HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET
aud.sunniva.fuhr@valle.kommune.no
Vi viser til brev av 28.10.2019 der Helse- og omsorgsdepartementet ber om synet til høyringsinstansane på forslag til ny e-helselov og endringar i forskrift om IKT-standardisering, med frist 15.01.2020.
1. Valle kommune støttar innføringa av ei ny e-helselov og ser eit behov for at Direktoratet for e-helse skaper oversikt over nasjonale e-helseløysingar, og dessutan at helsetenestene får moglegheit til å påverka utvikling og implementering av digitaliseringsstrategiane innan helse. Valle kommune støttar likevel ikkje denne e-helselova som no er på høyring.
2. Valle kommune meiner det er riktig at Norsk Helsenett får eit ansvar for å levera nasjonale e-helseløysingar. Finansieringa må då i sin heilskap skje via statsbudsjettet. Kommunane må ikkje påleggast finansieringsmodellar som dei ikkje kan påverka, slik forslag om ny e-helselov legg opp til. Å måtte finansiera nasjonale e-helseløysingar vil berre vera mogleg gjennom større reduksjonar av driftsnivået, som vil gå hardt ut over andre tenester i kommunane. Valle kommune er såleis usamd i regjeringsforslaget til finansieringsmodellen av nasjonale e-helseløysingar slik det er no på høyring. Dersom kommunane blir pålagt om å innføra nasjonale e-helseløysingar, kan dette berre skje gjennom statleg fullfinansiering.
3. Med basis i punkt 2 meiner Valle kommune at kostnadene for innføring, drift og framtidig kostnadsvekst frå 2021, og dessutan kostnadsvekst for Norsk Helsenett, grunndata og helseID må bereknast nøye og synleggjerast før eventuelle pålegg om å innføra nasjonale e-helseløysingar.
4. Valle kommune støttar òg KS sitt syn at nasjonale samhandlings- og e-helseløysingar er ein del av den kritiske infrastrukturen i samfunnet, som til liks med annan samfunnskritisk infrastruktur bør vera eit statleg ansvar og såleis finansierast av staten.
Dokumentet er godkjent elektronisk og vert sendt utan signatur.