HØYRINGSSVAR TURISTFISKE. Nesaren AS, Jørstadvågen, 4187 Ombo.
Då ny forskrift vart innført for to år sidan, såg me det som ein fordel for oss som prøver å driva ei profesjonell utkantnæring. Då ei nettbasert ordning for fangstrapportering kom på plass, løyste det og nokre administrative problem for oss. Det einaste er at det er avgrensa tilgang på internett i vårt område. Og når Telenor seier at koparnettet ikkje skal vedlikehaldast, og leggjast ned om få år, veit me ikkje om det er skikkeleg internett i det heile på anlegget vårt.
Gjestene våre oppfatta og at det var positivt med utvida utførslekvote, og på ei messe me reiser til i Tyskland kvart år, var det tydeleg at dette var ein pluss.
Reiselivsanlegget vårt ligg i Stavanger kommune i Rogaland. På øya Ombo bur det om lag 230 menneske. I turistsesongen vår, (april – oktober), aukar folketalet med vel 20 prosent når me er fullbooka. Det er slik med på å oppehalda både drivstoffanlegg og ferjetilbod. Gjennom komande sesong har me avtalar som gir oss mellom 7000 og 8000 gjestedøger. Over 70 prosent av dette er gjenkjøp, så eg kan seia at me kjenner gjestene våre, og veit kva dei spør etter.
Og det er ingen tvil om at det er fjorden som er attraksjonen, med fiske som aktivitet. Gjennom dei 22 åra me har drive, er det berre ei gruppe som ikkje har vore interessert i å leiga båt. Gjestene kosar seg med å filetera og pakka fangsten når dei er i land, det og skaper eit miljø som dei er tydeleg positive til. Dei gleder seg til at eigenfiska middagar skal kunna nytast også når dei er heime. Ikkje ein einaste gong veit eg av at dei har tatt med frosen rund fisk. Heller ikkje då ein såkalla trofêfisk kunne plussast på kvoten, såg eg nokon av gjestene våre nytta seg av det.
Difor er dette forslaget om at det berre skal kunna førast ut rund, sløya og hovudkappa fisk, så øydeleggjande for det me har bygt opp. Det heng og saman med at når tyskarane, (som eg kjenner best), lagar ein fiskemiddag, så er det steiking i ulike former som gjeld. Og det er utenkjeleg at det vert aktuelt å først frysa ned rund fisk, for å tina opp heime på ein kjøken, og filetera. Ressursutnyttinga vert heller ikkje betre av det.
Når det gjeld utnyttinga av fangsten, er det nok rett at alle ikkje er like gode i fileteringsarbeidet. Men me har lagt til rette med gode sløyeplassar, som og er ein plass der dei kan læra av kvarandre. Avkappet vert ført ut att på fjorden, og går inn att i den biologiske næringskjeden. Det er hundrevis av måkar, (truga art), som er klar når dei 15 båtane våre går ut. Det fuglane ikkje får tak i, vert mat for botndyra. Å sjå føre seg ei anna utnytting på land, er vanskeleg i eit så grisgrendt område som vårt.
Her i Sør-Noreg er det sei som er den vanlegaste fangsten. Me framsnakkar seien som matfisk, også om han har skaffa seg mykje av maten frå lakseoppdrettarane. Det er difor ikkje så lett alltid å fylla den kvoten dei har i dag. Men han er viktig, både for opplevinga, men og som matauk.
Eg skjønar ikkje korleis departementet tenkjer når dei meiner at ei slik ny ordning skal styrkja og profesjonalisera turisfiskenæringa. Fileteringskniven er komen, fryseboksen er komen, vakumpakkinga er komen. Skal ein slå ein strek over fleire av desse hjelpemidla, reknar eg at turistanlegget vårt går mot ei avvikling.
Me har planar om utviding og fornying. Me har hatt ein vekst i dei seinare åra, og me har sett at etter at Danmark innførte restriksjonar på uttak av torsk, har me fått gjester som tidlegare reiste til Langeland i Danmark. På den truleg største spesialmessa retta mot turistfiske i Tyskland, i Magdeburg, ser me at tilbydarar frå fleire land er aktive. Irland, Skottland, Island og Færøyane viser seg meir fram. Sjølvsagt er både Danmark og Sverige også på plass.
Det er difor konkurranse om gjestene, i alle fall her i Sør-Noreg. Og me kan ikkje sjå at anlegget vårt kan brukast mot andre turistgrupper. Til det ligg me altfor lite sentralt til. Heller ikkje har me så mykje anna å visa til enn fjorden som attraksjon. Det hender sjølvsagt at familigrupper tar ein dagstur til Preikestolen, eller ein bytur til Stavanger. Men det er ikkje grunnen til at dei kjem til oss. Og ein slik attraksjon som nordlyset har vorte lengre nord i landet, kan me heller ikkje smykka oss med. Sesongen er sommarhalvåret, og attraksjonen er fjordfisket.
Difor ser me og at tilbodet vårt er prisfølsamt. For få år sidan auka me prisane med 10 prosent, etter at dei hadde lege faste i om lag 10 år. Med ein gong gjekk bookinga ned 10 prosent. Likeeins kunne me ikkje leggja ein auke i mva-satsen for nokre år sidan over på gjestene, det måtte me ta sjølve. Med bakgrunn i dette, ser eg det svært negativt om ein innfører ei slag sjøfiske- og utførsleavgift. Eg har fått nyss i at Yes Seafishing arbeider med eit slikt forslag. Dersom det vert gjort om lag slik dei tenkjer, vert det ein ekstra kostnad for gjestene våre i ein sesong med full pakke, 200 000 kr. Med våre erfaringar med prisar, reknar eg at vår netto må reduserast tilsvarande.
I det heile er vår erfaring at me tåler dårleg negative endringar. Ein kan kanskje då seia at næringa ikkje er berekraftig, og ikkje har livets rett. Det lyt me i så fall ta følgjene av.
Men eg bed likevel om at dersom så gale skulle vera, og den føreslåtte endringa vert gjennomført, at ein ventar til neste sesong, 2021, før det trer i kraft. Då kan ein unngå at gjestene føler seg lurte, og har kjøpt eit produkt me ikkje kan levera.
I tillegg bed eg om at det vert tatt høgde for at slike reiselivsanlegg som vert råka av endring, kan splittast opp og seljast som fritidshytter/eigedommar for å unngå store tap ved konkurs. Eg veit sjølvsagt at det er meir opp til lokale styresmakter som har mynde i regulering- og fråskiljingssaker. Likevel vonar eg at signal om at dette kan vera ein utveg, kjem frå regjeringshald.
Jørstadvågen, 4187 Ombo, 8. februar 2020