Dato: 14.01.2020 Svartype: Med merknad Høyring - Forslag til lov om mediestøtte Vi viser til brev fra Kulturdepartementet datert 2. desember 2019 der det vert invitert til å gje høyringsuttale til forslag til lov om mediestøtte. Tro & Medier ønskjer å gje merknader til delar av framlegget frå departementet. Tro & Medier er en tverrkyrkjeleg organisasjon som arbeider for kristen tru og gode verdiar i mediekvardagen . Organisasjonen representerer 28 kristne trussamfunn og har om lag 7500 personlege partnere/støttespillere. Prinsipp I framlegget går det fram at ei ny lov skal styrkja uavhengige medium og dermed auka tilliten til tilskotssystemet og det redaksjonelle innhaldet til tilskotsmottakarane. Samstundes vert det slått fast at lovforslaget skal vidareførast utan materielle endringar. Likevel er det opning for å gjera enkelte tilpassingar av tilskotsforskriftene ettersom forslaget inneber å gje eit nyoppretta råd, Mediestøtterådet, forskriftskompetanse for ordningane. Lovforslaget skal vidare bidra til ei klar arbeidsdeling mellom rådet og dei politiske styresmaktene. Lova skal sikra eit rettsleg rammeverk for korleis Mediestøtterådet skal utøva oppgåvene sine når det gjeld mediestøtte. Det er lagt til grunn tre hovudelement. Det skal etablerast langsiktige rammer for mediestøtta med fireårige styringssignal. Vidare skal det leggjast til rette for faste gjennomgangar av dei mediepolitiske verkemidlane kvart fjerde år. Og for det tredje skal opprettinga av Mediestøtterådet sikra "avstand" mellom dei politiske styresmaktene og media. Merknader til høyringsnotatet Tro & Medier har ved fleire høve tidlegare understreka at mediestøtta må vera plattformnøytral. Det prinsippet ligg også til grunn for noverande støtteordning, men det er likevel eit unnatak for kringkasting, ( "Forskriften er plattformnøytral, og åpner for at det kan gis produksjonstilskudd for publisering på alle plattformer, med unntak av kringkasting") . Hovudmålet med forslaget er mellom anna å leggja til rette for eit mangfald av medium over heile landet kan tilby journalistikk av høg kvalitét. Etter vår oppfatning må plattformnøytralitét og målet om mediemangfald innebera at det også kan gjevast mediestøtte til kringkasting. Dette vil støtta opp om målet om at mangfald av uavhengige og frie medium er ein grunnleggjande føresetnad for staten si oppfylling av infrastrukturkrava i Grunnlova. Tro & Medier støttar opp om forslaget om etablera langsiktige rammer for mediestøtta med styringsignal over fire og at det skal leggjast til rette for faste gjennomgangar av dei mediepolitiske verkemidlane kvart fjerde år. Fram til i dag har mediebransjen (avisene) opplevd at rammevilkåra vert endra på relativt kort varsel gjennom dei rammene som vert fastsett i statsbudsjettet. Framlegget frå departementet vil sikra ei meir føreseieleg ordning for produksjonstilskotet. Det tredje hovudelementet i framlegget er å oppretta eit Mediestøtteråd. I dag er det Medietilsynet som fordeler produksjonstilskotet på grunnlag av rammene i statsbudsjettet. For vår del er vi usikre på i kva grad eit Mediestøtteråd reelt vil verta meir uavhengig i forhold til styresmaktene enn tilfellet er i dag. Etter vår oppfatning er det viktigaste å sikra meir stabile å og langsiktige ordningar. Tro & Medier er glad for at det er etablert støtteordningar til lokale lyd- og biletmedium. Mellom anna har tilskot til digitalisering av lokalradio vore viktig for at også lokalradio får god dekning i tunnelar. Generelt er det likevel langt fram til at DAB-dekninga er tilfredsstillande i heile landet. Støtteordninga til kringkasting er knytt til prosjekt, programseriar o.l., men framleis er kringkasting halden utanfor ordninga med driftstilskot. Etter vår oppfatning er tida inne for å utgreia ei ordning som også inkluderer kringkasting, ikkje minst lokalkringkasting, i produksjonstilskotet. Med vennleg helsing Jarle Haugland (sign) dagleg leiar Tro & Medier Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"