🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Uten merknad
Til horingen: Høring - Forslag til endring av regler om turistfiske

Fredheim hus og hytter

Departement: Familiedepartementet
Dato: 17.02.2020 Svartype: Uten merknad Utleie av hus og hytter er utanom landbruket Norges desidert mest desentralistert næring. Ei næring som er mulig å drive over alt i heile landet og som kan gi kjærkomne inntekter for folk i distriktet. Min erfaring som utleier stemmer absolutt ikkje med påstandane som vert brukt for å redusere utførselskvotene. Til no har eg ingen mistanke om at nokon har teke med meir fisk enn kvote tilseier, og for egen virksomhet har eg god oversikt over dette. Eg har heller til no aldri opplevd at turistar berre skjær ut den beste fileten frå fisken og kastar resten. Mine gjester filitere nøye fisken, med god utnyttelse. Fiskeavfallet skal tilbake til fjorden som mat for anna fisk og bunndyr. Å ta med frosen rund fisk til utlandet vil på ingen måte auke ressursutnyttinga! Skinn og bein må nødvendigvis skjerast bort på eit tidspunkt, og då helst før innfrysing! Når det gjeld innrapportering så er det heilt naturlig at myndighetene vil ha ei oversikt. Korvidt ein treng tettare innrapportering enn i dag med ein gang pr mnd stiller eg meg svært undrande til. Data frå innrapporter skal brukast til statistikk. Tettare rapportering gir kun unødig press på utleier, og salgsargument for firma som skal selge datasystem. Som utleier av hytter til fisketuristar så er eg svært skuffa over innholdet i høyringsbrevet. Det virkar som ei mistenkjeleg gjering av ein bransje, mens mi oppleving av fisketuristar er veldig positiv. Det er begrensa kva mengde fisk ein person klarar å få opp fra fjorden med ei fiskestang. Ressursmessig klarar ikkje turistane å gjera store inngrep i fiske bestandane. Samtidig tilfører turistane lokalsamfunn viktige inntekter Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"