollova § 86 at Domstoladministrasjonen har kompetanse til ved forskrift å dela lagsoknet i fleire trekningskrinsar. Etter vår meining gjev dette heimel for at Domstoladministrasjonen kan gje forskrift slik at meddomarar kan trekkjast frå den kommunen der retten vert sett. Ei slik forskrift bør gjevast snarast. Vi føreset at dette vert følgd opp. Med venleg helsing Magni Elsheim førstelagmann Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"