Dato: 17.01.2020 Svartype: Med merknad Noregs Mållag sine innspel til mediestøttelova Korleis mediastøtta vert utforma har noko å seie for språkpolitikken i landet. Språket i avisene er ei viktige kjelde til skriftspråket vårt. Og eit av dei alle hyppigaste møta med språket i skrift for mange. Særleg er nynorskavisene avgjerande for at nynorskbrukarane skal kunne sjå sitt språk rundt seg. Og det rike talet nynorskaviser rundt om i Noreg er heilt avgjerande for statusen og synlegheita til nynorsken. I NOU 2017: 7 Det norske mediemangfoldet — En styrket mediepolitikk for borgerne skriv utvalet: «Utvalget vil understreke at alle norske nyhetsmedier, herunder allmennkringkasterne, har sentral betydning for Norges språk og kultur, og legger denne forståelsen til grunn for sine vurderinger. Særlig er det grunn til å fremheve hvor stor betydning mediebruken av nynorsk og samisk har for denne målformen og dette språket.» I Meld. St. 17 (2018–2019) Mangfald og armlengds avstand — Mediepolitikk for ei ny tid står det: «Mediestøtta er viktig for å bevare eit mangfald av medium og journalistisk produksjon over heile landet. Nyheitsmedia som mediestøtta er til for, har samfunnsverdi – for demokratisk meiningsdanning, for kontroll av maktutøving og for språk , kultur og identitet.» Gong på gong har ein altså slege fast kor viktig media i Noreg er for språka våre. Likevel er dei språkpolitiske aspekta ved mediestøtta heilt fråverande i det nye framlegget til ny lov om mediestøtte og i høyringsnotatet. Berre omsynet til samisk språk er teke med. Noregs Mållag meiner det bør kome klårare fram i lova at mediestøtta og skal stø opp om språkpolitiske mål. Framlegg til endring: § 1 tillegg: Noregs Mållag meiner mediestøttelova bør ha eit språkpolitisk føremål: «Mediestøtteordningane skal støtte opp om norsk språkpolitikk og bidra til at norsk, med skriftspråka bokmål og nynorsk, er samfunnsberande språk, og sikre vern og status for dei språka som staten har ansvar for». § 5 Produksjonstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium I § 6 om tilskot for samiske nyheits- og aktualitetsmedium, er det slått fast at lova alt har eit språkpolitisk føremål. I framlegget til språklova blir det slått fast at «Offentlege organ har eit særleg ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk. Dette omfattar eit ansvar for å fremje det minst brukte skriftspråket.» Noregs Mållag meiner denne formuleringa kan eigne seg i denne lova. Me føreslår difor ny siste setning i første avsnitt av § 5: «Ordninga skal også fremje utvikling av dei norske skriftspråka nynorsk og bokmål. Dette omfattar et ansvar for det minst brukte skriftspråket, nynorsk.» Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"