Høyring – NOU 2019:29 Inntektsfordeling mellom regionale helseforetak
Helse Fonna HF viser til brev frå HOD datert 16.12.2019, med invitasjon til høyring av ‘NOU 2019:29 Inntektsfordeling mellom regionale helseforetak’ og brev frå HOD datert 29.01.2020 ‘Oppretting av feil i NOU 2019:29 Inntektsfordeling mellom regionale helseforetak’. Helse Fonna HF vil gi følgjande høyringsuttale:
Helse Fonna sitt overordna syn er at modellen for fordeling av inntekter som utvalet tilrår, er betre enn dagens modell. Modellen nyttar nyare data for å analysere behov og kostnadar, modellen nyttar i større grad analysar og mindre grad skjønn. Grunnen til mindre bruk av skjønn er at analysane denne gongen er så mykje betre at utvalet tilrår at kriteria kan få større vekt. Sjølv om dette er hovudtilbakemeldinga så vil vi knytte følgjande kommentarar til utgreiinga.
Helse Fonna meiner at det er ein styrke for inntektsmodellen om ein kan nytta kriteria i modellen til fordeling av inntekter og bruke minst mogleg skjønn. Helse Fonna meiner at analysane er gode nok til å forsvare 75% vekt på kriteriene.
Sjølv om Helse Fonna støttar at kriteria basert på kostnadsanalyser i størst mogleg grad nyttes framfor skjønn, vil føretaket løfte fram nokre mogelege moment til framtidige revisjonar av nasjonale og regionale inntektsfordelingsmodellar. Sidan analysane av kostnadsnivåa er gjennomført med 22 føretak over 3 år som gir 66 einingar, vil det å legge til grunn eit større utval kunne auka validiteten til analysane. Ein moglegheit for å få dette til, er å vurdere å bruke datamaterialet frå Kostnad per pasient (KPP-data) og ut i frå det sjå på blant anna kostnadsnivået pr sjukehus og teneste.
Med eit breiare datamateriale kunne ein i større grad sjekka ut om dei valde faktorane faktisk gir kostnadsulemper eller kostnadsfordelar for helseføretaka. For eksempel ville det vore interessant å sjekke ut hypotesane om forsking og større sjukehus også kan ha positive effektar på kostnadsnivået gjennom lettare rekruttering av spesialistar og større vaktlag og dermed mindre bruk av eksternt innleie og lågare variable lønnskostnadar.
Utvalet tilrår at gjestepasientoppgjeret skal skje til kostnadsnivået i behandlande region og at nivået skal bli låst til eit gjennomsnitt mellom 2016 og 2017. Denne teknikken gjør at Helse Sør-Aust får betre betalt for sine gjestepasientar enn Helse Vest til ein når snittet av 2016 og 2017 nivået. Helse Fonna meiner at dette ikkje bør vere ei permanent ordning, men må vurderas på nytt ved endringar i dei føresetnadane som er lagt til grunn i denne fordelinga.
Kostnadskomponent i staden for kostnadsindeks
Helse Fonna støtter endringa, men er bekymra over at beløpet som skal til for å jamne ut kostnadane er aukande i og med at regionar som hadde høgt kostnadsnivå i NOU 2008:2 har enda høgare kostnadsnivå i NOU 2019:29.
Helse Fonna sitt overordna syn er at utvalet tilrår ein modell som er betre enn dagens modell. Vi støtter derfor framlegget til samla modell.