🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – NOU 2019: 18 Skattlegging av havbruk

MDG Kvinnherad

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar frå MDG Kvinnherad

NOU 2019: 18 Skattlegging av havbruk

Miljøpartiet Dei Grøne i Kvinnherad meiner at skattar og avgifter til oppdrettsnæringa bør fungera som insentiv for overgang til meir bærekraftig havbruk. Bruk med lukka anlegg bør dermed få tydelege skattefordeler kontra dei som driv opne anlegg.

Det er avgjerande at vi får meir kontroll på konsekvensane som opprettsnæringa har på livet i sjøen. Når vi forvaltar fellesskapet sine naturressursar, er det naudsynt med eit langsiktig perspektiv, slik at komande generasjonar også kan nyte godt av desse ressursane.

Utover dette tykkjer vi at NFKK (Nettverk Fjord- og Kystkommuner) har fornuftige forslag om Havbruksfondet og fordelingsnøklar i sitt høyringssvar.