🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – Forslag til lov om mediestøtte

Kringkastingsringen

Departement: Familiedepartementet
Dato: 16.01.2020 Svartype: Med merknad Kringkastingsringen er ein medlemsorganisasjon som arbeider for mest mogleg nynorsk, dialekt og samisk i allmennkringkastinga og i media elles. Me takkar for invitasjon til å meina noko om framlegget til lov om mediestøtte. Vårt innspel: Den trykte pressa er særs viktig for eit levande norsk språk. Det må vera nemnt i det sentrale styringsdokumentet for mediestøtta. Me gjer framlegg om fylgjande tillegg under paragraf 5: «Ordningen skal også styrke norsk språk og fremme likestilling mellom bokmål og nynorsk, og sikre vern og status for de språkene som staten har ansvar for.» Argumentasjon: Det er ikkje noko vanskeleg å vera samd i dei fleste premissane for framlegget til ny mediestøttelov. Det er viktig med ei uavhengig presse og at utvalet av medieorgan er mangfaldig på alle tenkjelege måtar. Samstundes er det openbert at statlege støtteordningar har meir enn berre éin funksjon. Slik er det også med mediestøtta. Eit døme er dei ulike krava som er nedfelte i NRK-plakaten. Men også i den gjeldande avtalen mellom staten og TV 2 om «levering av kommersielle allmennkringkastertjenester» frå 2018, er det t.d. eit punkt om at båe dei offisielle norske målformene skal nyttast. Utvalet som leverte NOU 2017: 7 Det norske mediemangfoldet — En styrket mediepolitikk for borgerne har med eit punkt om dette, under korleis dei oppfattar mandatet sitt: «Utvalget vil understreke at alle norske nyhetsmedier, herunder allmennkringkasterne, har sentral betydning for Norges språk og kultur, og legger denne forståelsen til grunn for sine vurderinger. Særlig er det grunn til å fremheve hvor stor betydning mediebruken av nynorsk og samisk har for denne målformen og dette språket.» Til Meld. St. 17 (2018–2019) Mangfald og armlengds avstand — Mediepolitikk for ei ny tid som har ført fram til dette framlegget kjem inn på dette poenget: «Mediestøtta er viktig for å bevare eit mangfald av medium og journalistisk produksjon over heile landet. Nyheitsmedia som mediestøtta er til for, har samfunnsverdi – for demokratisk meiningsdanning, for kontroll av maktutøving og for språk , kultur og identitet.» Ein treng faktisk berre lesa framlegget til denne lova for å finna fleire døme. Paragraf 6 om samiske media syner at det er teke andre omsyn enn berre det som styrkjer den redaksjonelle fridomen. Det skulle difor vera mogleg for departementet å skriva inn eit punkt som handlar om nynorsk utan å skipla målet med lova. Det har dei ikkje funne plass til. Kringkastingsringen meiner at det ikkje held mål. Akkurat no er Kulturdepartementet i ferd med å leggja siste hand på eit Utkast til lov om språk (språklova). I framlegget heiter det i paragraf 1: « Føremålet med lova er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. Lova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre vern og status for dei språka som staten har ansvar for.» I høyringssvaret vårt til det utkastet skreiv me m.a.: «Store delar av norsk presse lever godt på rause statlege støtteordningar som t.d. pressestøtte og momsrefusjon. (...) NRK er den einaste verksemda som har eit talfesta krav om bruk av nynorsk. Dagbladet nyt godt av desse støtteordningane, men har samstundes eit forbod om nynorsk på redaksjonell plass. Det går ikkje heilt i hop. Ei språklov som slår fast at styresmaktene har eit ansvar for å fremja norsk språk, vil vera eit godt grunnlag for å sjå på dei ulike statlege støtteordningane til pressa som støtteordningar for norsk språk.» Dette står me framleis ved. Me meiner at departementet ikkje kan springa i frå det overordna ansvaret dei har for å ta vare på dei offisielle skriftspråka i Noreg. Venleg helsing Kathrine Nygård styreleiar Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"