Dato: 31.01.2020 Uttale til høyringsnotat Me er bekymra for at det kan verta mindre fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid dersom tenesta vår i tillegg skal driva behandling av psykiske og somatiske plager. I flg endringsforslaget skal tenesta ikkje få nye oppgåver og plikter. Føremålet er likevel at tenesta skal endrast til også å inkludera behandling og oppfølging for både psykiske og somatiske helsetilstander. Dette oppfattar me som sjølvmotseiande. Forskrifta er ikkje tydeleg på kva ein legg i lettare psykiske og somatiske helseplager. Korleis og av kven skal dette definerast? Helsestasjon- og skulehelsetenesta skal utjevne sosial ulikskap . Endringa vil truleg føre til ulike tenestetilbud til barn og unge, sidan kommunane står fritt til å organisere tenesta. Med helsing Leiande helsesjukepleiarar i omegnskommunar til Bergen Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"